Forsiden

Høringssvar fra Kvinnherad kommune

Dato: 28.09.2022

Kvinnherad kommune har fått utsett høyringsfrist, men då departementet har streka under at ein les høyringssvara etter kvart som dei kjem inn, vel kommunedirektøren i samråd med ordførar å oversenda saksutgreiinga innan den opphavlege fristen. Kommunen tek atterhald om endringar i teksten etter politisk handsaming, og vil i så tilfelle ettersenda vedtak med endringar. Saka kjem i første omgang til handsaming i formannskapsmøte 06.10.22.

Heile saksutgreiinga følgjer under:

Høyringsuttale NOU 2022: 6 "Nett i tide – om utvikling av straumnettet"

Innstilling frå kommunedirektøren:

Saksutgreiinga vert å senda Olje- og energidepartementet som Kvinnherad kommune sin høyringsuttale til NOU 2022: 6 «Nett i tide – om utvikling av straumnettet».

--- slutt på innstilling ---

Vedlegg:

NOU 2022: 6 «Nett i tide – om utvikling av straumnettet»

Samandrag/Saka gjeld:

Kvinnherad kommune er høyringspart i saka, og er såleis invitert til å koma med høyringsuttale. Bakgrunnen for NOU (Norsk offentleg utgreiing) om utvikling av straumnettet er aukande straumforbruk som følgje av elektrifiseringa av samfunnet og avgrensa kapasitet i eksisterande nettinfrastruktur.

Saksutgreiing:

Kvinnherad kommune er i dag vertskap for eksisterande transmisjonsnett (nasjonalt hovudnett), som gjennom ei konseptvalutgreiing i regi av Statnett er under planlagd oppgradering. I tillegg er det regionalnett i Kvinnherad knytt til Mauranger- og Blåfallianlegga. Vidare er det i Kvinnherad mange eksisterande og planlagde småkraftverk som er avhengige av eit godt utbygd distribusjonsnett. Kommunen har derfor sterke interesser i lovmessige endringar knytt til oppgradering og utbygging av nye nettanlegg. Samstundes vil Kvinnherad kommune gje uttrykk for sterk støtte til mandatet for arbeidet i utvalet, og signaliserer med dette vilje til å vera ein føreseieleg samarbeidspartnar for Statnett og andre netteigarar i slike saker. I denne høyringsuttalen vil kommunen likevel først og fremst knyta nokre generelle kommentarar til dei tre overordna temaa i utvalet sitt mandat, og elles gje nokre avsluttande kommentarar knytt til nettutbygging generelt.

  1. Tiltak for å redusera tida det tar å utvikla og konsesjonshandsama nye nettanlegg

Kvinnherad kommune sluttar seg til tiltaka som er føreslegne for å oppnå redusert tid til planlegging og konsesjonshandsaming, men vil streka under at omsynet til effektivitet ikkje må gå på kostnad av gode miljøutgreiingar og god forankring hos involverte partar. Kvinnherad kommune vil særleg – som vertskapskommune for transmisjonsnett – peika på at utbygging av straumnettet kan ha store verknadar for lokalsamfunna, særleg med omsyn til bandlegging av areal. Det er dermed ikkje sagt at verknadane er negative i seg sjølve, men det er viktig at konsesjonshandsaminga legg opp til ei fleksibel vektlegging av ikkje-prissette konsekvensar.

Kvinnherad kommune vil konkret visa til at sakshandsamingskapasiteten i NVE må styrkast monaleg, slik at handsamingstida i direktoratet for både nett- og anleggskonsesjonar kan reduserast. Det er også svært viktig at auka ressursar til sakshandsaming ikkje går på kostnad av NVE sine ressursar til handtering av naturfare, då det også er ei utfordring for kommunane at NVE har avgrensa kapasitet til å yta bistand i slike saker. Eit klima i stadig endring vil gjera at behovet for bistand innan særleg skredfare helst må føra til ei ytterlegare styrking av direktoratet. Sjølv om dette isolert sett er ei anna sak, finn Kvinnherad kommune det likevel naudsynt å streka under i denne høyringa.

  1. Prinsipp for å ivareta ei samfunnsøkonomisk utvikling av straumnettet i ei tid med stor uvisse ved forbruksutviklinga

I samband med oppgradering av eksisterande nett bør Statnett, jamfør Kvinnherad kommune sine kommentarar i pkt. 1, ha naudsynt handlingsrom til å legga vekt på lokale moglegheiter for samfunnsutvikling når ein vurderer særleg erstatning av eksisterande linjer.

Dette bør i tilfelle få grundig omtale i ein eventuell sektorrettleiar for samfunnsøkonomisk analyse av nettanlegg.

På generelt grunnlag er det dessutan viktig at Statnett, der dette er aktuelt, har kunnskap om regionale planar for utbygging av til dømes vegar, bruer og tunnelar. På denne måten kan samferdsleprosjekt og nettutbygging sjåast i samanheng, og såleis bidra til å både redusera kostnadane og auka nytteverdien for begge tiltaka. Dette kan vidare føra til at den samla nedbygginga av urørt natur blir redusert.

Behovet for utbygging av ny fornybar energi i Noreg er ikkje tvilsamt, og det er viktig at Statnett og andre netteigarar i samband med nettutviklinga tek omsyn til alle moglege energikjelder. Spesielt er Kvinnherad kommune oppteken av at nettkapasiteten og tilknytingsmoglegheitene ikkje må vera til hinder for maksimal utnytting av småkraftpotensialet i heile landet. I den samanhengen er forbetra overføringsnett mellom landsdelane det mest kritiske, medan samhandling mellom Statnett og dei regionale nettselskapa for best mogleg utnytting av småkraftpotensialet må vera sjølvsagt i det vidare arbeidet med nettutvikling.

  1. Moglege forbetringar i systemet med tilknytingsplikt

Kvinnherad kommune sluttar seg til at det er svært viktig å få på plass gode, offentlege kart over ledig nettkapasitet. Kommunen sluttar seg også til at det er naudsynt å få betre totaloversikt over etterspurnaden. Samstundes bør kriteria for organisering av kø ved manglande kapasitet ta omsyn til moglege alternative løysingar. Døme på dette kan vera at verksemder ikkje utan vidare får tidsmessig plassering i køen dersom tilknyting til nettet inneber større utbygging av nettet i ein region, og det samstundes er mogleg å etablera verksemda annan stad i same region der det frå før er ledig kapasitet. Internt i ein region bør derfor rimeleg moglegheit til lokalisering på stader med ledig kapasitet vektleggast når ein gir plass i køen.

Kommunen vil elles visa til uttale frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som skriv at det ikkje kan vera rett at einskilde aktørar sit på kapasitet utan å bruka den, slik at andre aktørar kan måtta legga vekk eller utsetja sine prosjekt. Kvinnherad kommune er samd med Samarbeidsrådet i at dette bør adresserast i samband med endringar i systemet for tilknytingsplikt.

Avsluttande kommentarar:

Gode vilkår for etablering av ny næringsverksemd er avhengig av fleire ting, mellom anna tilgang til nettkapasitet, arbeidsmarknaden i området og tilgjengelege kommunikasjonar. I fleire tilfelle kan ein oppleva at vilkåret om tilgang til ledig nettkapasitet er oppfylt, medan tilgangen til arbeidskraft og kommunikasjonar ikkje er tilstrekkeleg. For å oppnå lågare kostnadar til nettutbygging samt redusert behov for nedbygging av urørt natur, bør planlagd nettutbygging i einskilde tilfelle kunna sjåast i samanheng med utbygging av anna infrastruktur, som til dømes nye vegsamband. Dette vil på lenger sikt kunna bidra til ei utjamning av folketalsutviklinga samt reduserte kostnadar for det offentlege. Det er derfor viktig med auka samhandling mellom sektorar, slik at ei samfunnsøkonomisk lønsam utvikling også kan bidra til å oppfylla andre overordna målsetjingar, som til dømes spreidd busetnad og mindre naturinngrep.

Avslutningsvis vil Kvinnherad kommune peika på at ein utover tiltaka for samfunnsøkonomisk lønsemd i nettutbygginga, også bør opna for ei anna kostnadsfordeling. For at ikkje den økonomiske totalbelastninga for verksemder og hushald skal bli for høg, og dermed seinka framdrifta i nettutbygginga, bør det vurderast å etablera nye prinsipp for kostnadsfordelinga som følgje av det aukande behovet for utbygging av nettkapasiteten. I dette ligg at det bør vurderast monalege overføringar direkte over statsbudsjettet dei komande 10–15 åra.

Økonomisk berekraft:

Saka har så langt ein kan sjå ikkje direkte verknad for kommunen sin økonomi, og blir derfor ikkje drøfta her.

Miljø og klima berekraft:

Utbygging av nytt og oppgradering av eksisterande straumnett vil ha både positive og negative verknader for berekraft i eit klima- og miljøperspektiv. Openbert er det mykje å vinna med omsyn til reduksjon av klimagassutslepp, då utvikling av straumnettet er ein føresetnad for å i det heile kunna gjennomføra elektrifiseringa av samfunnet.

Det er likevel ikkje til å unngå at utvikling av straumnettet vil gå på kostnad av urørt natur. Det er viktig å balansera omsynet til utsleppsreduksjonar med minst mogleg negative konsekvensar for naturmangfaldet, noko høyringsuttalen til Kvinnherad kommune også legg tydeleg vekt på.

Sosial berekraft:

Lik tilgang til straumnettet og naudsynt kapasitet er – uavhengig av kor ein bur eller driv næring – viktig for å avgrensa skilnadane i samfunnet. Saka er ikkje veldig relevant med omsyn til sosial berekraft i utgangspunktet, men eit framtidsretta straumnett med tilstrekkeleg kapasitet vil uansett ikkje ha negative verknadar i denne samanhengen.

Berekraftsmål nr 17 – om samarbeid

Saka er del av ein medverknadsprosess, og høyringsuttalen frå Kvinnherad kommune legg vekt på betydninga av eit godt samarbeid mellom alle involverte partar, heilt frå statsrådet til innbyggarane.

Konklusjon

Behovet for utvikling av straumnettet er ikkje omstridd i lys av stadig aukande forbruk som følgje av den pågåande elektrifiseringa av samfunnet. Straumnett er samfunnskritisk infrastruktur, og Kvinnherad kommune må som vertskap for eksisterande transmisjonsnett – og ikkje minst vertskap for stor kraftproduksjon – vera ein aktiv bidragsytar til utviklinga av eit framtidsretta straumnett. Høyringa gir kommunen høve til å peika på tema som er viktige at blir vektlagde i prosessane som følgjer.