Forsiden

Høringssvar fra Øygarden kommune

Dato: 28.09.2022

Øygarden kommune har politisk behandla høyringuttale til NOU 2022: 6 - "Nett i tide - om utvikling av strømnettet". Ferdig handsama saksframlegg ligg vedlagt. Under følgjer også vurderinga i saka.

"Kommunedirektøren meiner at NOU 2022: 6 – «Nett i tide – om utvikling av strømnettet» er ei viktig og relevant utgreiing, både for eigen kommune, men også nasjonalt og internasjonalt. I eit tid med elektrifisering, næringsutvikling og grøn omstilling er utviklinga av straumnettet avgjerande, samstundes som forsyningssikkerheit i Europa er aktualisert som følgje av krigen i Ukraina.

Næringsutviklinga i Øygarden, og særleg rundt energiparken i Kollenes, er avhengig av tilstrekkeleg nettkapasitet og elektrisk kraft for å realiserast. Dette vart også påpeika i Scenarioanalyse og skisse til næringsstrategi, som vart utarbeida av EY i samband med samfunnsdelen til kommuneplanen.

Kommunedirektøren meiner det avgjerande å forbetra og effektivisera prosessen med å utvikla nye nettanlegg. Dersom det lenger tid å utvikla nettanlegg enn det tek å utvikla forbruksprosjekt, kan vi i verste fall risikera at etablering av verdiskapande verksemd og grøn omstilling vert hindra. Lang tidsbruk vil etter kommunedirektøren si vurdering heller ikkje i seg sjølv bidra til å gjera prosessar betre av omsyn til kvalitet og involvering.

Kommunedirektøren meiner at tiltaka som strømnettutvalget tilrår er gode, og kan samla sett bidra til både effektive og kvalitativt gode prosessar. Tiltaka vil også kunna sørga for meir tillit, openheit og samarbeid i utviklinga av nye nettanlegg. Samstundes er det viktig for kommunedirektøren å presisera behovet for god og tidleg involvering av kommunen i prosessar med utvikling av nye nettanlegg. Erfaringar viser at god dialog og involvering er avgjerande for å få til gode løysingar for både kommunen og lokalsamfunnet, men også departementet og bransjen elles. Kommunedirektøren legg til grunn at dette også vert godt ivareteke ved dei tilrådde tiltaka."

Vedlegg