Høringssvar fra Samnanger Senterparti
Høyringsuttale vedrørande bygging av NorthConnect-kabelen.
Gjennom endringar i energilova har regjeringa og stortingsfleirtalet åpna for mogligheita til å bygge ein eksportkabel for norsk straum, den såkalla NorthConnect-kabelen.
NorthConnect-kabelen står og på EU si liste over prioriterte prosjekter, og EU har bevilga 10 mill. euro til prosjektet. Ifølge ein analyse frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som ble offentleggjort 10. desember 2019, vil kabelen kunne innebære ei aukning av straumprisen i Noreg med 1–3 øre/kWh i gjennomsnitt over kabelen si levetid. I tillegg kjem og auking i nettleiga dersom kabelen byggas. I sum vil dette påføre norske forbrukare og industri milliardar i auka kostnadar. Dette vil svekka norsk industri si konkurransekraft og gjere industrien i dårlegare stand til å foreta nye, miljøvennlege investeringar. I tillegg auker faren for tap av arbeidsplassar og verdiskaping i Noreg.
Samnanger Senterparti meiner regjeringa må avslå konsesjonssøknadar om bygging av utenlandskablar som vil bidra til høgare straumpris for Noregs befolkning og industri.
Samnanger Sp viser til at før EU si såkalla tredje energimarknadspakke vart tatt inn i EØS-avtalen, hadde EU allereie vedtatt ein fjerde, og at denne går endå lengere. EU slår sjølv fast at EU sitt energibyrå no har fått «nye viktige oppgåver» både om marknadsovervåking og grensekryssande infrastruktur for straum og gass.
Samnanger Sp viser til at eit av dei såkalla «ufravikelege krava» i avtalen mellom Arbeiderpartiet, Høgre, Framstegsspartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne om EU si tredje energimarknadspakke var at beslutningar om nye utenlandskablar skal være «ein suveren beslutning fatta av norske myndigheiter». Dette kravet brytes i EU si nye energimarknadspakke. I denne kjem det fram at Statnett kvart andre år må senda inn ein tiårig nettutviklingsplan med tidsramme for alle prosjekt til Reguleringsmyndigheiten for energi (RME). Planen må i sin heilhet være tilpassa EU sine nettverksplanar og planar for regionale nett. RME skal passa på at planen er i overeinsstemmelse med EU si tiårige nettutviklingsplan. Om det er tvil om at den er fulgt, skal det rapporteras til ACER. RME kan sjølv be om at Statnetts plan blir endra. Dersom Statnett ikkje gjennomfører ein investering i for eksempel ein eksportkabel for norsk straum som står på Statnetts tiårsplan innan tre år, kan ACER (gjennom RME) presse igjennom kabelutbygginga.
Samnanger Sp vil visa til at den raud-grøne regjeringa i 2013 stod fast på at NorthConnect-kabelen ikkje skulle byggas, og at den skulle fjernas fra EU si liste over prosjekt av felles interesse (PCI-lista). Dette ble gjentatt i brev av 19. september 2013 fra Olje- og energidepartementet som respons på EU si motvilje mot å fjerna kabelen fra PCI-listen:
«Jeg bekrefter den norske regjeringens holdning til at prosjekt mellom Peterhead i Storbritannia og Sima eller Samnanger i Norge bør fjernes fra PCI-listen.»
Etter regjeringsskiftet forsvant motstanden mot å ha NorthConnect på EU si liste over prioriterte prosjekt, og energilova ble endra for å bane veg for kabelen. Regjeringa Solberg si haldning til EU si PCI-liste er uforandra etter behandlinga av EU si tredje energimarknadspakke i Stortinget. Ved siste revisjon av lista tidlegare i år var budskapet fra Olje- og energidepartementet at man «ikkje har noen innvendingar eller kommentarar» til forslaget til liste, der NorthConnect-kabelen fortsatt lå inne.
Dette står i skarp kontrast til det politiske engasjementet på Island, som også har hatt eit kabelprosjekt inne på EU si liste over prioriterte prosjekt. IceLink er planlagt mellom Island og Skottland, og prosjektet har vakt stor debatt på Island. Samtidig med at Island signerte ei felleserklæring med EU om tredje energimarknadspakke, ble det sendt ut ei pressemelding frå utanriksdepartementet og næringsdepartementet på Island, der følgande framgår:
«På regjeringspartienes parlamentsgruppers fellesmøte den 20. mars 2019 ble det besluttet å ta tilbake søknaden om sjøkabelprosjektet Ice-Link inn på den fjerde PCI-listen.»
Resultatet da EU presenterte sin oppdaterte PCI-liste i oktober 2019, var at IceLink var fjernet fra listen, mens NorthConnect fortsatt står på den.
Dersom NorthConnect ikkje fjernas frå lista, vil Noreg i framtida kunne bli pressa til å bygge kabelen. Det vil være spesielt viktig at kabelen er fjerna fra EU si PCI-liste før Noreg eventuelt sluttar seg til den nye energimarknadspakka til EU. Samnanger Sp meiner regjeringa må ta initiativ overfor EU for å sørga for at NorthConnect fjernes frå EU si liste over prosjekt av felles interesse (PCI-listen).
Samnanger Sp meiner for øvrig det er svært viktig med ein brei og grundig debatt om EU si nye energimarknadspakke. Ikkje minst vil det vera viktig på eit tidleg tidspunkt å få ein konstitusjonell vurdering av eventuell tilslutning til EU si fjerde energimarknadspakke, og vi meiner regjeringa må legge fram ei slik vurdering.
Eit siste, men særs viktig moment er at NVE i utredinga si, IKKJE har rekna på kva klimaeffekt ein slik kabel som NorthConnect kan ha. Så vidt me har fortstått, er påstått klimagevinst ein av hovudårsakene til at NorthConnect kabelen ønskes bygd av dei som er tilhengare.
At ikkje grundig og godt dokumenterte utrekningar er med i NVE si utredning er ubegripeleg. Det vert hevda at det vert 2 millionar tonn redusering i Co2 utslepp av NVE sin direktør Kjetil Lund (ref. Debatten i NRK, januar 2020). Medan til dømes Hogne Hongset (i same Debatten på NRK)har rekna at det vil gje auka utslepp av Co2 på 2 millonar tonn.
Samnanger Sp krev:
1. Regjeringa skal avslå konsesjonssøknader om bygging av utenlandskablar som vil bidra til auka straumpris for folk og industri i Noreg.
2. Regjeringa skal ta initiativ ovafor EU for å sørge for at NorthConnect fjernas frå EU si liste over prosjekt av felles interesse (PCI-listen).
3. Regjeringa skal legga fram en konstitusjonell vurdering av eventuell tilslutning til EU si fjerde energimarknadspakke.
For Samnanger Sp
Leiar, Monica Tjønna