Høringssvar fra LO i Ytre Sogn
LO i Ytre Sogn med høyringsuttale: Stortinget må stoppe NorthConnect!
Bygginga av krafteksport-kabelen North Connect til Skottland har ikkje fleirtal i Stortinget. Dei politiske partia som står utanfor Solberg-regjeringa kappast no om å vise motstand mot bygginga av kabelen.
LO Ytre Sogn gler seg over dette fordi det er folk flest og industrien som får rekninga dersom det blir gjeve konsesjon for bygging. NVE har konkludert med at kabelen vil føre til ein auke i straumprisen på 1-3 øre per kWh.
Ein slik prisauke vil påføre Hydro Høyanger åleine ein kostnadsauke på 10-30 millionar kroner året. Dette kjem i tillegg til prisveksten frå dei to kablane som allereie no blir bygd.
LO Ytre Sogn har markert sitt syn på dette tydeleg gjennom at hovudparolen for 1. mai dei siste åra har vore Begrens krafteksport og nettleige – BRUK KRAFTA HER!
Vi er grunnleggjande ueinige i at straum skal vere ei eksportvare. Krafta skal vere ein del av infrastrukturen i landet og ikkje seljast til høgstbydande. LO Ytre Sogn meiner at krafta skal brukast her i landet for å sikre vidareutvikling av industri som er grønare enn industri bygd på fossil energi.
Det må ikkje bli gitt konsesjon til bygging av North Connect.
Med helsing
LO i Ytre Sogn
Lars Kjetil Skeie, leiar