Forsiden

Høringssvar fra Nettverk for kommunefarmasøytar

Dato: 07.01.2021

Nettverk for kommunefarmasøytar viser til departementet sitt høyringsnotat av 5. oktober 2020 med forslag til ny forskrift om legemidelresept og rekvisisjoner. Departementet omtaler i kapittel 2.5 fritt apotekval. Det blir foreslått i ny forskrift § 2-3 at hovudregelen for fritt apotekval skal oppretthaldast, men at det gis heimel for enkelte unntak når det ligg føre særlige grunnar av praktiske, pasientsikkerhetsmessige og teknisk art.

Nettverk for kommunefarmasøytar støtter dette, da fritt apotekval for pasientar der kommunen har overtatt legemiddelhandteringa kan gjere bestilling av legemiddel meir uoversiktlig for kommunen. I tillegg til at kommunen må bruke ekstra tid og ressursar på bestilling av legemiddel, så aukar det også risikoen for misforståelsar og feilbestillingar. I høyringsnotatet blir det også peika på multidosepasientar med reseptar på vanedannande medisinar som ikkje skal pakkast i multidose. For å ivareta pasientsikkerheten bør desse leverast av same apotek som leverer multidosen. Nettverk for kommunefarmasøytar er einig i dette.

Departementet omtaler i kapittel 2.7 i høyringsnotatet krav til resept og rekvisisjon. I forbindelse med skriftlig rekvirering, og forslag til § 4-2 i ny forskrift, blir det i kapittel 2.7.2 forslått at berre reseptar som blir sendt gjennom reseptformidlaren (e-resept) kan reiterast. Dette for å understøtte målet om at all rekvirering skal skje i elektronisk løysning.

Dette vil per dags dato kunne vere eit problem for sjukeheim, da hovuddelen av sjukeheimar ikkje har muligheit til å forskrive elektronisk gjennom reseptformidlaren. I avsnitt to i same delkapittel blir det påpeikt at innføring av e-resept i sjukeheim, helsestasjon og skulehelsetenestene ikkje er gjennomført, men er under planlegging. Departementet foreslår derfor i avsnitt åtte i same delkapittel, at for helsestasjon og skulehelsetenestene kan papirreseptar reiterast inntil elektronisk løysning er på plass. Dette er tatt inn i forslag til §7-1 i ny forskrift der helsesjukepleiarar og jordmødrer blir gitt rett til å reiterere reseptar som blir framsett skriftlig. Det blir ikkje sagt noko om sjukeheim. Nettverk for kommunefarmasøytar meiner det også må gjerast eit liknande unntak for sjukeheim.

Vidare i kapittel 2.7.2 om skriftlig rekvirering i høyringsnotatet omtaler departementet i avsnitt ni rekvirering på telefaks og til multidose, og viser til Helsedirektoratet sin vurdering om at telefaks ikkje er eit tilstrekkelig sikkert kommunikasjonsmiddel for overføring av pasientopplysningar. Departementet viser til at det pågår utprøving av elektronisk multidose og at på sikt vil rekvirering av multidose skje via Reseptformidlaren og at rekvirering via telefaks vil bli utfasa, men at det vil ta tid før elektronisk multidose er innført hos alle aktørar. Samtidig viser dei til at den nye forskrifta først vil tre i kraft frå 2022. På bakgrunn av dette foreslår departementet i høyringsnotatet at telefaks ikkje blir regulert i forskrifta.

Det er riktig at utprøving er i gang for pasientar i heimesjukepleie og liknande, men ikkje for sjukeheim. Sjukeheim har per dags dato ikkje tilgang til Reseptformidlaren, og vi har uansett ikkje høyrt om nokon nasjonale planer for utvikling og innføring av elektronisk rekvirering av multidose på sjukeheim, verken gjennom reseptformidlaren eller på nokon annan måte. At dette da vil vere klart til 2022 tviler vi på.

Nettverk for kommunefarmasøytar meiner forskrifta og utgreiinga bør sei noko om korleis det er tenkt at sjukeheim skal rekvirerer multidose. Dette er no uklart for oss. Vi meiner det må startast arbeid med å utvikle elektronisk rekvirering av multidose for sjukeheim.

I kapittel 2.8 i høyringsnotatet omtaler departementet krav til føring av innhald i reseptar og rekvisisjonar. I delkapittel 2.8.2 blir det med forslag til § 5-8 i ny forskrift foreslått at det på papirresept berre kan forskrivast A/B-preparat i minste standardpakking eller for 3 dagars forbruk.

Nettverk for kommunefarmasøytar er einige med grunngjevinga for å gjere dette. Det minskar risikoen med forfalskingar av papirreseptar og gir pasienten sin faste lege ein beitre oversikt. Men det kan vere eit problem for sjukeheim. Som nemnt, så har sjukeheim per dags dato ikkje tilgang til elektronisk forskriving. Vi meiner det også her bør gjerast eit unntak fram til elektronisk forskriving er mulig. På same måte som for reiterasjon.

Til slutt vil vi få kommentere at vi synest det er uheldig at ingen av kommunane i landet er inkludert som høyringsinstansar for denne høyringa. Vi håpar at kommunane blir inkludert på framtidige høyringar innan liknande tema som vil påverke legemiddelhandtering i kommunehelsetenesta.

Mvh

Nettverk for kommunefarmasøytar

v/Lars Kjetil Spencer Gloppestad