Høringssvar fra Sunnfjord kommune
NOU 2020:15 demografiutvalet – høyringsuttale frå Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune meiner demokratiutvalet har lagt til grunn ein god måte å forstå distrikta sine utfordringar i Norge på ved å peike på at utfordringane er langt meir samansett enn tiltak innanfor næringsutvikling og jobbskaping. Det er tilgang til gode tenester som er sentralt, særleg knytt til ein aldrande befolkning.
Perspektiv om at vi er ein del av ein dynamisk heilskap nasjonalt framfor å dele Norge opp i byar mot distrikt er òg ein meir fruktbar måte å angripe den nye distriktspolitikken på. Sunnfjord kommune vil peike på at deler av kommunen lenge har vore prega av å vere ein demografisk ung befolkning. Dette har endra seg dei seinare åra og naturleg nok forsterka seg med at vi vart ein ny samanslått kommune frå 2020. Resonnement til utvalet om å kunne lage bærekraftige system for å handtere konsekvensane av aldring er derfor relevant og aktuelt for Sunnfjord kommune, og noko vi må legge til grunn i kommunen sin samfunnsplan.
Utvalet peiker på utdanning og kompetanse som eit særleg viktig område og at det må leggast til rette for dei som ønsker å ta høgare utdanning i distrikta. Sunnfjord kommune er samd i dette, men vil òg peike på verdien av å ha eit desentralisert og fleksibelt utdanningstilbod innan vidaregåande skule. Det er nemleg avgjerande for småsamfunn og grender at ungdommen har tilbod om vidaregåande utdanning og samstundes kunne bu heime. Dette skapar bulyst lokalt og er med på å gjere det lettare for mange unge å flytte tilbake seinare.
Sunnfjord meiner eit eige program for utprøving av nye tiltak i distriktspolitikken er nyttig og vil kunne skape engasjement og utviklingskraft. Sunnfjord kommune vil særleg peike på utvikling av distriktsbyen Førde, vidareutvikling av ein berekraftig høgskule- og universitetscampus og auka merksemd omkring utvikling av ein funksjonell bu-, arbeid- og serviceregion mellom Bergen og Ålesund som særleg viktige områder der kommunen ønskjer auka samarbeid og støtte frå staten. Dette er satsingar som er i samsvar med demokratiutvalet sine anbefalingar.
Utvikling av distriktsbyen Førde
Sunnfjord kommune kjenner seg godt igjen i det som utvalet peiker på som gode distriktsbyar med eit omland, og presentert i rapporten som eitt av tre scenario eller ambisjonsnivå. Dette blir omtala som eit «…scenario for å skape større regional balanse i landet gjennom satsing på velfungerende distriktsbyer med lokalisering av kunnskapsintensiv virksomhet. Scenarioet krever kraftig opptrapping av god lokal infrastruktur og aktiv satsing på utdannelses-, helse-, kultur- og offentlige jobbtilbud i distriktsbyene. Gode transportmuligheter gjør det mulig å bosette seg i distriktskommuner og pendle til byene, og økt bruk av personrettede tiltak vil gjøre det mer attraktivt å bosette seg desentralt» (s.181).
Førde er i dag den viktigaste distriktsbyen mellom Bergen og Ålesund og spelar ei sentral vertskapsrolle innan kultur, media, nynorsk, helse, utdanning, forsking, og statleg forvaltning. Direktorata Lotteri- og stiftelsestilsynet og Norec meiner vi har vore ein suksess. Saman med statlege institusjonar som Statsforvaltaren (landbruk), Helse Førde, NVE, Sogn og Fjordane tingrett og Høgskulen på Vestlandet (HVL) har vi òg vist kor viktige desse institusjonane er med omsyn til utvikling av regionen og auke den regionale integrasjon.
Distriktsbyen Førde har i dag nærare 10 000 arbeidsplassar og ein stor dagleg innpendling på nærare 4 000. Det set store krav til ein funksjonell infrastruktur for å kunne gi relevante og gode tenestetilbod. Førde si rolle som distriktsby vil uansett utvikle seg grunna storleiken, men det er viktig at denne utviklinga er berekraftig og god. Sunnfjord kommune vil invitere staten med å laget for å ta ei sterkare regionalpolitisk rolle og vise fram potensiale for verdiskaping på Vestlandet.
Utvikling av campusmodellar for høgskule og universitet
Sunnfjord kommune er vertskap for ein av fem campus på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Høgskulen sin campus er plassert ved sidan av sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane (Helse Førde) og har ei stor avdeling for helse- og sosialutdanningar i tillegg til utdanningar innan tekniske fag. Vi har allereie i dag mange studentar innan helse og som òg har sin praksis ved Helse Førde. Med ei eventuell satsing på «Vestlandslegen» der medisinarstudentar kan ta halve utdanninga si i Førde, Haugesund og Stavanger, vil vi ha ein unik muligheit til å utvikle campus vidare som ein berekraftig og styrka universitetscampus. Ambisjonen for HVL er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil allereie frå 2023. I samarbeid med HVL, Helse Førde, Vestland fylkeskommune og Staten vegvesen bør det vere eit mål å utarbeide ein utviklingsplan for campus. Føremålet skal vere å utvikle eit endå betre utdanningstilbod basert på relevante og fleksible løysingar tilpassa regionalt nærings- og samfunnsliv.
«Fjordane» som funksjonell bu-, arbeids- og serviceregion
Med betre infrastruktur får vi òg endring i regiongrensene og styrka integrasjonen i bu-, arbeidsmarknaden. Dette saman med full digital deltaking i samfunnslivet, er særleg viktig for ein ny distriktspolitikk i dag.
I dag dekker Sunnfjord kommune med omland ein bu- og arbeidsmarknadsregion på nærmare 50 000 innbyggarar. Med endå betre vegstruktur i regionen vil heile Nordfjord, HAFS kommunane (Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund) saman med Sunnfjord utgjere 80 000 innbyggarar, nesten like mange som tidlegare Sogn og Fjordane fylke (110 000 innbyggarar). I desse dagar er spørsmålet om å etablere eit eige Fjordane interkommunale politisk råd med desse kommunane, oppe til drøfting. Dette viser potensiale for å skape endå større regional integrasjon. Dette handlar om å bygge vidare på heile region sine kvalitetar frå kysten og næringane her, fjordane og breane som dei mest besøkte reiselivsdestinasjonane, kvalitetane i landbruket, og alle dei små- og mellomstore verksemdene vi har her. Og det rike kultur- og samfunnslivet.
Demografiutvalet – effektar og statleg engasjement
Sunnfjord kommune er svært medviten si rolle som samfunnsutviklar og som vertskap for regionale institusjonar og tenester. Mykje av dei effektane som demografiutvalet peiker på er heilt sentrale i vidare utvikling av regionen i framtida. Men vi klarer ikkje gjere alt aleine, vi må samarbeide for å kunne samskape. Det er derfor viktig at staten er med på å stø sterkare opp under dei satsingane som vert presentert i rapporten. For Sunnfjord kommune sin del har vi peika på tre særleg sentrale område som vi ønskjer støtte og samarbeid omkring - Førde som distriktsby, etablering av ei endå meir berekraftig universitetscampus, og vidareutvikling av ein styrka bu-, arbeid- og serviceregion mellom Bergen og Ålesund.