Forsiden

Høringssvar fra Fitjar kommune

Dato: 26.09.2022


Det grøne skiftet vil krevja mykje fornybar kraft og dei kommunane som legg til rette for auka produksjon bør få noko igjen for det. Fitjar kommune har eit vindkraftanlegg med 150 MW effekt og eit pågåande prosjekt for å leggja ein 140 MW kabel med straum ut til Noaka-feltet i Nordsjøen via Fitjar kommune. Fleire store næringsaktørar innan produksjon av hydrogen, datasenter og landbasert oppdrett av fisk har store planar i vårt område, men avgrensa nettkapasitet skaper utryggleik om det er fornybar kraft til desse. Det er krevjande å forklare til innbyggjarar og potensielle nye kraftkrevjande næringsaktørar at til tross for at Fitjar kommune har ofra dyrebar natur til både vindmøller og kabeltrasear så har ikkje dette betra tilgangen av fornybar kraft. Fitjar kommune meiner at manglande nettkapasitet er uakseptabelt og ber på bakgrunn av dette om det blir opna opp for at framtidig straumkrevjande næringsaktivitet kan knytast direkte opp mot Nordsjø-kabel (spesielt i høve til framtidig havvind) og at auka nettkapasitet vert prioritert i tida framover.

1. Tiltak for å redusera tida det tek å utvikla og konsesjonsbehandla nye nettanlegg.

Me ser at utvalet føreslår ei rekkje tiltak som kan bidra til å få ned sakshandsamingstida på nye nettanlegg. Desse tiltaka bør ein få på plass omgåande sidan det i region som Fitjar ligg, og sikkert andre stader i landet, er akutt behov for meir kapasitet i transmisjonsnettet. Tiltaka som utvalet føreslår bør føra til raskare og meir effektiv saksbehandling, men me vil presisera at det hastar å få inn meir sakshandsamingkapasitet hos NVE som har ansvar for konsesjonsbehandlinga.

Det bør og vera eit hurtigspor for konsesjonsbehandling i saker der Statnett kan kasta seg med når andre aktørar planlegg anlegg med t.d. sjøkablar. Eit slikt døme har me i vår kommune i samband med at eit oljeselskap skal føra straum i sjøkabel frå Samnanger via Fitjar og ut til eit nytt oljefelt i Nordsjøen.

2. Prinsipp for å ivareta ein samfunnsøkonomisk utvikling av straumnettet i ei tid med stor uvisse om forbruksutviklinga.

Det ligg i tida at det framover vil vera trong for stor kapasitet i transmisjonsnettet over store deler av landet. Fitjar kommune ligg i Sunnhordland som er ein industristerk region med stort behov for elektrisk kraft. I regionen vår vert det produsert mykje straum frå vass- og vindkraft. Regionen vår har store industribedrifter som vil ha ei viktig rolle når me skal gjennom det grøne skiftet. Her har me unik kompetanse med bakgrunn i leverandørindustrien for oljesektoren og ei rekkje andre bransjar. Omstilling og etablering av ny verksemd i Fitjar og resten av regionen krev at me snarast må få tilgang til meir kapasitet i sentralnettet. Verksemdene og kompetansen ligg her i Sunnhordland, noko som krev at nettet vert bygd fram til oss. Det må vera betre å byggja nokre km nytt nett enn å flytta godt etablerte verksemder og masse folk som sit på unik kompetanse.

3. Moglege forbetringar i systemet med tilknytningsplikt.

I vår region har me døme på verksemder som står klar til å etablera seg med ny positiv verdiskaping. Nokre av dei som treng mykje straum får beskjed om at dei må venta fleire år på nye linjer som kan skaffa straumen dei treng. På same tid kan det vera verksemder som tidlegare har fått lovnad om kapasitet utan at denne er teken i bruk, og det er heller ikkje klart kva tid dei vil komma til å nytta den. Det kan ikkje vera rett at aktørar sit på kapasitet utan å bruka den, medan andre må leggja gode prosjekt vekk, eller utsetja dei på ubestemt tid.

Me meiner og at tilknytningsplikta må ha verktøy som gjer at ein kan fråvika først til mølla-prinsippet. Det må vera råd å sjå på t.d. samfunnsnytte og realisme når ein skal prioritera mellom dei ulike aktørane som står i nettkøen.

Det er positivt at utvalet peikar på fleire tiltak som bør bidra til at ein når målet om raskare- men gode prosessar for nettutbygging. Transmisjonsnettet må bli utvikla slik at det legg til rette for framleis busetjing og verdiskaping over heile landet. Men det hastar å komma i gang med bygginga.