Forsiden

Høringssvar fra BAR & CIGAR

Cigar som røykjeavvenning

Dato: 09.06.2015

Svartype: Med merknad

Bar & Cigar as

C.J.Hambros plass 2 c

0164 Oslo

 

 

                                                                                           Oslo, 8.juni 2015

 

 

 

Tilsvar standardisert innpakning av tobakksvarer.

 

 

I den grad det er av interesse: Her er nokon tilbakemeldingar på konsumentadferd sigarett vs. cigar samt røykjeavvenning.

 

Den einaste bar i Norge med cigarprofil la ned drifta i vinter.

 

Røykjelova i 2004 førde umiddelbart til ein 50% nedgang i cigaromsetninga: Mange kundar rekna oss ute av drift alt på den tid. Med ein voksenprofil og kvalitetsvarer på økologisk basis held me oss likevel flytande i ein god periode, til glede for våre stamkundar i et miljø fritt for behov for politiressursar og anmerkningar for overskjenking.

 

Over ein periode på over 15 år har me gjort oss ein del erfaringar.

 

  1. Cigar og nyrekruttering:
    Me har ikkje sett nokon kombinasjon av cigar & ungdom generelt. I seinare år har cigar vore konsumert av ”ungdom” på over 30. Me har enno til gode å sjå folk gå frå cigar og over til sigarett.
  2. Cigar og røykjeavvenning:
    Dei fleste i vår bar har røykt medbragte sigarettar. I alle år har me sett ein andel sigarettrøykjarar med intensjon om å slutta. Mange av desse har fått følgjande råd frå oss: Køyr nedtrapping med delmål om kun festrøykjing. I neste fase, nyt kun cigar der inhalering er forbudt. Ha alltid ein cigar på innerlomma slik at ein ”sprekk” kun kan skje med ein håndrulla økologisk cigar. Ikkje byrja med cigarillo fordi den ofte vert eit sigarettsubstitutt. I siste fase går du ut uten cigar på innerlomma. MÅ du ha røyk, er det kun cigar som er lov i henhold til ”kontrakten”. Då har du valget: Vera der du er uten røyk, eller ta steget det er å dra ut av huset på jakt etter ein cigar.

    Nokon av desse har slutta totalt eller havna i cigarnytarane sine rekkjer der snittforbruket er 1-4 cigarar per månad.
  3. Likestilling av cigar og sigarettar:
    Me har sett gjennom vår periode at informasjonen departementet får frå underordna etatar meir eller mindre likestiller dei helsemessige skade mellom cigar og sigarettar. Det er direkte falsum. Ingen forskningsresultat kan visa dette. Konklusjonen i rapportane er ofte som bestillt, men går ein inn og ser på dei konkrete funn, ser ein at cigarrøykjararen kjem godt ut. Dette gjeld også for forbruk ti gonger over det som er det gjennomsnittlege norske nivå av cigarinntak. Kanskje ikkje så overraskande i og med at cigarmannen ikkje inhalerar. Kvifor skal cigarnytaren då få lungekreft? Det får han ikkje. Kvifor skal cigarnytaren få hjarteproblem? Han lever jo lengre enn ikkje-røykjaren! Kvar cigar betyr å finna tid til ein halv times nedstressing. Kva effekt har det på blodtrykket? Sjølv storforbrukaren på 10 cigarar per veke kjem betre ut enn ikkje-røykjaren både når det gjeld lunger og hjartesjukdom.

    Me som har cigar nærmast som hobby, har lenge forundra oss over korleis Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet ukritisk videreformidlar Helse- og Omsorgsdepartementet sine funn uten belegg i statistikk. Korleis kan ein til dømes berre avvisa 10 professorar i medisin som i Aftenposten peika på forskning & passiv røyk med at ”dei skadar saken” (uten at det gjorde inntrykk på Den Norske Legeforening)

    Departementet har ei plikt gjennom høyringar å henta inn så mykje fakta som mogeleg for å belysa tiltak. Heilt tilbake til Tobakkskaderådet si tid har invitasjonar til diskusjon rundt cigar og helse vore avvist. Det tenar kanskje ”saka” men ikkje sanninga. Dermed heller ikkje HOD sitt formål med høyringar. Og for å bekrefta det bransjen har sagt: Forslaget vil utradera våre seriøse spesialforretningar på håndrulla kvalitetscigarar.

 

Departementet bør væra einig i at om den store mengde informasjon, som er innlysande feil, ikkje vert meir korrekt om den vert gjenteken igjen og igjen. Usanne utsakn vert ikkje framifrå med gjentaking.

 

Qui vivra verra.

For Bar & Cigar

Ole G Hauso