Høringssvar fra Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Vestland
Uttale frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Vestland
Høyring, fritt behandlingsval
1. RMNF meiner ein må etterstrebe ei ordning som gir kortast ventetid for behandling, samtidig som ordninga ikkje legg opp til systemfeil som prioriterer på sosio-økonomisk grunnlag, eller geografisk. Samstundes må pasienten settast i sentrum, og eksisterande tilbod må ikkje avviklast før andre tilbod er tilgjengeleg.
2. RMNF meiner det må vere ope for andre tilnærmingar og behandlingsmetodar enn dei helseføretaka tilbyr. Dette auka mangfaldet har vist seg særleg relevant for psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og rehabilitering. RMNF meiner denne gruppa har vore nedprioritert over tid, og bør få meir merksemd for framtida. Vi trur også at motivasjon for behandling og medverknad til val av behandlingsmetode / stad for behandling er viktig for resultatet av behandlinga.