Høringssvar fra Stad kommune

Dato: 07.12.2020

Barnevernstenesta i Stad kommune er i all hovudsak positive til forslag om endringar i forskrift om fosterhjem. Vi er samde i at det som hovudregel skal være eit krav om opplæring før fosterheimen kan godkjennast. Vi er likevel uroa for at unntaksreglane vert for strenge. Det er ikkje berre i akuttsituasjonar og ved plassering i familie- og nettverk ein kan måtte fravike hovudregelen.

Det er eit betydleg problem at Bufetat ikkje gjev tilbod om gode alternative fosterheimar slik situasjonen er i dag. Tilsvarande gjeld det at prosessen frå søknad er levert til kommunen har fått eit tilbod, går seint. Realiteten er då at vi ved enkelte høve endar opp med tilbod om fosterfamilie som har vore på opplæring, men der verken matching, geografi eller økonomiske krav er mogleg å innfri.

Er unntaksreglane for strenge vil konsekvensen kunne være at ein må nytte beredskapsheimar eller at vedtak frå fylkesnemnda fell vekk fordi ein ikkje klarar å etablere eit omsorgstilbod tilbod innan fristen.

Nordfjordeid 07.12.2020.

Bjarte Gangeskar

Einingsleiar barnevern