Forsiden

Høringssvar fra Vinje kommune

Dato: 28.09.2022

Vinje kommune stør arbeidet med reduserte ledetider for nye prosjekt.

Likeeins er Vinje kommune samd i prinsippet om betaling for reservasjon av effekt så lenge kraftproduksjon og transmisjonsnett er avgrensande faktorar.

Vinje kommune ynskjer politisk prioritering av tilgjengeleg kapasitet, samt ei aktiv nasjonal styring og formidling av informasjon om kvar det er mogleg å etablere ny næring. Dette vil i dei fleste tilfelle ha ein positiv distriktspolitisk verknad og kunne bidra til ein raskare realisering av nye prosjekt til det beste for det grøne skiftet.

Vedlegg