Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Brot på grunnlova

Dato: 16.12.2016

Svartype: Med merknad

Grunnlovas paragraf 102 lyder:

"Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin kommunikasjon. Husransakelse må ikke finne sted, unntatt i kriminelle tilfeller. Statens myndigheter skal sikre et vern om den personlige integritet."

Den typen overvaking som er føreslege i Lysne-rapporten er eit klart brot på grunnlova.

Det kan og bemerkast at dei som faktisk har noko å skjule har særs gode moglegheiter til å omgå det føreslegne systemet. Krypteringsprogramvare er fritt tilgjengeleg på nettet og det finst eit utal guidar for korleis ein kan sikre kommunikasjonen sin. Dei som ynskjer å skjule seg kan lett gjere det.

Lysne-rapporten sine førslag går mykje lengre enn Datalagringsdirektivet som i si tid vart kjend ulovleg av EU og forkasta her i landet, og då e-tjenesta sin sjef i fjor føreslo å innføre den typen overvaking som Lysne-rapporten legg opp til så vart han sterkt kritisert av alle partia.

La oss håpe at korttidsminnet deira er funksjonelt.

Forslaget er skammeleg og udemokratisk. "The Chilling Effect" er eit kjent begrep (folk let vera å seie kontroversielle ting fordi dei veit dei blir overvaka og er redde for at det kan bli brukt mot dei i framtida) og det er grunn til å tru at den vil verta enda sterkare under dette systemet, noko som fører til ei begrensing av den frie debatten. Folk vil sjølvsensurere for å "være på den sikre sida".

Oppsummering: forslaget er grunnlovsstridig og legg opp til meir overvaking av befolkinga enn kva Stasi i si tid hadde i Aust Tyskland med dertil negative effektar på det frie ord og demokratiet.