Høringssvar fra Alver kommune

Dato: 26.03.2021

Alver kommune er ikkje rekna som distriktskommune etter definisjonen til distriktsdemografiutvalet. Like fult er det område av Alver kommune som deler kjennemerke og utfordringsbilete med distriktskommunane utvalet har analysert. Alver kommune, med tettstaden Knarvik, har òg status som regionsenter for fleire distriktskommunar.

Utvalet slår fast at spreidd busetjing, særleg blant eldre og pleietrengande innbyggjarar, er og vil bli kostnadskrevjande for distriktskommunar. Tiltaka og analysane til utvalet dreiar seg hovudsakleg om korleis dette kan handterast frå kommunane si side. Men det bør og nemnast at desse strukturane let seg påverke gjennom arealplanlegginga i kommunane.

I forbindelse med kommunesamanslåing blei det i Alver kommune vedteken ein intern senterstruktur, beståande av seks lokalsenter i tillegg til kommune- og regionsenteret Knarvik. Denne senterstrukturen ligge til grunn for arbeidet med kommuneplanens arealdel i den nye kommunen, og målsetjinga er nettopp at busetjing og tenestetilbod skal planleggjast i samanheng.

Som regionsenterkommune vil Alver kommune peike på potensialet regionsentera utgjer med omsyn til å ivareta busetjing utanfor dei store byane i Norge. Regionsentera trekker til seg eksterne tilflyttarar og investeringar, og verkar i tillegg som ein “buffer” mot fråflytting ved at unge som ønsker å bu meir sentralt finn eit slikt tilbod i eigen region. Det er god grunn til å tru at den demografiske situasjonen i distrikta hadde vore endå verre utan regionsentera som trekker til seg tilflyttarar og investeringar utanfrå.

Som utvalet peiker på er det vanskar med å rekruttere arbeidskraft, og særleg høgkvalifisert arbeidskraft, til distrikta. Attraktive regionsenter i distrikta, med mangfaldige arbeidsmarknadar og tenestetilbod, vil gjere rekrutteringa lettare. Dette gjer òg regionsentera godt egna som lokalisering ved plassering av statlege arbeidsplassar.

Vedlegg