Høringssvar fra kari jægersletten
STOPP NORTHCONNECT!
Vasskrafta er største og evigvarande konkurransefordelen vår. Denne krafta er vårt felleseige, og er ikkje til sals! Vi skal byggje industri i landet vårt, og ikkje vera ein råvareleverandør og bli eit U-land!
Å byggje ein 665 km lang kabel frå Noreg til Skottland, med enorme utgifter og store energitap, er ikkje miljøvennleg, og har ingen klimagevinst! NorthConnect vil auke prisen på norsk kraft. Det vil gjera det lønnsamt å byggje ned meir norsk natur, ikkje minst med vindkraft. Kva som vil skje med kraftforedlande industri her i landet , er eit ikkje-tema!
Eg seier NEI til å sende meir norsk vasskraft til utlandet, altså NEI til NorthConnect! Eg seier JA til å byggje norsk industri med norsk vasskraft, vår største konkurransefordel!