Høringssvar fra Vaksdal kommune
Kommunestyret i Vaksdal vedtok 23.03.21, sak 24/2021, følgjande høyringsuttale:
Vaksdal kommune meiner demografiutvalet sin rapport er eit godt utgangspunkt for prosess med å utvikle norsk distriktspolitikk i åra frametter, og støttar opp om tilrådingane i rapporten kap.10.
Frå Vaksdal kommune vil nokre punkt presiserast:
- God kommunikasjon, veg og bane, samt fullt utbygd fibernett / godt utbygd nett er ein føresetnad for å få stabilisere og auke folketalet.
- Utdanningskapasiteten innan helse og omsorg må aukast slik at kommunane er i stand til å møte den forventa veksten i eldre i åra frametter.
- Inntektssystemet til kommunane må innrettast slik at kommunane er i stand til å handtere «eldrebølga».
- Framtidsretta samfunnsplanlegging må prioriterast.
- Distriktskommunane i Noreg har nokre felles trekk, likevel har dei ulike utfordringar, mellom anna med utgangspunkt kor nært dei ligg byar eller distriktssentera. Tiltaka må avspegle skilnaden mellom kommunane slik at tiltak vert «skreddarsydd» og retta mot dei utfordringane ein ser i den einskilde kommune.
- Kommunalt sjølvstyre; Kommunane må sjølv kunne vurdere storleik på eigen eigedomsskatt inntil 7 promille.
- Det er av avgjerande betydning at naturressursskatt på vasskrafta og kompensasjon for avgjevne naturressursar held fram som i dag.
- Det må iverksettjast plan for utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Målsettinga må vere at nye statlege arbeidsplassar kjem distrikta til gode.
- Staten saman med fylkeskommunane må innføre ei takst for all kollektivtrafikk i kvart fylke. I tillegg må unge under 18 år og elev/student få betydeleg rimelegare kollektivtrafikk enn i dag. Stat og fylkeskommune må utvikle kollektivtilbodet i distrikta slik at det vert eit reelt alternativ til bilen.
- Reell satsing på desentralisert og fleksibel utdanning er forutsetning for økt kompetanse. Det må liggja føre insentiv for å gje tilbod også i distrikta, og for å tilby meir fleksible utdanningar. Dette må takast hensyn til i gjennomgangen av finansieringa til UH-sektoren.