Høringssvar fra Therese Kristin Utgård

Dato: 02.04.2019

I media, debattar og i lovgivnad, og også i dette forslaget frå Regjeringa, meiner eg det vert lagt eit premiss til grunn:

Det at kvinna ikkje klarer å ta eit så etisk vanskeleg val, som abort er.

I abortlova blir det generelt (etter veke 12, og no også ved fosterreduksjon) lagt til grunn at kvinna sitt val må godkjennast av ei nemnd, ein lege, o.l., altså av ein annan person.

Ein høyrer slike synspunkt også frå enkelte parti, organisasjonar og konservative personar. Det blir nærast framstilt som om kvinna er kynisk og kald, som ei kvinne tek abort over ein lav sko. Som kvinna tek abort så snart ho får høve til det (og dermed kan ein ikkje gje kvinna høve til å velge abort).

Men dette stemmer ikkje med røynda. Røynda er at kvinner vil ha barn. Også når det ikkje er planlagt. Også når bornet er sjukt eller annleis.

Kvinner har gjennom heile histora vore hovudomsorgsyter, både for born, sjuke og eldre. Dermed blir det merkeleg og feil, å skulle framstille abortspørsmålet som noko som kvinna ikkje er i stad til å avgjere sjølv.

Det er kvinna som er fosteret sin beste forsvarar.

Det er kvinna som er nærmast den vanskelege situasjonen det er, å vere uønska gravid. Det er kvinna som har mest kunnskap om helsa si og korleis det vil verke inn på henne og familien hennar, å få eit born. Det er kvinna som skal bere konsekvensane av det, anten ho vel abort eller å bere fram bornet. Difor er det kvinna som må ta valget.

Nokre kvinner er i ein så vanskelig situasjon, at abort blir den einaste løysinga.

Mange er bekymra for sorteringssamfunnet, og ønsker derfor å endre abortlova. Men å stramme inn abortlova, reddar ikkje eit einaste foster. Det viser all forskning.

For sorteringssamfunnet oppstår ikkje i ei kvinnes livmor. Sorteringssamfunnet fins midt i blant oss – i korleis vi snakker til, og snakker om, mennesker med funksjonsvariasjoner. Sorteringssamfunnet handler ikkje berre om å sette pris på, men kva pris vi er villig til å betale for mangfold. I dag er det ganske lite.

Regjeringa er ikkje villige til å betale pleiepenger, fysioterapi, bostøtte, osv, til mennesker med funksjonsvariasjoner. Dette er ytinger som Regjeringa aktivt har teke bort. Ytingar som kunne ha minska sorteringssamfunnet og minska forskjellane.

Regjeringa er ikkje villig til å betale dette for å unngå sorteringssamfunnet. Ein ser forskjellsbehandling – men gjer svært lite med det.

I møte med sorteringssamfunnet, vil eg at Regjeinga, og vi som samfunn, skal handle. Når nokon er uønska gravid, desperate og trengt opp i eit hjørne, bør vi strekke ut ei hand og hjelpe dei ut av hjørnet. Ikkje kome med ein moraliserende peikefinger, eller store, fine ord som ikkje har noko effekt i det heile teke.

Å gi gratis/sponsa prevensjon til fleire unge jenter, har virka godt. Aborttala har falt for desse aldersgruppene. Regjeringa bør utvide slike ordninger til fleire aldersgrupper. Det hadde vore å ta i bruk forskningsbasert kunnskap for å få ned aborttala, og for å betre kvinners helse.

Regjeringa burde gi auka støtte til gravide studenter, slik at fleire turde bere fram bornet. Dette ville hatt svært positiv effekt for kvinna (og familien hennar). I tillegg ville det ha vore vere samfunnsøkonomisk, av di ein unngår komplikasjonar hjå eldre, fødande kvinner, og truleg kan redusere kostnader til fertilitetsbehandling hjå eldre kvinner.

Regninga burde gi støtte til fleire mor-barn-sentre. Regjeringa burde vedta og gi meir midler for auka tilrettelegging for mennesker med funksjonsvariasjoner. Då hadde fleire foreldre turt å bere fram born med funksjonsvariasjonar.

Abort bør vere eit lovlig valg. Men det er vårt felles ansvar, og då særskilt Regjeringa sitt, å gjere abort til eit valg ein sjeldnare og sjeldnare må ta.

Sorterings-samfunnet eksisterer alt, blant oss som lever. Mitt inderlege ønske er, at det er der Regjeringa set inn kreftene. Eg vil at Regjeringa skal kjempe mot abort med tiltak som faktisk redder fostre. Ikkje med tiltak som berre reddar Regjeringsmakt, omdømme, eller eigen samvittighet.