Forsiden

Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 30.10.2020

Høyringssvar frå Vestland fylkeskommune – «Bedre velferdstjenester for barn og unge som har behov for et sammensatt tjenestetilbud ( samarbeid, samordning og barnekoordinator)»

Generell vurdering

Fylkesrådmannen meiner at høyringsnotatet viser ei grundig drøfting av samarbeid og samordning mellom velferdstenestene . Vurderinga om auka samarbeid ved oppretting av ein barnekoordinator er godt gjennomarbeidd med bakgrunn i mandatet. Opplæringssektoren sine mål om auka gjennomføring av vidaregåande opplæring og ønske om å skape betre framtidsutsikter for barn og unge er godt ivaretekne. Fylkesrådmannen er einig i framlegget som gjeld vidaregåande opplæring og støttar lovforslaga til opplæringsloven om individuell plan og forslag om å styrke oppfølging av utsette barn og unge og deira familiar gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene og innføring av barnekoordinator.

Oppmerksomhetsplikt og opplysningsplikt til barneverntenesta Opplæringslova § 15.3 er føreslått endra. Endringa inneber ei omformulering frå ‘tilsett’ til `alle som utfører tenester eller arbeid etter lova`, og slik gjere ansvaret mindre personavhengig. Fylkesrådmannen støtter endringa.

Plikt til å vere merksam på behov for andre tenester Opplæringslova § 15.4 er føreslått endra. Endringa inneber ei omformulering frå ‘tilsett’ til `alle som utfører tenester etter lova` Fylkesrådmannen støtter endringa.

Samarbeid og samordning av tenestetilbodet Departementa føreslår å harmonisere reglane for samarbeid, samt å innføre plikt til samarbeid for dei velferdstenestene som ikkje har den plikta i dag. For opplæringslova og friskulelova er samarbeidsplikta heimla i §§ 15-8 og 3-6b og dei er føreslått endra for å harmonisere ordlyden i dei ulike lovane som denne plikta gjeld. Dette er drøfta grundig i kapittel 6 i høyringsutkastet. Betre samordning av tenestetilbodet er eit hovudgrep i dei ulike departementa sine innspel til lovendringane. Det er slik vi kan nå føremålet med å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira. Dette gjerast tydeleg gjennom forslag om ny § 4A-14 Samarbeid og samhandling i opplæringslova. Lovteksten viser til at både kommune og fylkeskommune er pliktig til å samarbeide, også med andre tenesteytarar. Oppfølginga gjeld konkrete deltakarar som treng heilskaplege og samordna tenester, men ho skal også verke til at alle tenesteytarar kan ivareta oppgåvene sine etter lov og forskrift. ,

Fylkesrådmannen støtter endringane.

Konklusjon:

Fylkesrådmannen ser høyringa som ein viktig del av målet om auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og i vurderinga av tilbod om tilpassa opplæring