Høringssvar fra Vest-Telemarkrådet
Vest-Telemarkrådet takkar for høvet til å kome med høyringsinnspel på NOU 15:2020.
Demografiutvalet har lagt fram ei omfattande og grundig utgreiing. Utvalet sine anbefalingar og forslag til tiltak vil saman med Distriktsnæringsutvalet si utgreiing vere eit godt grunnlag for å skape vekst og utvikling i Vest-Telemark. Det er viktig at utvala sine utgreiingar blir sett i samanheng og i sum gjev politisk vilje til ein forsterka distriktspolitikk framover. Vår region er eit passande laboratorium for å prøve ut ulike tiltak.
Vest-Telemarkrådet vil spesielt trekke fram desse momenta:
1) Distriktskommunane skal utvikle seg. Mengda tilsyn og omfanget av kontroll og rapportering bind opp tid og ressursar som vi kunne brukt til effektivisering, utvikling og innovasjon for å bli distriktskommunar som er attraktive å flytte til og bli buande i. Det å utvikle gode løysingar på våre lokale premiss føresett at vi kan bruke tid og ressursar på det. Kommunane treng handlingsrom for å gjennomføre lokalt tilpassa målretta tiltak. Stikkordet er "Tillit". Vi veit best lokalt kva for utfordringar vi har, og kvar vi bør styre ressursane.
2) Det må vere ei finansiering av universitet og høgskular - i vårt tilfelle USN - som stimulerer til desentraliserte utdannings- og etterutdanningstilbod.
3) Husbanken må bli ein mykje sterkare bustadpolitisk aktør. Vi må skape dynamikk i bustadmarknaden i distriktet, og få gode og attraktive bustader av ulike slag. Då må Husbanken gjere saman med kommunane. Husbanken må vere rigga for det, og få i oppdrag å medverke til ei slik utvikling av bustadmarknaden i distriktet.
4) Ordninga med inntekts- og utgiftskorrigering i fordeling av frie inntekter er avgjerande for gode tenester i heile landet. Smådriftsulemper, demografiutfordringar og reiseavstand må kompenserast.
5) Finansieringa av ressurskrevjande brukarar må betrast. Den statlege finansieringa må styrkast, og med den demografiske utviklinga utvalet peikar på med stadig fleire eldre over 67 år, bør også ordninga med statleg finansiering fylgje brukaren etter fylte 67 år, slik at helsebudsjettet til kommunane ikkje blir for tungt belasta når ein skal løyse demografiutfordringane generelt.
6) Regjeringa må halde fram med å busette flyktningar i distriktskommunane.
7) Ein må syte for at regelverket for offentlege innkjøp ikkje er innretta slik at lokalt næringsliv blir ekskludert.
8) Forsøk med skattefritak for å stimulere til bygging av utleigebustader i distriktet, slik det går fram av pkt 10.7.3 i utvalet sin rapport, bør prøvast ut.
9) Distriktsmandatet til SIVA og Innovasjon Norge må styrkast.
10) Desentralisering av statlege arbeidsplassar gjennom opning for å sitje meir lokalt for arbeidstakarane kan med fordel ta utgangspunkt i næringshagane. Dette må vere eit supplement til målretta utflytting av større einingar innan offentleg forvaltning.
11) Fylkesvegane må få eit løft. I dag er standarden fleire stader så dårleg at vegen gjev redusert livskvalitet.
12) Ordninga med redusert arbeidsgjevaravgift må ligge fast. Denne modellen kan vere grunnlag for å prøve ut ulike skatte- og avgiftspolitiske ordningar for å fremje busetting.
13) Ulike ordningar der det blir mogleg å investere arbeidsinntekt skattefritt i næringsverksemd i distriktskommunar, bør greiast ut. Det er viktig å sjå på ulike ordningar og insentiv som aukar tilgangen på risikokapital i distrikta.
14) Vest-Telemarkrådet støttar prinsippet om at kommunane må få behalde meir av verdiskapinga lokalt. Dette er særleg relevant for naturressursinntekter der kommunen stiller delar av arealet i kommunen til rådvelde. Staten må syte for føreseielege ordningar slik at kommunane kan planleggje utviklinga av sine lokalsamfunn på ein langsiktig måte.