Høringssvar fra Høgskulen i Sogn og Fjordane

Krav om politiattest for personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta - høyringssvar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane

Dato: 17.11.2015

Svartype: Med merknad

Høgskulen i Sogn og Fjordane har vurdert framlegg frå Helse- og omsorgsdepartementet om at kommunane skal få høve til å stille krav om politiattest i eigen kommune for alt helsepersonell som skal yte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, uavhengig av kva pasient- eller brukargruppe dei skal yte tenester til.

Høgskulen sin Avdeling for helsefag er positive til denne endringa. Innføring av krav om politiattest for alt personell i helse- omsorgstenesta kan bidra til at pasientar og brukarar generelt får tillit til, og kan stole på at helsepersonell og eventuelt andre personar som tilbyr dei tenester ikkje skadar dei på nokon måte. Pasientar/brukarar som mottar helse- og omsorgstenester er svært avhengige av sine hjelparar og det er difor viktig at vi sikrar kvalitet på det personalet som skal hjelpe desse pasientane/brukarane. Dette gjeld både barn, personar med utviklingshemming og personar over 18 år

Samstundes er det viktig å ta omsyn til at politiattesten ikkje skal hindre ein straffedømt i å kome tilbake til yrkeslivet etter at vedkomande har gjort opp for seg. Høgskulen meiner dei foreslåtte endringane i krav om politiattest for personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta ivaretek denne balansen på ein god måte.

Høgskulen meiner at dei foreslåtte endringane bør gjerast obligatorisk for kommunane.

Med helsing

Kari Thorsen

Seniorrådgjevar