Høringssvar fra Eidfjord kommune
Eidfjord kommunestyre vedtok i møte 02.03.2020 å sende inn høyringsbrev i samband med Northconnect prosjektet. Handsaminga i kommunestyret viser i tekst under.
02.03.2020 - Eidfjord kommunestyre
Røysting: 15 røyster for og 2 røyster mot (ESV). Tilråding frå formannskapet vart vedteke med 15 røyster.
|
KST - 20/013 - Vedtak:
Eidfjord kommunestyre støttar NVE sine vurderingar av konsesjonssøknaden til Northconnect.
Eidfjord kommunestyre meiner at gjennomføring av Northconnect vil ha postitive ringverknader på fleire ulike område lokalt og regionalt i Indre Hordaland/Hardanger. Eidfjord kommunestyre støttar NVE sine konklusjonar i sin vurdering av konsesjonssøknaden til Northconnect.
Eidfjord kommune meiner at Betongproduksjon og eventuelle større volumlaster (stein/sand/grus/jord/etc.), som ein ikkje kan ta ut lokalt, må fraktast med båt til Simadal. Dette meinar Eidfjord kommune med må inn som eit vilkår i MTA-planen.
Vedlagt høyringsbrev vert sendt til Olje- og Energidepartementet.
|
Northconnect konsesjonssøknad Simadal - høyringsuttale
Energimyndighetene har til behandling søknad fra NorthConnect KS av 14. juni 2017 om konsesjon for utenlandsforbindelse til Storbritannia, søknad om anleggskonsesjon for samme utenlandsforbindelse av 30. mars 2017, og søknad om unntak fra regelverket om bruk av flaskehalsinntekter, krav om eiermessig skille og krav til å opptre som systemansvarlig nettselskap (TSO).
I brev av 11. september 2017 ba Olje- og energidepartementet NVE om å gje ein samla vurdering av NorthConnects søknadar. Som ein del av NVEs vurdering blei det gjennomført høyring av søknadane våren 2018.
I brev av 4. juni 2019 ba departementet om at NVE baserte si vurdering på "Langsiktig kraftmarkedsanalyse for 2019", som var planlagt ferdigstilt høsten 2019. I samme brev understreket departementet at NVEs vurdering må inkludere ein samla og systematisk beskrivelse av usikkerhetsmomenter med virkning for prosjektet, herunder korleis usikkerhet kan påvirke samfunnsøkonomisk lønnsomhet.
NVE sendte over si vurdering av konsesjonssøknaden til departementet 10.12.2019.
I departementet si behandling av saka vil alle samfunnsmessige kostnader og nyttevirkninger ved prosjektet bli vurdert. Innkomne høyringsinnspel vil bidra til å belyse ulike sider av prosjektet.
Eidfjord kommunestyre har i sitt høyringsbrev konsentrert seg om lokale forhold, knytt til det som er planlagt innafor kommunen sitt areal.
Vurdering:Northconnect har vurdert Eidfjord og Simadal som ein særs god plassering av anlegget for overføring av kraft mellom Norge og Skottland. Det er tilgjengelig lraft i området og det er kort veg til sjø.
Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag EUR 1,7 milliarder, der om lag halvparten av dette vil vera knytt til anlegget i Norge.
Northconnect skal vera ein import og eksport kabel, der ein kan importere vindkraft frå Skottland og eksportere vannkraft frå Norge.
Northconnect og Eidfjord kommune har hatt eit godt samarbeid heilt sidan prosjektet vart tenkt plassert i Eidfjord.
Prosjektet vil vera viktig for lokalsamfunnet gjennom vesentleg anleggsaktivitet i byggeperioden. Det er sannsynlig at lokalt og regionalt næringsliv vil får store oppdrag i byggjeperioden, noko som vil styrke regionen innafor bransjar som har leveransar til denne type anlegg.
I drift vil det vera behov for ein del kompetanse som delvis er i Simadal gjennom Statkraft sitt anlegg, og som kan sikre behov for kompetansearbeidsplassar lokalt i Eidfjord.
Anleggsperioden på fleire år vil medføre ein auke i trafikk i Eidfjord. Spesielt fylkesvegen mot Simadal vil få ein vesentleg auke i både tungtransport og trafikk av arbeidskraft. Vegen er til dels smal og har i periodar trafikk av turistar. Northconnect ynskjer å bidra til å sikre denne vegen med ein om lag 800 meter lang gang- og sykkelveg. Nortconnect stiller til rådvelde midlar til planlegging og bygging av denne G/S vegen.
Eidfjord kommunestyre har i prosessen fram til NVE sin vurdering av konsesjonssøknad hatt kontinuerlig kontakt med prosjektet, og fårr god informasjon om framdrift.
Kommunen har og fått på plass to avtalar med Northconnect som er godkjend av Eidfjord kommunestyre. Dette gjeld avtale om bruk av restvarme som anlegget vil generere, samt avtale om planlegging og bygging av G/S veg.
I dialog med NorthConnect har vi forstått at det vert lagt opp til lokal produksjon av mellom anna betong i sine kontrakter med entreprenørar.
Betongproduksjon og neventuelle større volumlaster (stein/sand/grus/jord/etc.) som dei ikkje kan velje å ta ut lokalt, må frakast med båt til Simadal.
Dette meinar Eidfjord kommune med må inn som eit vilkår i MTA-planen.
Konklusjon:
Eidfjord kommunestyre meiner at gjennomføring av Northconnect vil ha postitive ringverknader på fleire ulike område lokalt og regionalt i Indre Hordaland/Hardanger.
Eidfjord kommunestyre støttar NVE sine konklusjonar i sin vurdering av konsesjonssøknaden til Northconnect.
Eidfjord kommune meiner at Betongproduksjon og eventuelle større volumlaster (stein/sand/grus/jord/etc.), som ein ikkje kan ta ut lokalt, må fraktast med båt til Simadal.
Dette meinar Eidfjord kommune med må inn som eit vilkår i MTA-planen.