Høringssvar fra Sauda Vekst AS

Dato: 26.03.2021

Uttale - «Det handler om Norge»

«Det einaste som kan gi håp er handling,» seier Greta Thunberg når ho snakkar om klima. Dette kan og overførast til distriktspolitikken. Fagre ord og intensjonar må følgjast opp med politisk vilje og konkrete løysingar tilpassa dagens situasjon særleg med omsyn til den demografiske utviklinga. I dette innspelet er det difor valgt å fokusere eit konkret tiltak - ei ordning for delfinansiering av større fylkesvegprosjekt.

Ved inngangen til 2021 var det 4.561 innbyggere i Sauda. Kommunen har hatt nedgang i folketalet sidan 1962. Samla sett har det blitt 10,2 prosent lågare folketal i Sauda siden 2000, og det er høgare andel eldre enn gjennomsnittet i landet. Andel innbyggarar mellom 20 og 50 år er lågare enn landsgjennomsnittet, som medfører låge fødselstal. Trass dette er verdiskapinga og produksjon i næringslivet større enn nokonsinne. I eit gjennomsnittsår er omsetjinga frå bedriftene i kommunen om lag 4 milliard – over halvdelen knytt til eksport til utlandet.

Arbeidet til både Distriktsnærings- og Demografiutvalet er følgd med stor interesse. Rapportane til utvala har engasjert både det politiske miljøet og næringslivet i Sauda. Det er sendt uttalar og også lagt fram uttalar i høyringsmøte til Distriktsnæringsutvalet. Ungdomsrådet sende nyleg sin uttale til Ungdommens distriktspanel. Både kommunen og næringslivet sender no uttale til Demografiutvalet. Generelt kan seiast at rapportane frå utvala skildrar dagens opplevde situasjon for Sauda veldig bra.

Utvikle og modernisere fylkesvegnettet –

utvide bu- og arbeidsmarknad og redusere tidsavstand til nødvendige tilbod

Tenleg og tidstilpassa infrastruktur er ofte peikt på som avgjerande for vekst og utvikling både i sentrale strok og i distrikt. I Rogaland fylkeskommune sin samferdselstrategi blir Sauda og Utsira sett i same båt – kommunar utan naturleg bu- og arbeidsmarknad over kommunegrenser. Sauda Ungdomsråd valde å prioritere punktet «Å komme seg frå A til Å» øvst på sin uttale til Ungdommens Distriktspanel. NHO har i forarbeidet til Nasjonal transportplan vist til at god mobilitet tiltrekker seg kompetent arbeidskraft, stimulerer til nye investeringar og aukar handelen både lokalt og regionalt. Avstandsreduksjon er også viktig for bulyst og attraktivitet - og følgelig for rekruttering og kompetansebygging. For den eldre del av befolkninga og for grupper med særlege behov er trygg og effektiv reiseveg og reduksjon i reisetid til blant anna helseføretaka viktig for livskvalitet.

Fylkesvegnettet utgjer 80 % av vegnettet i landet. Det er vanskeleg å få investeringsmidlar til utvikling og modernisering av fylkesvegane, særleg i ei tid der klimaforhold stadig krev meir til rassikring og anna vedlikehald. Demografiutvalet påpeikar desse forholda i kapittel 9: Med færre brukere er det krevende å finne gode lønnsomhetsmodeller i distriktene. Dette har ført til at standarden på infrastrukturen er dårligere i distriktene.

Konkret føreslår Sauda Vekst AS at det blir etablert ei finansieringsmulighet for utvikling av fylkesvegnettet og bygging av større infrastrukturtiltak for område utan stort befolkningsgrunnlag. Modellen bør gjerast fleksibel og etter vårt syn vera eit spleislag mellom berørte kommunar, fylke og stat. Nye Veier bør også få kunne tildelt større fylkesvegprosjekt i si portefølje. Sauda har eit vegprosjekt som var del av Ryfylkepakken, vedtatt i Stortinget i 2001. Dette er eit prosjekt som vil kunne vere eit forsøksprosjekt, og vil i alle høve kunne vere eit godt grunnlag for utarbeiding av modellforslag.

Betre infrastruktur gjer det mulig å auke reiseavstanden utan å auke reisetida. Demografiutvalet peikar i sin rapport på kor sentralt, og etter vårt syn heilt avgjerande, avstandsreduksjon er for mange distriktssamfunn i dag;

Transportinfrastruktur har stor betydning for innbyggernes tilgang til arbeid, tjenester, varer og fritid, for bedrifters tilgang på arbeidskraft og andre innsatsfaktorer, for samarbeid og arbeidsdeling med andre aktører og for raskere og rimeligere leveranser av varer og tjenester. Bedre infrastruktur gir gevinster for alle.

God fysisk infrastruktur gir muligheter for å ta del i et større arbeidsmarked og få tilgang til et større utvalg av varer og tjenester. Et område blir dessuten mer attraktivt som bosted når det er mulig å flytte dit uten å skifte jobb, eller skifte jobb uten å flytte. Det gir ikke bare egne karrieremuligheter, men også muligheter for livsledsager.

Veiutbygginger som knytter sammen større befolkningskonsentrasjoner, vil gi større mangfold og økt bredde i arbeidsmarkedet. Det gir grunnlag for produktivitetsvekst gjennom storskalafordeler, læringseffekter og flere jobber som samsvarer med arbeidstakernes kompetanse. Utvalget mener derfor at det må investeres mer i veiprosjekter som utvider og styrker integrasjonen i de regionale arbeidsmarkedene.

For å knyta saman og vidareutvikle dei såkalte rurale delene av landet trengst eit løft for infrastruktur. I Sauda sitt tilfelle, til liks med mange andre, modernisering og utvikling av fylkesvegstrukturen. Innføringa av tilskotsordning til vegar viktig for næringslivet var eit steg i rett retning. Ordninga er føreslått vidareført og styrka i framlegget til NTP.

Sauda fremjar eit konkret forslag om å utforme ei ordning som gjer det mulig for kommunar å be om at deler av skatteinntektene, t.d arbeidsgjevaravgift eller andre direkte skatter fra næringslivet, frå den kommunen det gjeld kan direkte tilbakeførast som delfinansiering av større fylkesvegprosjekt. Prinsipp og grunnlag føreslår ein skal følgje «Tilskuddssordning for fylkesveier som er viktige for næringstransport.»

Sauda Vekst AS