Høringssvar fra Fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune
Fylkeseldrerådet i Vestland fylkeskommune vedtok følgjande uttale i møtet 26.04.2022:
"Framlegget går ut på at private leverandørar ikkje lenger vil få godkjenning for å levere spesialisthelsetenester mot betaling frå staten. Vidare går forslaget ut på at godkjenning til å kunne gi spesialisthelsetenester mot betaling frå staten fell bort, sjølv om godkjenningsperioden ikkje har gått ut. Framlegget går også ut på at pasienten sin rett til å velgje desse aktørane fell bort.
Pasientar med rett til naudsynt helsehjelp i spesialisthelsetenesta vil framleis kunne velgje mellom offentlege verksemder og private verksemder som har avtale med regionale helseføretak. Retten til å velgje knytar seg ikkje til behandling, men kvar behandling skal skje. Departementet føreslår difor at «rett til fritt behandlingsval» i staden vert kalla « rett til val av behandlingsstad».
Departementet tek sikte på at endringa skal skje frå 1. januar 2023.
Det vil bli teke med i høyringsnotatet ei overgangsordning for helsehjelp som er påbegynt før endringa trer i kraft med ei overgangsavgrensing på 6 månader.
Den gruppa av eldre som rådet skal ta i vare interessa for er etter rådet sitt syn best tent med at dei får behandling i den offentlege spesialisthelsetenesta. Rådet forventar at det offentlege har tenestene tilrettelagt.
Rådet er derfor samd i at dei endringane som er føreslått bør kunne gjennomførast slik høyringsframlegget skisserer.