Høringssvar fra Fortidsminneforeningen avd. Rogaland, saman med museum og kommuneantikvarar i Rogaland

Dato: 26.03.2021

Viser til utgreiinga NOU 2020:15 Det handler om Norge med høyringsfrist 26.03.2021.

Dette høyringssvaret fokuserer på forslaget om saneringsstøtte mot fysisk forslumming (kapittel 10.7.4):

En tilskuddsordning som gir økonomisk bistand til sanering av skjemmende objekter, særlig en ordning som retter seg mot de mest eksponerte bygningene og arealene, ville kunne bidra positivt til stedsutvikling i områder der fysisk forslumming er påtakelig eller truer. En slik ordning ville også gjøre det lettere for en kommune å øve press mot eierne av bygningene og arealene.

Me reagerer på dette resonnementet, både på utgangspunktet (problemstillinga) og på verkemiddela ein foreslår å ta i bruk.

Kva er skjemmande?

Kven skal vera smakspoliti og fella dom over kva som er rekna som «skjemmande»? Omgrepet kan romma mykje og opnar slik for eit stort tolkingsrom. Kva som blir oppfatta som skjemmande vil variera frå person til person.

«Spekulativt forfall» er eit kjend problem både i byane og i distrikta. Det går kort ut på at eigarane let bygningane forfalla slik at dei lettare kan få rivingsløyve for å setja opp noko nytt. Denne strategien har ført til at svært mange kulturminne har gått tapt. Ei ordning der ein gir tilskot til riving vil kunne fungera som insentiv for spekulativt forfall, og slik sett oppnår ein det motsette av det ein ønskte. Dersom ein vil hindra forfall av bygningar finst det betre løysingar enn å gi tilskot til riving.

Dei siste åra er det gjort ein innsats rundt om i kommunane gjennom prosjektet Kulturminne i kommunane (KIK). Dette har m.a. resultert i at mange kommunar har fått utarbeidd kulturminneplanar. Det er vel og bra, men det betyr ikkje at ein sit med ei fullstendig liste over alle kulturminne i kommunane. Dei fleste kommunane hadde ikkje ressursar til å gjera ei kartlegging av kulturminna som del av arbeidet med kulturminneplanen. I praksis vil det seie at mange kulturminne i kommunane ikkje er registrert og sikra vern, og slik kan vera særskild truga av ei ordning som den føreslåtte saneringsstøtta.

Me trur ikkje at riving av kulturminne er intensjonen bak forslaget om saneringsstøtte, men det kan altså likevel bli resultatet. På denne måten kan ei slik tilskotsordning fort bli kulturminnevernet sin verste fiende.

Kva er stadsutvikling?

I utgreiinga blir det vist til at rivinga av såkalla skjemmande objekt kan bidra positivt til stadsutvikling. Dette stiller me oss kritiske til. Dei skjemmande objekta kan vera nokre av dei viktigaste bygningane på den aktuelle staden. Det kan vera det nedlagte fiskemottaket som ein gong var den største arbeidsplassen på staden, den gamle skulen, små utløer i landskapet og andre bygningar som kan vera ein viktig del av historia og identiteten til staden.

Når det gjeld stadsutvikling finst det mykje god og relevant litteratur ein kan leggja til grunn. Distriktssenteret sin publikasjon frå 2018 Fugleperspektiv på tre tiår med stedsutvikling er døme på dette. Her ser ein både bakover i tid – på kva som har forma stadene der me bur – og framover – kva som vil vera viktig i den vidare forminga av stadene i framtida. Nokre hovudmoment:

Om fysiske omgjevnader og livskvalitet:

Hvordan vi former våre omgivelser betyr mye for folks hverdag og hvordan vi lever våre liv. Ved å vektlegge kvalitet, nærhet, og tilgjengelighet i utformingen av stedene, legges et grunnlag for trivsel og livsutfoldelse. (…) Gjennom å ta vare på kulturminner og kulturmiljøer styrkes stedets særpreg og identitet, og innbyggerne får en historisk forankring.

Om verdiskaping og næringsutvikling:

Den lokale natur- og kulturarven bør brukes som en ressurs i utviklingen av stedet, og som grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling.

Om berekraft og attraktivitet:

Bærekraftig stedsutvikling innebærer at vi må gjenvinne ressurser, bruke miljøvennlige materialer og utvikle miljøvennlige energiløsninger. Erfaringer viser at det som er miljøvennlig svært ofte også oppleves som attraktivt, og omvendt. God stedsutvikling er derfor også bra for miljøet.2

Dette blir trekt fram på Regjeringa sine nettsider under tema Stedsutvikling. Den burde slik sett vore ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget til utgreiinga Det handler om Norge. Utvalet viser i staden til erfaringar frå Danmark, noko som – basert på geografiske forhold, avstandar og mobilitet – vil ha mindre overføringsverdi til norske forhold.

Tilskotsordning

Utvalet bak utgreiinga foreslår at ein har ei forsøksordning med saneringsstøtte mot «fysisk forslumming»:

Forsøk med tilskudd til nedriving av tomme bygninger vil kreve tilskuddsmidler i en forsøksperiode. Omfanget av dette må utredes nærmere.

Kvifor ikkje heller gi tilskot til istandsetjing av bygningar? Dette har ein gode erfaringar med, og ein veit dette har stor effekt og samfunnsnytte. Kulturminnefondet representerer ein av fleire tilskotsordningar, og ei evaluering utført av Menon Economics viser at denne ordninga fører til stor lokal verdiskaping: For kvar krone gitt i tilskot frå Kulturminnefondet blir det brukt 3,50 kroner av eigar og andre lokalt. Dette viser at det finst vilje til å setja i stand bygningane, så lenge det blir tilrettelagt for dette. Ein stor del av prosjekta som får støtte, blir endra frå å ikkje vera i bruk, til å få ny bruk som bustad eller næringsverksemd som servering- og overnattingsstad. Dette er gode døme på vern gjennom bruk. Meld. St. 18 2016–2017 Berekraftige byar og sterke distrikt peikar på potensialet som blir utløyst her:

Kulturminne og kulturmiljø utgjer ofte ein ressurs og medverkar til verdiskaping, ikkje minst innan reiselivet. Ved transformasjon og ny bruk, kan eldre bygningar, anlegg og byplanelement spele ei aktiv rolle i byutviklinga.

Riksantikvaren publiserte i mars 2021 tal som viste at kulturturisme er i vekst, og at næring med utgangspunkt i kulturmiljø skapar arbeidsplassar i heile landet.

Interessa for å setja i stand bygningar er der: Kulturminnefondet har midlar til å dekkja berre 25 prosent av etterspurnaden. Også andre liknande tilskotsordningar får fleire søknader om støtte enn det dei har midlar til å dekkja.

Tilskotsordning til istandsetjing er dessutan god klimapolitikk. Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen, seier:

Vi kan bare glemme å håpe på at det er mulig å bygge oss ut av klimautfordringen. Derfor må det satses langt mer enn i dag på gjenbruk innen byggenæringen.

Byggjebransjen er i ferd med å omstilla seg og ser nå meir på ny bruk, gjenbruk og ombruk av eksisterande bygningar. Skal me nå klimamåla kan me ikkje berre riva og byggja nytt. I dette reknestykket blir dei eksisterande bygningane å rekna som ressursar. Saneringsstøtta som utvalet bak utgreiinga Det handler om Norge foreslår, vil slik føra til at distrikta mister ressursar og utviklingsmoglegheiter.

Distrikta i framtida

Dersom distrikta skal vera ein del av framtida, må ein også ta distrikta på alvor og visa at dei kan tilby gode løysingar og alternativ for samfunnet i framtida. Ein rapport om heiter Det handler om Norge bør samsvara med andre nasjonale utgreiingar.

Distriktssenteret sitt Fugleperspektiv på tre tiår med stedsutvikling er eit døme. Den peikar på ei mogleg utvikling av distrikta: Stader som tar utgangspunkt i det særeigne og lokale (slik som den lokale natur- og kulturarven) gi gode fysiske omgjevnader og grobotn for verdiskaping og næringsutvikling. Det same gjeld stader som søkjer klima- og miljøvenlege løysingar. Ombruk og ny bruk av eksisterande bygningar er døme på dette.

Det same blir framheva i Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken — Engasjement, bærekraft og mangfold. Meldinga set opp tre nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken, der det eine er at «kulturmiljø skal bidra til bærekraftig utvikling gjennom helhetlig samfunnsplanlegging». Med dette meiner ein alle dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling: miljømessig berekraft, sosial berekraft og økonomisk berekraft, samt korleis samfunnsplanlegging og arealforvaltning er grunnleggjande for å ivareta kulturmiljø som ein samfunnsressurs. Meldinga tar inn over seg at me står ovanføre ei klima- og miljøkrise, og at dette vil vera førande for samfunnsplanlegginga. Det gjeld såleis også for distrikta.

Skal distrikta vera framtidsretta og attraktive kan ein ikkje ta bort dei lokale ressursane og byggja ned det som gir ein stad identitet. Forslaget om saneringsstøtte er slik umoderne og i utakt med trendar og tendensar ein ser i dag – og i strid med nasjonale mål. Me ber difor om at forslaget om saneringsstøtte blir fjerna. I staden kan ein foreslå tilskotsordningar for istandsetjing av desse såkalla «skjemmande» bygningane.

Avsendarar

Fortidsminneforeningen avdeling Rogaland

Ryfylkemuseet

Museum Stavanger

Jærmuseet

Haugalandmuseet

Dalane Folkemuseum

Byantikvaren, Stavanger kommune

Kommuneantikvaren, Karmøy kommune

Byantikvaren, Haugesund kommune

Kulturvernavdelinga, Hå Kommune