Høringssvar fra Tysnes kommune

Dato: 20.06.2022

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Tysnes kommune

Arkivsak :

Arkivkode: 22/365

340 -

Sakshandsamar: Steinar Dalland

Handsamingar:

Utvalsaknr. Utval Møtedato

PS 57/22 FORMANNSKAPET 02.06.2022

PS 20/22 KOMMUNESTYRET 14.06.2022

HØYRING - AVVIKLING AV GODKJENNINGSORDNINGA AV FRITT BEHANDLINGSVAL

Vedlegg: Uprenta vedlegg –Høyringsbrev, notat m.v.

Uprenta vedlegg – Evalueringsrapport

SAKSUTGREIING:

Bakgrunn for saka:

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt sendt framlegg til edringar i godkjenningsordninga for fritt behandlingsval på høyring 1. april d.å.

Framlegget inneber at private leverandørar ikkje lenger kan få godkjenning for å levera spesialisthelsetenester mot betaling frå staten, vidare inneber endringa at slik godkjenning fell vekk frå tidspunktet der nye reglar trer i kraft. Pasientar som har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta vil framleis ha rett til å velje mellom offentlege verksemder og private verksemder der desse har avtale med regionale helseføretak. Det er framlegg om å spesifisera at dette valet vert avgrensa til å velja kor behandling skal finna stad og ikkje lenger omfatta type behandling.

Fristen for å gje høyringssvar er sett til 1. juli.

Tysnes kommune har i denne saka både direkte interesser då me vert økonomisk skadelidande om ordninga opphøyrer, særskilt når dette skjer så raskt. Kommunane har også ei indirekte interesse av dette då ordninga er viktig for oppgåvefordelinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Ei rask og dårleg planlagt utfasing av tilbodet kan føra til lengre ventetider noko som i mange tilfelle vil krevja kommunale tenester.

Saksutgreiing:

Godkjenningsordninga slik den er i dag vart innført gjennom endringar i pasient- og brukerrettighetsloven i 2015. Endringane tredde i kraft frå november 2015. Endringa som vart innført i 2015 innebar at private aktørar kunne få godkjenning frå Helfo for å levera spesialisttenester mot betaling frå staten. Også før 2015 hadde pasientar rett til fritt behandlingsval, men valet var då avgrensa til andre offentlege institusjonar, eller institusjonar som hadde avtale med helseføretaka. Gjennom endringa i 2015 fekk pasientar utvida retten sin til å velja også mellom private institusjonar som hadde offentleg godkjenning gjennom Helfo. Helfo krev refusjon frå helseføretaka for staten si betaling. Helsedirektoratet rapporterer på ordninga om fritt behandlingsval både gjennom års- og tertialrapportering. Det er også Helsedirektoratet som fastset prisane for fritt behandlingsval, det vert understreka at prisane skal fastsetjast på ein slik måte at dei ikkje utfordrar anbodssystemet.

Ordninga for godkjente institusjonar omfattar mellom anna døgnbehandling innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling, psykisk helsevern, utvalde rehabiliteringstenester, habilitering av barn med hjerneskade og utvalde somatiske tenester. Målt i talet på pasientar utgjer somatikk 90 % av pasientgrunnlaget, dette er i hovudsak knytt til polikliniske undersøkingar og dagkirurgi. Me veit samstundes at tilbod innan rus, psykisk helsevern, habilitering og rehabilitering er vesentleg meir samansette tenester gjerne også med mange døgnopphald. Målt i ressursbruk med utgangspunkt i utbetalte refusjonar utgjer somatiske tenester berre 17 % av det samla tilbodet innan FBV ordninga.

Volumet for pasientbehandlingar i ordninga er relativt moderat, men har vore stigande i perioden frå 2016 til 2021. I 2021 vart totalt 21 210 pasientar handsama innanfor ordninga mot tilsvarande tal i 2020 - 17 944, auken i behandlingar år for år er markant frå 2016 til 2021. Figuren under viser utviklinga av tal på pasientar i perioden:

Me ser tilsvarande utvikling dersom me ser på utvikling av refusjonar, her ser me at auken er ennå meir markant. Dette må vurderast på bakgrunn av samansetning av ulike behandlingstilbod der me særskilt ser at meir omfattande tilbod innan spesialisert rusomsorg og habilitering og rehabilitering har auka:

Det faglege grunnlaget for høyringa byggjer på ein rapport utarbeidd på oppdrag av Norges forskningsråd. Evalueringa byggjer erfaringar frå åra 2015 til 2018. På dette tidspunktet er framleis ordninga relativt ny så det kan stillast spørsmål ved validiteten i datagrunnlaget, i perioden var gjennomsnittleg tal på behandlingar i FBV om lag 3900 per år, frå 2019 til 2021 er tilsvarande tal 18 300 per år. Der er altså snakk om ein evalueringsrapport gjennomført i ordninga sin tidlege fase.

Hovudfunna i rapporten er summert i høyringsnotat s. 6-7 til å vera:

FBV har i liten grad realisert mål om reduserte ventetider og meir effektive sjukehus.

FBV har medverka til å auka valfridomen for nokre pasientar, både når det gjeld val av behandlingsstad og ved at private aktørar har etablert tilbod om alternative behandlingsmåtar.

Valfridom som følgjer av ordninga vert opplevd som viktig for nokre pasientar, medan andre som ønskjer valfridom ikkje får tilstrekkeleg informasjon om ordninga.

Helfo har fått meir omfattande og komplekse forvaltningsoppgåver som følgje av det i hovudssak er aktørar utanfor avtalesystemet som har søkt og fått godkjenning.

Dei fleste pasientar får si tilvising handsama innan gjeldande frister.

Personar med lågare sosioøkonomisk status er overrepresentert mellom dei som opplever fristbrot.

Moglegheit for kostnadskontroll og styring av ressursbruk vert vesentleg redusert gjennom godkjenningsordninga. Dette varierer med geografi og nærleik mellom foretak og FBV instisitusjon.

I høyringsnotatet er ikkje evalueringsutvalet sine tilrådingar tatt med så for ordens skuld referer me dei her:

«1) Valgfriheten som følger med FBV, er av avgjørende betydning for enkelte pasienter.

Muligheten til å kunne velge behandlingssted ut ifra egne behov, og blant et differensierttilbud, er viktig å ivareta i fremtidige reformer.

2) Det synes som at informasjonen om FBV i henvisningsbrevet ikke er tilstrekkelig for at allepasienter skal kjenne sin rettighet. Det bør settes i verk tiltak for at ordningen skal bidra til reell valgfrihet, for eksempel:

a. Å synliggjøre informasjon om FBV ved fastlegekontor og behandlingssteder, sammenmed informasjon om «Velg Behandlingssted», veiledningstjenesten og klageadgangdersom man blir motarbeidet.

b. Å styrke veiledningstjenesten til «Velg Behandlingssted».

c. Å tematisere det dilemmaet en behandler kan stå overfor når pasientens ønske ombehandlingssted står i kontrast til faglige vurderinger, og å gi retningslinjer til hvordan dette dilemmaet bør løses.

d. Forenkle systemet der det er mulig: Iverksette tiltak for å unngå doble utredningerved behandlingstedsbytte; skille tydeligere mellom steder som kan gjørerettighetsvurdering og steder som ikke kan; samt støtte god kommunikasjon mellom offentlige og private behandlingssteder for å ivareta god pasientflyt.

3) Det bør settes i gang et arbeid for å vurdere hvordan samspillet mellom godkjenningsordningen og kjøp fra private gjennom anbud kan bedres.

4) FBV ble iverksatt på en måte som gjør det svært vanskelig å identifisere kausale effekter av reformen. Eventuelle revisjoner bør iverksettes trinnvis med kontrollgrupper slik at en i etterkant lettere kan evaluere effektene revisjonene gir.»

Departementet sine vurderingar knytt til avvikling av FBV er i hovudsak skildra i høyringsnotatet punkt 4.1. Vurderingane bygger på rapporten som tidlegare er vist til her så det faglege grunnlaget for konklusjonane er ganske tynt. Det er også viktig å ha med seg at rapporten aldri gav tilråding om at FBV bør avviklast. Tvert i mot vart det konkludert med at valfridomen som følgjer FBV er av «…avgjørende betydning for enkelte pasienter.»

Regjeringa ønskjer å avvikla ordninga med FBV ut frå følgjande vurderingar:

1. Ordninga har i liten grad medverka til å redusera ventetider i spesialisthelsetenesta eller gjort sjukehusa meir effektive.

2. Evalueringa viser at valfridomen har vore mest reell for personar med høg sosioøkonomisk status. Regjeringa meiner at dette kan gje uønska effektar ved at sosioøkonomiske forhold og ikkje behandlingsbehov påverkar tilgangen til helsehjelp.

3. Leverandørar innan FBV er ikkje likt fordelt mellom ulike deler av landet. Dette legg då ikkje til rette for likeverdig tilgang til tenester over heile landet.

4. FBV fører til redusert føreseielegheit for helseføretaka då ordninga ikkje gjev føretaka kontrakt messig styring til dømes ved volum avgrensingar.

Det vert teke sikte på at godkjenningsordninga i FBV skal opphevast allereie frå 1. januar 2023. Det vert peika på at avviklinga vil ha konsekvensar for pasientar, godkjente leverandørar, for offentleg spesialisthelseteneste og for den sentrale helseforvaltninga. Det er ikkje vist til at avvikling innanfor så korte tidsfristar heilt sikkert også vil få konsekvensar for kommunane. Dersom dei aktuelle brukargruppene ikkje får behandling innanfor spesialisttenesta vil det krevja kommunale tenester. Det er særskilt grunn til å vera uroleg for dette innanfor tenestester knytt til rus, psykiatri, habilitering og rehabilitering.

I realiteten får korkje kommunar, helseføretak eller private institusjonar med godkjenning områdingstid innanfor den tidslinja som er lagt opp i denne saka. Dette vert «løyst» ved å visa til at private institusjonar etter spesialisthelsetjensteloven § 2-2 har ansvar for å sikra at tenestene er forsvarlege. For å ivareta dette kravet bør såleis ikkje private institusjonar ta imot pasientar som krev langvarig behandling. I praksis vert alt ansvar flytta over til dei private institusjonane og det vert for einskilde behandlingstypar langt på veg føresett at godkjenningsordninga allereie er opphøyrt. Dette synes klart urimeleg og uansvarleg. Dette synet vert heldigvis litt modifisert med vising til at det bør vera ein overgangsordning, likevel ikkje lenger enn 6 månader. 90 % av pasientane innanfor ordning med FBV har motteke somatiske tenester, i hovudsak er dette polikliniske undersøkingar og dagkirurgiske tenester. For denne gruppa er truleg overgangsordninga tilstrekkeleg, for pasientgrupper innanfor psykisk helsevern, habilitering, rehabilitering og tverrfagleg spesialisert rusbehandling bør det eventuelt vurderast om overgangsperioden bør vera lengre. Det vert i rapporten peika på at FBV særskilt innan spesialisert rusbehandling har høg del av det totale pasientvolumet, det vil ta tid å byggja opp nye tenester her. For å sikra at pasientane ikkje vert skadelidande burde denne delen av tilbodet vorte gjeve ei gradvis utfasing ved at godkjenningar ikkje vart fornya. Dette ville gitt ei tilnærming der tenestene gradvis vert overført til helseføretaka og der desse får moglegheit til å byggja ny kapasitet.

Avslutningsvis i høyringsnotatet vert det vurdert om oppheving av ordninga kan koma i konflikt med Grunnloven § 97. Det er eit interessant spørsmål, men me går ikkje nærare inn på det i denne saka.

I høve til økonomiske og administrative konsekvensar vert det vist til at oppheving av FBV ikkje får bevillingsmessige konsekvensar for helseføretaka. Ei avvikling inneber at helseføretaka kan omprioritera midlar dei nyttar på ordninga anten til å behandla pasientar i eigen regi eller gjennom kjøp av tenester gjennom anbod. Det er ifølgje høyringsnotatet ikkje mogleg slå fast om avviklinga legg til rette for meir, mindre eller like mykje pasientbehandling. Dette vil mellom anna handle om type behandling og kor lang varigheit det er på ulike behandlingsbeløp. Det synes såleis ikkje å liggja til grunn faglege eller politiske hypotesar om at avviklinga av FBV vil få substansielle konsekvensar for helsetilbodet. Dei private verksemdene som tidlegare har hatt godkjenning mister retten til å yte spesialisthelsetenester mot betaling frå staten så lenge ikkje dei regionale helseføretaka kjøper dei same tenestene gjennom avtale. Me går såleis frå ei reint fagleg vurdering på både pris og tilbod gjennom Helfo og Helsedirektoratet til ein rein marknadsstyring av private tilbod gjennom anbodsprinsippet.

Økonomi:

Oppheving av FBV vil ha direkte konsekvensar for Tysnes kommune gjennom bortfall av leigeinntekter for omsorgssenteret i storleik kr. 1,5 mill. per år. Det vil ha konsekvensar for lokalsamfunnet ved bortfall av om lag 35 arbeidsplassar og for lokalt næringsliv gjennom ringverknader ved å ha ei slik verksemd lokalisert i kommunen. Avvikling av ordninga vil også få konsekvensar for planlagde etableringar, så det samla tapet i arbeidsplassar er truleg nær 70 årsverk.

Det faktum at ordninga skal avviklast så raskt vil kunne føra til manglande tilbod til einskilde pasientgrupper med påfølgjande effektar for den kommunale helse og omsorgstenesta. Ei overføring til helseføretaka særskilt innanfor områda psykisk helsevern og spesialisert tverrfagleg rusbehandling vil kunne gje tilbod med færre liggedøgn og fleire pasientar som går i svingdør mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Effektar av ulike behandlingstilbod er ikkje vurdert i underliggjande rapportar men det er peika på at behandlingstilbodet ved private institusjonar er meir omfattande. Pasientar som går mellom spesialist- og kommunehelsetenesta gjennom reinnleggingar er dyrt for kommunane og ikkje bra for pasientane.

Miljø:

Det er ikkje grunnlag for å tru at avvikling av ordninga vil ha miljøkonsekvensar.

Folkehelse:

Endringa vil i stor grad kunne påverke folkehelsa, men det er ikkje gjort vurderingar i høyringsnotatet eller i underliggjande rapportar som gjev grunnlag til å sei noko særleg om korleis det vil påverka folkehelsa.

Vurdering:

Konklusjonen om å avvikle ordninga med FBV synes å byggja på eit svakt fagleg grunnlag. Konklusjonen er heller ikkje i samsvar med den einaste rapporten som vert vist til i høyringsnotatet.

Konklusjonen om å avvikle ordninga med FBV allereie frå 1.januar 2023 synes å vera uansvarleg og ikkje sameinleg med god forretningsskikk og omsynet til brukarane av ordninga. Det er ikkje gjort greie for korleis helseføretaka har bygd opp alternativ kapasitet for å kunne ivareta pasientane som fell utanfor ordninga.

Det er konkludert med at FBV har bidrege til alternative behandlingstilbod, dette er særskilt viktig innanfor psykisk helsevern, spesialisert tverrfagleg rusbehandling, habilitering og rehabilitering. Tenester innafor somatisk behandling vil vera enklare å etablera innsikt i rett behandlingsform, innanfor det somatiske område er det truleg også enklare å gjennomføra avtaler etter reine forretningsøkonomiske prinsipp. Eit alternativ er at FBV vert avvikla for somatiske tenester medan det vert evaluert nærare innanfor dei andre nemnte områda. I ei slik evaluering bør det vurderast kva effekt alternative behandlingsformer har hatt for pasientane.

Oppsummering og konklusjon:

Rådmannen tilrår at Tysnes kommune gjev uttale til høyringa innanfor fristen 1. juli, det vert tilrådd ein slik uttale til saka:

INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

Om avvikling av ordninga

Tysnes kommune vil ikkje stette framlegg om avvikling av godkjenningsordninga for at private kan få godkjenning til å yta helsetenester for betaling frå staten (FBV) for andre tenester enn somatiske helsetenester.

Innanfor tverrfagleg rusbehandling, psykisk helsevern, habilitering og rehabilitering har FBV medverka til nye behandlingsformer. Før det vert teke stilling til om også denne delen av FBV skal avviklast bør det gjerast nærare evaluering av effekten av desse behandlingane vurdert opp mot den tradisjonelle behandlinga som er utført av helseføretaka. Det er også grunn til å tru at årsakssamanhengar og såleis også behandlingsregime for denne type behandlingar er meir usikre enn for somatisk behandlingar. Dette gjer også at dei i mindre grad er eigna til å bli styrt av reint forretningsøkonomiske omsyn slik som anbodssystemet legg opp til.

Tysnes kommune meiner at grunnlaget departementet byggjer sine konklusjonar på er mangelfullt. I hovudsak synes det faglege grunnlaget å vera bygd på rapporten Evaluering av fritt behandlingsval, HELED og SERAF, UiO og NORCE samfunn av 2021. Rapporten byggjer på erfaringar og statistikk frå 2015 til og med 2018, gjennomsnittleg tal på pasientbehandlingar i perioden var om lag 3900 per år, tilsvarande tal for 2019 til og med 2021 er 18 300 pasientar per år. Det er grunn til å tru at evaluering i ein så tidleg fase også påverkar funna. Det er elles å merkja seg at høyringsframlegget ikkje byggjer på tilrådingane i evalueringsrapporten. Me meiner at tilrådingane i rapporten burde vore vurdert i høyringsnotatet.

Vurderingane for kvifor det er ønskjeleg å avvikla ordninga synes ganske knapp, det vert så vidt me kan lesa vist til tre ulike vurderingar i høyringsnotatet:

1. Ordninga har i liten grad medverka til å redusera ventetider i spesialisthelsetenesta eller gjort sjukehusa meir effektive.

Tysnes kommune vil peike på at konklusjonen synes å berre byggja på evalueringa frå 2021, gjennomsnittlege pasientbehandlingar per år i evalueringsperioden utgjer berre om lag 20 % av pasientgrunnlaget i dei påfølgjande tre åra.

2. Evalueringa viser at valfridomen har vore mest reell for personar med høg sosioøkonomisk status. Regjeringa meiner at dette kan gje uønskte effektar ved at sosioøkonomiske forhold og ikkje behandlingsbehov påverkar tilgangen til helsehjelp.

Tysnes meiner at me ikkje kan avvikla innbyggjarane sine rettar på grunn av at me ikkje i informerer godt nok. Tysnes kommune viser til evalueringsrapporten sine tilrådingar for å sikra betre informasjon og kunnskap om ordninga. Dersom me ser på veksten i talet på pasientbehandlingar er det også grunnlag for å tru at informasjon om ordninga er betre i dag enn i evalueringsperioden. Det er vidare grunn til å tru at ei sosioøkonomiske skeivdeling vert vesentleg større om pasientane sjølv skal betale for eit reint privat tilbod.

3. Leverandørar innan FBV er ikkje likt fordelt mellom ulike deler av landet. Dette legg då ikkje til rette for likeverdig tilgang til tenester over heile landet.

Eit alternativ for å motverka denne effekten er at det vert sett tak på talet på FBV aktørar innanfor ein region eller eit geografisk område innanfor dei ulike behandlingstilboda. Dagens regelverk opnar, slik me forstår det, opp for å ta geografiske omsyn. Alternativt må regelverket utformast slik at ein ikkje oppnår uhensiktsmessige lokalitetsutvikling.

4. FBV fører til mindre føreseielegheit for helseføretaka då ordninga ikkje gjev føretaka kontrakt messig styring til dømes ved volum avgrensingar.

Tysnes kommune meiner at dette var som venta og heilt naturleg når styringa vert overlate til eit reint fagleg organ som Helfo. Ei rein kontraktsstyring vil sjølvsagt gje meir føreseielege rammer, men vil neppe føra til same utvikling av nye behandlingsformer. Tysnes kommune meiner at ei styring gjennom anbod og kontraktsoppfølging er godt eigna for somatiske behandlingar, men noko dårlegare innretta mot behandlingar der det er vanskelegare å vurdera kausale samanhengar.

Tysnes kommune vil også peika på at det i høyringsnotatet vert konkludert med at «Det er ikke mulig å anslå om avviklingen legger til rette for meir, mindre eller like mye pasientbehandling nå denne skal utføres i egenregi eller gjennom anbud.» Tysnes kommune meiner at ein slik konklusjon tilseier at det krevst meir kunnskap før FBV eventuelt vert avvikla.

Om gjennomføring av avviklinga

Dersom det, trass i vårt primære syn, vert lagt opp til at FBV vert avvikla vil Tysnes kommune oppmoda om at gjennomføringsplanen vert vurdert på nytt.

Tysnes kommune meiner at gjennomføring frå 1. januar 2023 er uheldig for alle partar i saka, det er veldig kort frist og gjev partane dårleg rom for å planleggja gjennomføring på ein slik måte at pasientane ikkje vert skadelidande.

Tysnes kommune vil også peika på at det her er store skilnader mellom somatiske tenester som først og fremst er polikliniske undersøkingar og dagkirurgi og andre behandlingsformer som er lagt til ordninga der behandlingsløpet er omfattande går over lengre tid.

Tysnes kommune rår til at det vert lagt opp til ei avvikling der godkjenninga som er gitt ikkje vert fornya ved utløp. På denne måten vil alle partar få god føreseielegheit og helseføretaka vil på ein planmessig og trygg måte få høve til å byggja opp alternative tilbod. Dette er særskilt relevant innanfor spesialisert tverrfagleg rusomsorg der tilbodet som vert gjeve innanfor FBV utgjer ein relativt stor del av det samla tilbodet.

Tysnes kommune vil til slutt peika på at moglege konsekvensar i høve til kommunehelsetenesta bør vurderast før det vert teke endeleg stilling i saka. Tysnes kommune meiner at også distriktspolitiske omsyn knytt til erfaringar ved lokalisering av FBV institusjonar med fordel kunne vore vurdert nærare.

HANDSAMING I FORMANNSKAPET 02.06.2022:

Ordføraren sette fram framlegg om vedtak i samsvar med rådmannen sin innstilling.

FRAMLEGG TIL VEDTAK FRÅ FORMANNSKAPET 02.06.2022:

HANDSAMING I KOMMUNESTYRET 14.06.2022:

Kommunestyre slutta seg samrøystes til framlegget frå formannskap.

VEDTAK I KOMMUNESTYRET 14.06.2022: