Høringssvar fra Peder Lofnes Hauge
Mangel på snusfornuft
Høyring av forslag til innføring av standardiserte tobakkspakningar og gjennomføring av Tobakkskonvensjonen artikkel 5.3 i Noreg.
Først vil eg berre påpeike at det er ei styrke ved det norske demokratiet at det blir opna for breie høyringsrunder slik at regjeringa får høve til å trekke dumme saker. Forbodsiver og paternalisme syner seg å vere rimeleg likt fordelt uavhengig av kva farge regjeringa har. Det er problematisk. Kva farge snusboksane har er derimot ikkje særleg problematisk, sjølv om departementet synest å vere av ei anna oppfatning.
Vidare vil eg kommentere på to av departementets konkrete framlegg. Departementet skriv i sitt høyringsnotat at de ber om «innspill på om det er behov for å regulere boksenes form ytterligere, herunder om de bør pålegges å ha rette kanter».
Nei. Det er ikkje naudsynt. Det er berre dumt.
Departementet har vidare foreslått at «snusboksene skal ha et enhetlig flatt lokk, dette innebærer at det ikke lenger vil være tillatt med et lokk oppe på lokket av snusboksen eller andre designelementer som kan øke attraktiviteten overfor unge.»
Lokket er ikkje eit designelement. Det har ein praktisk funksjon. For meg som snusar skikkeleg snus (General løs) vil ikkje dette ha noko å seie. Forutan at eg i større grad må sjå brukte porsjonssnusar på bakken, på golvet i klasseromma eller i gangane på skulen. (Ja. Elevane kjem framleis til å snuse, sjølv om alle snusboksane ser like ut og blir strippa for «attraktive designelement» og friske fargar).
For ytterlegare informasjon om kvifor dette er illiberal og meiningslaus symbolpolitikk henviser eg til regjeringspartia sine respektive ungdomsorganisasjonar. Dei vil nok ha ei ord med i laget før saka går til votering i stortinget.
Å endre farge på regjeringa endra diverre ikkje innhaldet. Slik er det også med tobakk.
Mvh.
Peder Lofnes Hauge