Forsiden

Høringssvar fra Ålesund kommune

Dato: 30.10.2020

Høringssvar Ålesund kommune

Ålesund kommune er i det heile positive til det utsendte høyringsforslaget og støtter dei endringar i lovverk som ligg føre. Dei føreslegne lovendringane har til hensikt å tydeliggjere, harmonisere og styrke velferdstenestene for barn og unge – og det meiner vi dei langt på veg vil gjere.

Det er viktig at plikta til å vere merksam på barn som kan ha trong om hjelp, vert utvida til å gjelde alle som utfører tenester eller arbeid etter opplæringslova og friskulelova slik at den gjeld alle som arbeidar i skulen. Det er og positivt at dei omtala lovane i høyringsforslaget vert utvida slik at plikta til å vere merksam og plikta til å gje opplysningar også omfattar helse- og omsorgstenesta, i tillegg til sosialtenesta i arbeids- og velferdsforvaltninga, ikkje berre barnevernet som i dag.

Vi er opptekne av fleirfagleg samhandling og arbeider med korleis vi skal løyse dette på best måte i vår nye kommune som før nyttår var 5 kommunar med ulik praksis og erfaring innan dette området. At plikten til å samarbeide er utvida både for å løyse eigne oppgåver, men også for å løyse andre velferdstenester sine oppgåver, ser vi på som ei positiv forankring og tydeleggjering i lovverket, som vil lette vårt arbeid.

Departementa ber særskilt om høyringsinstansane si vurdering av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga. Frå 1.1.20 ble Ålesund kommune etablert av 5 tidlegare kommunar. Vi ser at arbeidet med ny organisasjonsstruktur, harmonisering og etablering av nye arenaer for samhandling er krevjande arbeid og tek mykje tid. Det vil og krevje auka ressursar både administrativt og økonomisk for å kunne møte dei nye lovkrava på ein god måte i tillegg. Vi ser at kommunen vil få lønnskostnader knytt til stilling for barnekoordinator da dette klart vil vere eit meirarbeid sett i høve til dagens arbeid.