Forsiden

Høringssvar fra Ester K Hasle

Dato: 09.03.2020

Eg meiner at det ikkje bør gjevast konsesjon til NorthConnect fordi:

- - NorthConnect er i følgje NVE ikkje samfunnsmessig lønnsam som eige prosjekt, men derimot vil kabeleigarane tene på at eksporten utløyser prisstiging på straum og nettleige i Noreg

- - Analysen om samfunnsøkonomisk verdi inkluderer korkje alternativverdien av å bruke straumen i Noreg, den auka kostnaden kabelen vil medføre for norske forbrukarar (private og bedrifter) eller at den totale klima- og miljøgevinsten vil bli negativ ved ev. byggjing av NorthConnectkabelen

- - Noreg har meir enn nok utanlandskablar til å trygge straumforsyninga her til lands, og NorthConnect sin påstand om positiv klimaeffekt stemmer ikkje, fordi kabelen berre vil «flytte» eksport av norsk elektrisk energi frå kontinentet til Storbritannia.

- - Dersom auka straumpris pga. denne kabelen medfører utflagging av prosessindustrien vår til land som brukar fossil energi, vil klimautsleppa pr produsert eining auke med opptil 8 gonger i høve til dagens produksjonen i Norge.

- - Svekka konkurransekraft for alt næringsliv her i landet pga. økte energikostnadar vil kunne bety massivt tap av arbeidsplassar, og tapte inntekter på milliardar av kroner.

- - Auka straumprisar vil belaste private husholdningsbudsjett kraftig sidan norske bustadar baserer seg på elektrisk oppvarming i motsetning til i Europa for øvrig.