Forsiden

Høringssvar fra FLT avd 086 Høyanger

Dato: 09.03.2020

Nei til konsesjon til NorthConnect-kabelen

Forbundet for Ledelse og Teknikk-avd. 86 vil avgrense krafteksporten og nettleiga for å sikre vedlikehald og fornying av landbasert industri i Noreg. Derfor går vi mot konsesjon til NorthConnect-kabelen og vil, om nødvendig, at Stortinget skal gjere dette vedtaket.

Vi har dette standpunktet fordi vi er overtydde om at NorthConnect vil føre til ytterlegare prisvekst på kraft, med dei konsekvensane det vil få for næringslivet (ikkje minst arbeidsplassane i kraftkrevjande industri), men også for dei økonomisk vanskelegstilte.

Når NVE i si utgreiing om NorthConnect, kalkulerer med prisvekst opp til 3 øre pr. kWh, vil vi opplyse om at for hjørnesteinsbedrifta Hydro Høyanger, vil dette bety ein økonomisk kostnadsauke på opp mot 30 millionar kroner året. Det kan vere kroken på døra for den bedrifta som dagens Høyanger kommune står og fell med.

Auka krafteksport vil føre til eit auka press på utbygging av vindkraft – noko FLT-avd. 86 også er sterkt mot, fordi den betyr ei sterk forringing av både naturlandskap, miljø og friluftsliv i fjellområda våre. Dette vil gjere lokalsamfunnet atskilleg mindre attraktivt enn det er i dag.

For å greie den moglege og miljøvenlege elektrifiseringa av samferdsle o.a., meiner FLT at ein skal satse mykje sterkare på ENØK og oppgradering av allereie utbygd vasskraft. I Høyanger kommune har slik oppgradering ført til atskilleg auka kraftproduksjon, utan at natur og miljø har blitt skadelidande, slik ein var vitne til mange stader i landet i «gamle dagar».

Sidan auka krafteksport på sikt også vil føre til eksport av arbeidsplassar, vil dette også kunne føre til auka klimautslepp. Årsaka er at utbygging av kraftkrevjande industri andre stader i verda, ofte vil innebere bruk av elektrisitet basert på fossil energi som kol, olje eller gass.

På bakgrunn av dette, vil FLT-avd. 86 krevje at det ikkje blir gjeve konsesjon til den krafteksporterande NorthConnect-kabelen, og at Stortinget om nødvendig, vedtek å setje foten ned for slikt skadeverk mot nasjonale og lokale interesser.