Høringssvar fra Svein Gule

Dato: 31.10.2021

Det er viktig å beholde kontanter. I det kontantfrie samfunn vil bankane og staten ha kontroll over innbyggarane. Då kan alt som forbrukarane handlar kunne bli spora. Det kan sporast kva varar ein har kjøpt og når ein var i butikken. Slik kan ein følge enkeltmennesker.

Når forbrukarane betaler kontant vil dei få større føling med prisen når dei gjev frå seg fysiske pengar. Det er lettare å ha oversikt over økonomien. Undersøkingar viser at forbrukarane bruker meir pengar ved elektronisk betaling, og difor er det eit godt sparetips å betale kontant, spesielt for svake grupper i samfunnet.

Det handlar også om enkeltmenneskers valgfrihet. Alle eg har snakka med meiner vi må beholde kontantene. Det er viktig å styrke lovverket. Det må få større konsekvensar enn i dag å nekte å ta imot kontanter.

Bankane må ha plikt til å legge til rette slik at kontanter vert lettare tilgjengeleg og lettare å bruke. Det må ikkje vera gebyrer som hindrar konkurransen med elektroniske betalingsmåtar. Dersom kontanter forsvinn kan konsekvensen verta høge gebyrer på t.d. kortbruk.