Høringssvar fra Sunnfjord medisinske senter
Underteikna er fastlege ved Legegruppa Sunnfjord Medisinske Senter i Florø og brukar av Noklus diabetesskjema og har levert mine data til Noklus årleg sidan registeret blei opprettaa. I fleire 10 år har eg vore spesielt interessert i diabetesproblematikk, har hatt mange innlegg for allmennlegar om temaet og møter dei stadig også i min tilleggsjobb som praksiskonsulent i Helse Førde. Eg og mange av minne kolleger opplever at kravet om samtykke i stor grad vanskeleggjer innhenting av data til Norsk diabetesregister for voksne. For mange av mine kolleger er dette det avgjerande punkt om rapporten blir sendt eller ikkje. Sjølv om pasientane sjeldan motset seg å gi samtykke når dei blir spurt, er det i praksis ofte for arbeidskrevende å få dette gjort. Reservasjonsrett framfor samtykke vil i tillegg legge til rette for automatisk uttrekk av data, noko som vil være både arbeids- og kostnadsbesparande.
Eg støttar difor at reservasjonsrett erstattar samtykke, forutsett god informasjon og enkel og tilrettelagt muligheit for å reservere seg.
Med helsing
Normund Svoen
Fastlege
Legegruppa Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgt 39
6900 Florø.