Forsiden

Høringssvar fra Lindås kommune, avdeling for byggesak

Dato: 12.07.2019

Visar til høyringsnotat om endringar i plan- og bygningslova.

Når det gjeld forslag til endring av § 21-6 Privatrettslege forhold, meiner LIndås kommune at alternativ 1 er det forslaget som vil gje det beste grunnlaget i sakshandsaminga. Dette for at ein får vurdert om dei privatrettslege forholda er avklart før sakshandsaming av ein søknad, og ikkje gjennom seinare klagerundar som dagens lovverk kan opne for. Det bør tydeleggjerast, enten i lova eller forskrift, kva krava til innhald i samtykket bør vera, gyldighet m.m.

Intensjonen bak alternativ 2 er god, men av erfaring blir kommunane part i denne typen konflikt sjølv om det klart er privatrettsleg, så lenge kommunen har fatta eit vedtak.