Høringssvar fra Vanylven kommune

Dato: 26.03.2021

Vi er i Vanylven svært nøgde med den grundige rapporten som demografiutvalet har levert, med sine klare offensive tankar i høve å nytte heile landet.

Rapporten kjem med fleire spenstige forslag, og vi signaliserer med dette at vi ynskjer å vere med på å prøve ut gode tiltak. Vanylven er ei av kommunane i landet som i 2040 har størst andel eldre i høve arbeidsaktiv del av befolkninga. Det er difor viktig for oss å understreke at Vanylven ynskjer å ta del i fleire av utprøvingane som vert iverksett som ein konsekvens av NOU 2020:15 – Det handler om Norge.

Etter innspel i formannskapsmøte og i digitalt folkemøte i Vanylven vil vi kome med følgjande tilbakemelding på høyringa:

Breiband til alle

På eige initiativ har Vanylven kommune kosta breiband til alle, som ei av svært få kommunar i landet. Det gjer at vi er klare til å prøve ut ulike verkemiddel som krev godt nett, som til dømes utflytta arbeidsplassar, velferdsteknologi og eit nytt tiltak som vi kan foreslå: auka digital kompetanseleveranse frå andre til vår kommune. Små kommunar er sårbare, og det er få som sit med naudsynt kompetanse på ulike felt. Om vi kan få kompetanseutveksling frå kommunar med større kapasitet, så utviklar vi også meir intern kunnskap. Breiband til alle er viktig for alle distriktskommunar, der det er få eller ingen kommersielle aktørar som vil bygge ut.

Samferdsle – kommunikasjonar

Forslag frå utvalet om billegare eller gratis ferje for utkantkommunar er allereie politisk omfavna, og det vil sjølvsagt gjere mykje for næringsliv og for kostnadsbildet til pendlarar. Enda meir distriktsvennleg er det å bygge fleire bruer og tunellar, som sikrar trygg heildøgnsopen ferdsle, og utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionar. For oss som bur langs kysten, der vi har dei store eksportnæringane, så er Kystvegen Ålesund-Bergen ei viktig åre, som bør prioriterast av sentrale myndigheiter. Sjølv om dei fleste vegstrekningane er fylkesvegar, så må det statlege ta det overordna ansvaret for ei realisering, og ikkje legge dette ansvaret over på einskiltkommunar og fylka. Ei slik åre er distrikstvennleg og næringsvennleg, og vil såleis påverke til vekst i tilflyttinga til arbeidsplassar i grisgrendte strøk.

Tilgang på kollektivtilbod vil alltid vere ynskjeleg, men det må finnast andre løysingar for smart mobilitet enn det vi ser i dag. Flytilbodet må kunne sjåast på som ein del av kollektivtilbodet i distrikta, kanskje særleg retta mot satsinga der ein bur og arbeider i forskjellige delar av landet.

Samferdsel og kommunikasjon både nordover og sørover er svært viktig for Vanylven kommune. Rovdefjordsambandet vil ta ned reisetid å gje auka fleksibilitet. Hurtigbåt mellom Ålesund og Florø vil også vere ein måte å auke BA-regionen. Stad skipstunnel kan gje nye arbeidsplassar og verte eit turistmål, og såleis bør ein sjå på korleis styresmaktene kan bidra til satsing der små bygdesamfunn manglar ressursar.

Folk treng hus og hus treng folk

I distrikta bygger ein bustadhus med vissheit om at ein byggjer for tap om ein skal selje. Det bør difor stimulerast til aukande bruk av dei mange tome husa rundt om i distrikta, slik at færre må bygge nytt og slik at vi får auka gjenbruk. Er det rett å eige hus som ein ikkje ser til fordi ein sjølv bur langt vekke, og knappast er innom ein gong i året? Når hus forfell, og ikkje blir teke ansvar for, så er saneringsstøtte betre enn forfall. Enda betre er det om vi legg til rette for å ta vare på husa, både med tanke på kultur- og miljøvern. Kva med eit tiltak der ein kan søkje midlar til å bevare og fornye gamle hus, på vilkår av at dei blir solgt eller overteke av eigarar som vil bu og ta vare på huset?

Distriktskommunar bør også få stimuli til å bygge mindre bueiningar, slik at det kan etablerast eit leigemarknad, eller eit eigedomsmarknad for små leiligheiter. I dag er risikoen for stor på små tettstader, slik at det er få som tør å satse på å bygge leiligheiter. Om ein kan ha Husbanken i ryggen eller garantiordning på plass, så minkar risikoen slik at fleire tør satse på å bygge omsettelege mindre bueiningar. På denne måten kan fleire eldre ta seg råd til å selje husa sine, for å kunne flytte inn i enklare og meir lettstelt bustad.

Sats på ungdomen

Desentralisert utdanning og vidareutdanning og fagbrev på jobb er gode distriktstiltak. Elevar som finn det vanskeleg å bu på hybel som 16-åringar, må kunne få alternativt tilbod saman med andre ungdomar så nær heimen at dei slepp å flytte. Det sosiale er også viktig, så heildigitalt tilbod kan virke for nokon, men vil gå på bekostning av sosial utvikling hos andre, så det må finnast fleksibilitet.

Praksisordningar for m.a. sjukepleiarar i distriktskommunar er naudsynt, om rekrutteringa skal betrast.

Fleire yrkesgrupper inn i skulen er også viktig med tanke på å hjelpe barnet der det er, i staden for å flytte barnet til hjelpetiltak som krev lang reisetid frå små distriktsskular. Helsesjukepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar og psykologar er døme på viktige arbeidsgrupper, som bør vere ein del av teamet rundt barnet.

Sats på distrikta, ta heile landet i bruk. Det handlar om vår felles framtid.

Ordførar Lena Landsverk Sande

Vedlegg