Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 26.03.2021

Høyringssvar frå Vestland fylkeskommune

Det krev både politisk mot og vilje for å halde fast på målet om busetting i heile landet.

NOU 2020:15 frå Distriktsdemografiutvalet peikar på utviklingstrekk for distrikta og tiltak for korleis ein med politikk kan motverke sterke sentraliseringstrendar og styrke distrikta.

Vestland fylke meiner NOU 2020:15 har fleire gode framlegg for å styrke distrikta. Vestland fylke er tydelege på at for å nå målet om likeverdige tenester og tilbod i heile landet, så krev det tildels særlege og skreddarsydde tiltak, og ikkje berre universelle tiltak som for ein stor del legg marknaden til grunn for løysingar.

Likeverdig tilgang til offentleg tenestetilbod, enten det er helsetenester, utdanningsinstitusjonar, kollektivtilbod eller anna infrastruktur, betyr mykje for kvar ein vel å busette seg. Bustadpolitikken, der bustader i distrikta er like dyre å bygge men har mykje lågare andrehandsverdi, er viktig å sjå nærare på.

Den sterke samanhengen som er mellom kvar högare utdanningsinstitusjonar er lokalisert og kvar folk busett seg, talar sterkt for å halde fast på desentraliserte strukturar både for vidaregåande skular, fagskoler og for högare utdanning.

Fylkeskommunen si rolle som regional utviklar og viktig samarbeidspart med kommunane, må styrkast og tilførast midlar til å vere nettopp det.

Vestland fylke har 35 kommunar med tilsaman 214 000 innbyggjarar som vi kan rekne som distriktskommunar innanfor den definisjonen som NOU 2020:15 Det handler om Norge legg til grunn. I 2040 vil det truleg bu mellom 207 000 og 211 000 innbyggjarar i desse kommunane. NOU 2020:15 er difor ei viktig utgreiing for fylket vårt.

1) NOU 2020:15 peiker på at det er behov for nytenking i distriktspolitikken (punkt 10.7, s. 195). Vestland fylkeskommune sluttar seg til dette og meiner at utgreiinga viser utviklingstrekk og utfordringar som er sentrale for utvikling av ei ny, samordna og framtidsretta distriktspolitikk.

2) Vestland fylkeskommune støtter oppretting av eit offentleg utval for utgreiing av inntektsgrunnlag for kommunane og grunnlaget for dei regionale tilskota, sett i lys av dei utfordringane som NOU 2020:15 trekk opp.

3) NOU 2020:15 peiker på behov for regional samordning og samarbeid (s. 14 og 193). Ved regionreforma pr 1.januar 2020, vart fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar framheva som vesentleg. Vestland fylkeskommune kan ikkje sjå at denne rolla er vurdert og omtala i nemnande grad. Vi vil peike på at fleire av dei utfordringane som er utgreidd fell innanfor område der fylkeskommunen har verkemiddel og kompetanse til å bidra. Vi meiner utgreiinga ville tent på å ta dette forholdet med i framlegg til rammer for ein ny distriktspolitikk.

4) Vestland fylkeskommune sluttar seg til utvalet si tilråding om oppretting av eit program for utprøving av nye tiltak og vil peike på at i eit slikt program vil fylkeskommunen kunne ta ei koordinerande rolle som del av rettleingsansvaret knytt til plan- og bygningslova og innanfor rammene for den regionale samfunnsutviklarrolla.

5) Gjennom nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging har regjeringa bedt fylkeskommunar og kommunar om å sikre at FN sine berekraftsmål blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga gjennom:

a. Planlegging som verktøy for heilskapleg og berekraftig utvikling

b. Vekstkraftige regionar og lokalsamfunn i heile landet

c. Berekraftig areal- og transportutvikling

d. Byar og tettstader der det er godt å bu og leve

Vestland fylkeskommune har lagt dette til grunn i vår regionale planstrategi Utviklingsplan for Vestland 2020-2024.

Vestland fylkeskommune merkar seg at NOU 2020:15 også tek med berekraft som eit element både i tittel på rapporten og ved at berekraft blir nemnd i omtale av tema fleire stader i utgreiinga. Vi vil likevel peike på at ei klarare kopling mot FN sine berekraftsmål og samverke mellom dei tre dimensjonane som desse byggjar på (miljødimensjonen, økonomidimensjonen og den sosiale dimensjonen), vil kunne styrke utgreiinga og gi klarare retning for strategisk arbeid og planlegging ved utforming av ein ny distriktspolitikk.

6) Utgreiinga peiker på at sektorstyring og silotenking kombinert med digitalisering og spesialisering i sum har vore til ugunst for distrikta (s.15 og 190). Samstundes held utgreiinga fram digitalisering som viktig bidrag i utvikling av ein ny distriktspolitikk gjennom utvikling av nye teknologiske løysingar innanfor ei rekkjeviddeaukande modell (t.d. s.97). Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 har som mål 3 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv, med tilhøyrande strategi 3.3. Vestland skal utvikle fysisk og digital infrastruktur som sikrar mobilitet og digitale tenester. Vestland fylkeskommune meiner at ein tydeleg definisjon av digitalisering som ikkje er avgrensa til digitale løysingar, men som legg vekt på digitalisering som verktøy for å tilpasse forvaltningsstrukturstruktur, organisering, arbeidsprosessar og tenesteyting, vil kunne bidra positivt i ein distriktspolitikk der mellom anna utflytting av statlege arbeidsplassar er ei målsetting.

7) Vestland fylkeskommune sluttar seg til utvalet si vurdering av vegbygging (for å binde saman regionar), utvikling av transporttilbod, utbygging av breiband og utvikling av digitale tenester som vesentlege element i ei rekkjeviddeaukande strategi (s. 97). Dette er utfordringar som er særleg tydelege i vårt fylke.

8) Vestland fylkeskommune vil gjere merksam på fylkeskommunane sitt kompetansepolitiske ansvar og samordningsrolle. Eit viktig mål er å sikre betre tilgang på arbeidskraft som møter behovet i den regionale arbeidsmarknaden og vidareutviklar kompetansen til dei som er i arbeid. Dette skal skje i tett samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsinstitusjonane. Vi har etablert Kompetanseforum Vestland som samarbeidsorgan for kompetansearbeid i regionen. Vestland fylkeskommune kan ikkje sjå at det regionale kompetansearbeidet og fylkeskommunen si rolle er teke inn i NOU 2020:15.

9) Vestland fylkeskommune meiner at fylkeskommunen sitt ansvar for dei vidaregåande skulane og vidaregåande opplæring si rolle i ei ny distriktspolitikk er for utydeleg i NOU 2020:15

10) Vestland fylkeskommune har merka seg at Kommunal og moderniseringsdepartementet i høyringsbrevet ber om innspel til tiltak som ikkje er inkludert i utgreiinga. Vi legg fylkesrådmannen si saksframstilling ved denne høyringsuttalen.

Vedlegg:

1) Protokoll, Vestland fylkesutval 26.3.2021 (PS 68/21)

2) Saksframlegg PS 68/21

Vedlegg