Høringssvar fra Voss herad
Høyringsuttale frå Voss herad
NOU 2020:15: «Det handler om Norge - Bærekraft i hele landet. Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene»
Voss herad støttar opp om at det er trong for ein ny distriktspolitikk og at me lyt tenkja nytt for å skapa berekraftige samfunn i distrikta som kan handtera demografiutfordringane. Voss herad er samd med utvalet i at utfordringane er samansette og at nedgang i folketal, aldring og spreitt busetnad ofte skjer samstundes, noko som igjen kan forsterka dei negative konsekvensane i distriktskommunane og innebera auka trong for nasjonal merksemd og statlege tiltak.
________________________________________________________________________________
Voss herad tykkjer NOU 2020:15 oppsummerer utfordringsbilete knytt til demografiutfordringane i distrikta på ein god måte. Det vert viktig å ta inn over seg i all samfunnsplanlegging i distrikta at me vil ha ei tilnærma jamn folketalsutvikling, men ei kraftig aldrande befolkning, fødselsunderskot og færre vaksne i produktiv alder. Det må byggjast opp om berekraftige lokalsamfunn – sterke regionsenter og levande grender -med vekt på gode tilbod lokalt der ein får til sosialt og kulturelt samspel og aktivitet. Lokalsamfunna i distrikta skal oppleva vitalitet og attraktivitet.
I dagens samfunn veks storparten av dagens unge opp i urbane samfunn utan tilknyting til distrikta. Det kan derfor vera vanskeleg å forstå utfordringar distriktskommunane står i. Det er vidare ei stor utfordring at dei som vert rekruttert inn til å styra landet i form av politikarar og embetsverk kjem frå nettopp urbane strøk. I samband med nominasjonsprosessane nyleg var 7 av 8 nominerte partitoppar i Hordaland frå Bergen. Politikk frå nasjonalt hald må henga saman med verkelegheita ute i kommunane og det er difor særleg viktig at innspel frå distriktskommunane på større offentlege utgreiingar vert integrert i vidare arbeid hjå departementet.
Voss er kategorisert i sentralitetsklasse 4, men me kjenner me oss godt at i utfordringsbiletet som vert skissert i rapporten. Me ynskjer å framheva desse tema som særleg viktige:
1. Samhandlingskommunen
2. Sterke regionsenter og levande grender
3. Fysisk og digital infrastruktur
4. Utdanning, kompetanse og konkurranse om arbeidskraft
5. Finansiering av ressurskrevjande personar
6. Bustadmarknaden og Husbanken si rolle
7. Oppholdsprinsippet
8. Tenesteutvikling på distrikta sine premiss
1. Samhandlingskommunen
Voss herad har ambisjonar om å verta verdas beste herad. Visjonen vår er å vera eit sterkt regionsenter med levande grender. Me ynskjer å ta ansvar for eiga utvikling, i samhandling mellom kommune, innbyggjarar, næringsliv og lagsliv som ynskjer det beste for fellesskapet og vidare utviklinga av heradet vårt. At NOU 2020:15 lyfter fram samhandlingskommunen og samskaping som ein nøkkelstrategi i arbeidet med å møta dei mange utfordringane me står overfor ser me på som positivt. Voss herad ynskjer initiativ som reduserer uhensiktsmessig statleg detaljstyring velkommen. Eit auka lokalt handlingsrom vil innebera at kommunane faktisk får høve til å vera «agent for eiga utvikling» og til å kunna utvikla lokalsamfunnet i tråd med det innbyggjarane våre ynskjer.
Det er og viktig med eit føreseieleg inntektssystem som gjev tryggleik om at utgifts- og inntektsutjamning vil fortsetje. Tilskot til kommunar og fylkeskommunar skal som hovudregel vere frie midlar. I den grad det vert flytta oppgåver frå statleg til kommunalt og fylkesnivå lyt det fylgja tilstrekkeleg finansiering med slik at tenestetilbodet ikkje vert forringa.
Forsørgjarbyrda vil auka i distriktet, og Voss meiner grunnleggjande prinsipp om omfordeling av inntekter er viktig for å oppretthalda velferdsstaten. Kommunar som stiller naturressursar disponible, må også behalda økonomisk kompensasjon for dette i framtida.
2. Sterke regionsenter og levande grender
Voss herad meiner at styrking av regionsentera lyt vera ein viktig del av distriktspolitikken frå statleg hald. Regionsentera er og viktige for at det skal kunne bu personar i grendene rundt om i distrikta. Ei styrking av regionsentera bør skje gjennom mellom anna næringsutvikling, bustadpolitikk, oppretting av utdanningstilbod og plassering av offentlege arbeidsplassar.
Distriktskommunar må stå friare i høve til nasjonale føringar for arealplanlegging til bustad. I kommuneplanane må det opnast opp for at kommunane kan legge ut noko areal til bustader utanom sentrum, for å sikre levande grender
Distrikta manglar og vil koma til å mangla arbeidskraft med relevant kompetanse. Ungdommen flytter i stor grad til byane og meir sentrale strok. For å sikra seg kompetent arbeidskraft i framtida må småstadane vere attraktive for ungdommen. Utvikling av møteplassar, kulturtilbod og sentrumsutvikling er tydeleg preferanse for dei unge sitt bustadsval og det burde vore peikt på særlege satsingar også på desse områda. Samla ville då tiltaka, med øyremerka og spissa tilskot, kunna verta nyttige verkemiddel for å byggja opp under regionale sentra med ein viss avstand til bysentrum. Ordningar som «Heim for ein 50-lapp» burde vorte innført i heile Noreg. Samstundes vil det å styrka frådrag som legg til rette for at folk kan leva og bu i heile landet, t.d. pendlarfrådrag og foreldrefrådrag kunna bidra til å oppretthalda busetnaden i distrikta.
Når det blir etablert nye statlege arbeidsplassar, skal desse bli lagt utanfor Oslo og alle som jobbar i statlege arbeidsplassar der ein ikkje har direkte kontakt med folk skal i større grad kunne jobbe i frå der dei vil.
Voss ynskjer å vera med i ulike prøveprosjekt. Då vil det kunne vurderast både effekt i distriktskommunen Voss – regionsenter med levande bygder - og indirekte effekt på omliggande kommunar.
3. 3.Fysisk og digital infrastruktur
God infrastruktur er avgjerande for distrikta. Dei store gjennomfartsårene, både veg og bane er viktig, men og intern infrastruktur i kommunen. Prioritering av viktige infrastrukturårer er avgjerande og kommunane må fylgje opp med god lokal infrastruktur og overordna planlegging. Voss herad støttar utvalet i at det lyt investerast meir i vegprosjekt som utvidar og styrkar integrasjonen i dei regionale arbeidsmarknadane. For Voss herad er det særleg viktig at K5, ny E16/Vossabana, Arna-Stanghelle vert innlemma i fyrste del av NTP 2022-2025.
Dei kommunale vegane er ein viktig del av infrastrukturen i landet og opne vegar året rundt er viktig for å sikra velferdstenester, livskvalitet og tryggleiken til innbyggjarane. Kommunane kan i liten grad velja å privatisera vegar utan å påføra innbyggjarane store private kostnadar. Samstundes opplever kommunar at stat og fylkeskommune omklassifiserer sine vegar til kommunale vegar. Kommunale vegar er ei nasjonal velferdsteneste med særs variable utgifter mellom kommunane på grunn av ufrivillige klimatiske og geografiske forhold. Departementet må innlemma kommunale vegar som ein eigen delkostnadsnøkkel i inntektssystemet for å sikra kommunane full kompensasjon for ufrivillige kostnadsulemper. Voss med 315 km kommunale vegar har eit stort etterslep på vedlikehaldet. I prioriteringar mellom folk; barn og unge/eldre tapar veg svært ofte kampen om midlane. Vegar er viktige i distrikta som må basera seg på bil. Kollektivtilbodet vil ikkje ha befolkningsgrunnlag stort nok til å oppretthalda tilstrekkeleg med avgangar. Regjeringa bør satse på infrastruktur til klimanøytrale køyretøy som er tilpassa bruk i distrikta, i tillegg til å bygge ut 10 000 hurtigladarar over heile landet innan 2025.
I ei tid der digitale tenester skal ta over mykje av tenestetilbodet er det er viktig at me byggjer ut digital infrastruktur til alle. Alle landet sine husstandar må sikrast tilgang på høghastigheits breiband innan 2024. Digital infrastruktur er ein føresetnad for likeverdig deltaking i samfunnet, spesielt i distrikta. Voss herad tykkjer utbygging av digital infrastruktur er ei offentleg oppgåve til beste for velferdssamfunnet og ynskjer alle ordningar som støttar opp om dette velkomne. Mykje av infrastrukturutbygginga er marknadsstyrt og der kjem ofte distrikta til kort. Hjelpemiddel av teknologisk art må i mykje større grad samordnast over kommunegrensene. I dag er det for mange firma som tilbyr omtrent det same, der systema ikkje snakkar saman og må skiftast etter eit par år fordi det er komen ny teknologi. Her må det jobbast fram insentiv som gjer at produsentane vel å satsa i ein samordna retning.
Voss herad tykkjer det bør setjast i vert statlege tilskotsordningar som lyfter alle distrikta opp på eit fungerande minimumsnivå. Distriktskommunane bør stimulerast til innovasjonsprosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester også dersom dei bur i ein avkrok. Døme på tiltak kan vera legekontor på hjul, digital heimeundervisning ein gong i veka for dei med lang reiseveg, gratis eller billig transport av varer for dei som har lang veg til butikken, etc. Her bør det og vera rom for samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Å handle lokalt, men på nett er langt betre enn å handle globalt på nett.
4. Utdanning, kompetanse og konkurranse om arbeidskraft
Distrikta står overfor ei reell utfordring med å sikra nok folk med rett kompetanse framover. Innan helse og omsorg er det allereie knappheit på sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og andre helsefagutdanna og privatpraktiserande fastlegar. Denne utfordringa har både by og distrikt. Det vert ressurskrevjande for distriktskommunane dersom dei skal bruka individuelle insentivordningar for å tiltrekkja seg rett folk. Voss herad meiner det bør vurderast nasjonale stimuleringsordningar og tiltak for å sikra tilstrekkeleg kapasitet i heile landet i framtida.
Voss herad er samd i at det lyt leggjast til rette for at fleire kan ta helseutdanning, både sjukepleiar – og helsesjukepleiarutdanning. Det bør satsast på desentralisert sjukepleiarutdanning, og gjerne utdanning som kan kombinerast med arbeid i kommunale helseinstitusjonar. Dette kan gjerast anten gjennom deltidsutdanning eller gjennom heiltidsutdanning som er samlingsbasert. Det bør også leggjast til rette for anna type desentralisert høgskuleutdanning, til dømes lærarutdanning.
I tillegg er det viktig å undersøka kvifor det er så mange som utdannar seg innan helsefag som vel å slutta i desse jobbane og gå over i andre bransjar. Utdanningane er kostbare for samfunnet og det er viktig å leggja utdanningsløpa opp på ein slik måte at ein kjenner verkelegheita når ein kjem i arbeid. Kva rolle kommunen skal ha i desse tilboda lyt avklarast, men ei bevisst tilrettelegging for praksisoppfylging kan vera eit av fleire verkemiddel. 90 % av midlane til forsking går til spesialisthelsetenesta, noko som medfører at kommunane har mangelfull kunnskap om kva som verkar i helsetenesta og kvifor det verkar. Når kommunane innfører nye tiltak er dei ofte basert på erfaringskunnskap.
Koronakrisa har råka oss alle hardt. Sjølv om det siste året har vore tungt med mykje uvisse har pandemien likevel synt oss at me kan omstilla oss og tenkja nytt når me no vert nøydde til det. Voss herad meiner at det også krevst evne og vilje til omstilling og nytenking for å kunna skapa berekraftige distriktskommunar i framtida. Me støttar utvalet når dei påpeikar at lærdom frå pandemien kan gje anna utvikling i distrikta. Fylgjande tiltak bør vurderast:
- Fornya NAV si rolle. Reiselivsbygda Voss har mange permitterte frå verksemder som vert haldne i live grunna koronastøtte. Somme av verksemdene kan komma til å gå konkurs og personane vil då verta heilt utan arbeid. Nav burde bu seg på endringane grunna pandemien og starta tiltak som både identifiserer dei som vert varig ledige og motivera desse til å utdanne seg i retning av der det vil vera jobbar i framtida, innan helsesektoren.
- Heimekontor som verkemiddel i samband med spreiing av statlege arbeidsplassar, eventuelt forsterka dette med økonomiske insentiv for dei verksemdene som legg til rette for heimekontor til dei som vel å busette seg i distrikta.
- Som hyttekommune vil Voss sjå positivt på ordningar som gjer det enklare å bu på hytta, samstundes som ein arbeider på heimekontor, eventuelt i felles kontorlandskap som igjen kan danna grunnlag for knoppskyting av nye verksemder
5. Finansiering av ressurskrevjande tenester
Distriktskommunar og spesielt regionsenter kan oppleva at auke i talet ressurskrevjande brukarar er krevjande for kommuneøkonomien. At ressurskrevjande brukarar vert eldre enn tidlegare er bra, men også ei demografisk utfordring for distriktskommunane. Tenestene vert tildelt etter brukaren sine lovmessige rettar, men i mindre kommunar er det vanskeleg å redusera kostnadane gjennom organisatoriske tiltak. Voss har hatt ein betydeleg vekst i ressursbehov til denne brukargruppa. Når innslagspunktet vert heva kvart år og brukarane vert fleire, gjer dette at kommunen må finna rom for veksten ved å prioritera ned andre område. Voss meiner at det er viktig å styrka refusjonsordninga i staden for å stramma den inn.
6. Bustadmarknaden og Husbanken si rolle
Voss herad støttar utvalet i at det lyt takast grep for å sikra egna bustader for eldre i distrikta. Me skal leggja til rette for eit aldersvenleg samfunn og planleggja for ei meir sentralisert busetnad i nærleiken av tenestene slik at dei eldre vert meir sjølvhjelpne og del av eit større fellesskap.
Me støttar vidare utvalet i at ei slik planlegging krev at det eksisterer ein bustadmarknad der dei eldre kan selja gamal bustad for å kjøpa ny, eller at det eksisterer ein privat leigemarknad. Slik er det ikkje i dag. I grendene er det ofte slik at dei eldre bur på kår og i kårhus som ikkje kan seljast då det fylgjer garden.
NOU 2020:15 peikar på at KMD må klargjera overfor Husbanken at dei har ei distriktspolitisk oppgåve både knytt til bustadtilgang generelt og til bustadar til eldre spesielt. Voss herad støttar dette. Samstundes er det ynskjeleg at leige-til-eige ordninga i distrikta vert styrka for å støtte unge nyetablerte og for å minske utflytting frå distrikta og at det vert opna opp for at kommunar kan få ekstra kompensasjon frå staten om dei sel låg-prisa bustadtomter til fyrstegongsetablerarar.
At Husbanken også kunne involvera seg i meir innovative bustadprosjekt, som minihus og minilandsbyar, ville vore gunstig for å få nyetablerarar inn på bustadmarknaden. Voss herad vil gjerne vera med i slike innovasjonsprosjekt.
7. Opphaldsprinsippet
Voss herad meiner at inntektssystemet bør utviklast til å vera meir fleksibelt slik at det varetar det at folk oppheld seg i større delar av tida i fritidsbustad. Ein del kommunale tenester og infrastruktur vert nytta av bebuarar i fritidsbustader. Inntektssystemet bør kompensera for kvar tenester vert utøvd. Dette kunne vorte løyst gjennom å leggja til rette for meir fleksible buløysingar ved å gjera mogleg å vera folkeregistrert i fleire kommunar. Slik ville både kommunane sine inntekter og innbyggjarane sine rettar og plikter vorte sikra.
8. Tenesteutvikling på distrikta sine premiss
Voss herad støttar utvalet i at tenesteutviklinga lyt vera på distrikta sine premiss. Me er likevel noko skeptiske til framlegget om at gratis barnehage og SFO vil vera rette tiltaka for å få best mogeleg effekt. Slike tiltak lyt i så fall gjelda for grendene og under føresetnad om at ikkje byane kan gjere det. På Voss har me ledig kapasitet i nokon av barnehagar i periferien, så dersom dette tiltaket vil få fleire til å bu mindre sentralt på Voss, så kan det vere eit nyttig grep.