Høringssvar fra Nynorsk forum

Dato: 24.03.2021

Nynorsk forum, med 17 nasjonale nynorskorganisasjonar, kjem med dette med innspel til NOU 2020:15 «Det handler om Norge - Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene». Med utgangspunkt i Prop. 118 L Språklova reknar vi med at kommunal- og moderniseringsdepartementet tek med språkpolitiske vurderingar i vidare arbeid med distriktspolitikken. Meldingsdelen til proposisjonen slår fast at kvart departement har eit sektorspesifikt ansvar for språk. Saman med merknadene til § 1 i den nye språklova, som slår fast at «Tredje ledd lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk» ventar vi at stoda for nynorsk blir vurdert særleg i framtida.

Distriktspolitikken er avgjerande for mange av dei språklege mindretala Noreg har særleg ansvar for. Det er derfor viktig at dei språkpolitiske konsekvensane av grep i distriktspolitikken blir lagt særleg vekt.

Særleg utfordring for nynorsk

Det er 118 norske kommunar som har nynorske skulekrinsar. Av desse er 80 kommunar i dei to kategoriane SSB har sett med lågast sentralitet. Nesten 4 av 10 grisgrendte kommunar er kommunar med nynorskklassar. Demografiutfordringane er aleine den største trusselen for vidare rekruttering av nye nynorskbrukarar.

Som eit mindre brukt språk i eit område som blir dominert av eit anna språk er nynorskbrukarane avhengig av både status og bruk. I språklova blir offentlege organ (på alle forvaltningsnivå) forplikta til å styrkje nynorsk, utover å følgje minimumskrava i lova. Det bør innebere særleg omsyn til nynorskkommunar og nynorskområde i distriktspolitikken. Det kan vere til dømes for næringspolitikk og offentlege tenester som rettsvesen, utdannings- og forskingsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og helse- og sosialtenester.

Det er ei særleg utfordring at sentralisering oftast skjer frå nynorskkommunar til språkblanda-/ bokmålskommunar. Det er til dømes ei utfordring i Innlandet, Rogaland, Vestfold og Telemark, Viken og rundt Bergen, Ålesund og Molde. Ein bør vurdere om tenester medvite bør liggje i nynorskområde i kommunar og i regionar.

Konkrete tiltak

  • Nynorsk forum meiner argumentasjon om språkleg mangfald må vere med som ein del av argumentasjonen for distriktspolitikken.
  • Nynorsk forum meiner ein må gjere språkpolitiske vurderingar til eit kriterium i retningslinjene og rettleiaren for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.
  • Nynorsk forum meiner kommunane må prioritere lokalisering av eigne tenester, også ut frå språklege kriterium.

På vegner av BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor.

Per Magnus Finnanger Sandsmark
direktør Nynorsk kultursentrum og sekretær/ talsperson Nynorsk forum