Høringssvar fra Statsforvaltaren i Vestland
Innleiing
Statsforvaltaren i Vestland meiner at utvalet har gjort eit grundig arbeid. Problemskildringane er gode og gjev auka kunnskap. Til dømes er det eit viktig poeng at tenester må organiserast på det optimale nivået der dei kan fungera for innbyggjarane, og ikkje at lokaliseringa berre skal styrast av det som gir det optimale kostnadseffektive nivået for verksemda isolert. Eit anna viktig poeng er det utvalet skriv om at på same vis som vekst ikkje gjev svar på alle utfordringar, gjev nedgang i folketalet ikkje nødvendigvis uhandterlege utfordringar. Ei hovudutfordring for eit distriktsnivå er nettopp å ha rett nivå på tenestene for innbyggjarane i ein kommune, og på den måten å ta høgd for nedgang eller auke i folketalet. Oftast er det vanskeleg for ein kommune å setja nivået når det er nedgang.
Statsforvaltaren sluttar seg i hovudsak til framlegga frå utvalet. Nokre er nyskapande og bør prøvast ut i mindre skala først, som til dømes brukartilpassa kollektivtilbod, meir velfungerande bustadmarknad. Andre ligg meir til rette for å kunna setjast i verk for heile landet med ein gong, som til dømes satsing på fysisk og digital infrastruktur.
Statsforvaltaren vil særskilt kommentera framlegga som gjeld utdanning og rekruttering av arbeidskraft i distrikta, jf. kapittel 10.5 i utgreiinga:
Mange lærestadar, både for høgare utdanning og for vidaregåande skule, har dokumentert at ein stor del av dei som utdannar seg på ein studiestad, blir buande på studiestaden eller i distriktet etter avslutta utdanning. Dette gjeld både for studiestadar i byar og i bygder, og det gjeld dessutan både for studentar som kjem frå byar og studerer i bygder og omvendt. Mykje tyder på at sjølv om det ikkje låg ein plan bak om å bli buande der, slår studentane rot fordi dei blir kjende med kvalitetane staden har å by på og dei opparbeider eit «vaksennettverk» på studiestaden. Ofte er det enklast å bli buande der ein har studert, framføre å ta eit meir aktivt val om å flytta ein annan stad der ein ikkje har noko «vaksennettverk».
Tilsvarande historier kan også kjennast att frå ulike former for praksisstillingar, sjå under.
Desse poenga er lite framme i den offentlege debatten om fråflytting frå distrikta.
Eit poeng utvalet er inne på, er at ein del næringar i distrikta har vanskar med å rekruttera kompetent arbeidskraft. Dette gjeld både i næringar som krev praktisk retta utdanningar eller lite utdanning, som til dømes i verfts-, industri-, eller fiskerinæringane, men også næringar som krev høgare utdanning, til dømes innan IKT eller byggingeniør. Utan tvil gjer nærleik til utdanningsinstitusjonar som tilbyr dei relevante faga, det lettare for næringane å rekruttera.
I forlenginga må det erkjennast at den nasjonale satsinga på høgare utdanning i stor grad gjer at ungdom «utdannar seg vekk» frå yrke som står sterkt i distrikta, og difor også «utdannar seg vekk» frå distrikta. Næringar som krev lite formell utdanning svarar på dette ved å basera seg på utanlandsk arbeidskraft som pendlar frå heimlandet, og som i liten grad styrkjer distriktet der dei arbeider. Dette har vorte særleg tydeleg under pandemien, til dømes i verftsindustrien.
Statsforvaltaren meiner det må gjerast ei vurdering av kva typar arbeidskraft som er viktige å ha i heile landet, som det kan vera aktuelt å knyta praksiskrav til som vilkår for å få fullverdig godkjenning. Erfaring viser at overraskande mange som har praksisstillingar i distrikta, blir verande etter fullført stilling, til dømes som dommarfullmektig (juristar) eller spesialisering 1 (tidlegare turnus, for legar). Dommarfullmektigane blir gjerne advokatar i distriktet etter fullført praksis, og dei sikrar dermed tilgang til rettstryggleik for borgarar og private verksemder i området. Legane går inn i den kommunehelse- eller spesialisthelsetenesta som er aktuell på staden, der alternativet stundom er vikarstafettar med legar frå utlandet som gjev eit dårlegare tilbod.
Rekruttering av kompetanse til distrikta må bli ein langt viktigare premiss i vurderinga av slike ordningar enn det har vore siste åra. Til dømes har dommarfullmektigordninga vore offentleg debattert blant juristar siste åra, heilt utan at rekrutteringsmomentet er nemnt.
Oppsummert vil Statsforvaltaren peika på at ein meir målretta politikk for høgare utdanning og praksisplassar er avgjerande for å få til ein meir balansert utvikling mellom byar og distrikta. Til dømes kan slike premissar leggjast inn som overordna føringar for studie- og praksistilbod i statleg regi:
- Nye studieplassar skal leggjast til ein mindre stad framføre dei største byane
- Nye studieplassar skal leggjast til dei distrikta som mest treng rekruttering av fagfolk på eit område
- Eksisterande studieplassar må flyttast frå område som har god dekning av den relevante kompetansen, til område der det er rekrutteringsutfordringar
- Kunnskap om mangel på kompetanse i visse område må brukast til å oppretta desentraliserte studietilbod
- Kompetansar som er viktig å sikra i heile landet, må få praksiskrav til distriktsteneste på minimum eitt år knytte til utdanninga eller til endeleg godkjenning av kompetansen
- Utdanningstilboda må i større grad styrast etter behova i samfunnet enn etter interessa blant søkjarane. Studium som gjev kompetanse i fag som er grunnleggjande for å oppretthalda velferdsstaten, må få sikra tilgang av søkjarar, om naudsynt ved at andre studium med god søking, som er mindre viktige for å oppretthalda velferdsstaten, må få færre studieplassar. Tilbodet av høgare utdanningar i akademiske fag må ikkje vera ein for stor konkurrent til praktiske fag.
Statsforvaltaren i Vestland håpar at desse innspela kan takast med i oppfølginga av utgreiinga frå Demografiutvalet.