Høringssvar fra Sauda kommune

Dato: 25.03.2021

Sauda kommune ved kommunestyret gir følgande høyringsuttale til NOU 2020:15

Arbeidet til både Distriktsnærings- og Demografiutvalet er følgd med stor interesse. Rapportane til utvala har engasjert både det politiske miljøet og næringslivet i Sauda. Det er sendt uttalar og også lagt fram uttalar i høyringsmøte til Distriktsnæringsutvalet. Ungdomsrådet sende nyleg sin uttale til Ungdommens distriktspanel. Generelt kan seiast at rapportane frå utvala skildrar dagens opplevde situasjon for Sauda veldig bra.

Distriktsnæringsutvalet skriv at folketalsnedgongen i distrikta «skyldes ikke først og fremst mangel på arbeidsplasser eller næringspolitisk innsats». I demografiutvalet sin rapport – Det handler om Norge – er det sagt tydeleg at om ein ønskjer å stabilisere folketalet i distrikta, vil det krevje ein aktiv distriktspolitisk innsats. Begge utvala er klare på at ein effektiv distriktspolitikk i tillegg må bestå av et breidt spekter av tiltak som gjer det meir attraktivt å flytte til eller bli verende i distrikta.

Distriktspolitikken må favna breidt – og det viktigaste, slik me ser det, er å halda folketalet på eit berekraftig nivå. Dette krev både eit variert næringsliv og ikkje minst eit samla tilbod som gjer at samfunna vert oppfatta som minst like attraktive som sentrale strøk. Eller som demografiutvalet formulerer det; «En rekke forhold kan påvirke individuelle valg av bosted. Det kan for eksempel være tilgang på jobb for seg selv og partneren, fritidstilbud, tilgang på skole og barnehage, boligmarked, kulturtilbud og holdninger i lokalsamfunnet som sådan. Dersom slike forhold i distriktene har blitt forringet over tid gjennom politiske valg, kan det også ha bidratt til å endre de unges bostedspreferanser i favør av sentrale strøk.»

Rekruttering til stillingar, både ved erstatning i eksisterande og til nyoppretta stillingar, er ei stor utfordring for næringslivet i distrikta. Det må gjerast tiltak som gjer at relativt fleire vil ta valet om å flytta til, arbeida og bu i distrikta.

Infrastruktur – knyte saman

Tenleg og tidstilpassa infrastruktur er ofte peikt på som avgjerande for vekst og utvikling både i sentrale strok og i distrikt. I Rogaland fylkeskommune sin samferdselstrategi blir Sauda og Utsira sett i same båt – kommunar utan naturleg bu- og arbeidsmarknad over kommunegrenser. Sauda Ungdomsråd valde å prioritere punktet «Å komme seg frå A til Å» øvst på sin uttale til Ungdommens Distriktspanel. NHO har i forarbeidet til Nasjonal transportplan vist til at god mobilitet tiltrekker seg kompetent arbeidskraft, stimulerer til nye investeringar og aukar handelen både lokalt og regionalt. Avstandsreduksjon er også viktig for bulyst og attraktivitet - og følgelig for rekruttering og kompetansebygging.

Fylkesvegnettet utgjer 80 % av vegnettet. Det er vanskeleg å få investering til utvikling og modernisering av fylkesvegane, særleg i ei tid der klimaforhold stadig krev meir til rassikring og anna vedlikehald. Demografiutvalet påpeikar desse forholda i kapittel 9: Med færre brukere er det krevende å finne gode lønnsomhetsmodeller i distriktene. Dette har ført til at standarden på infrastrukturen er dårligere i distriktene.

For å knyta saman og vidareutvikle regionar, og gjere distrikta meir attraktive trengst eit løft for infrastruktur. I Sauda sitt tilfelle, til liks med mange andre, eit løft for fylkesvegstrukturen. Innføringa av tilskot til vegar viktig for næringslivet var eit steg i rett retning. Konkret føreslår ein at det blir etablert modellar for finansiering av større infrastrukturtiltak for område utan stort befolkningsgrunnlag. Modellen bør vera fleksibel, men bør etter vårt syn vera eit spleislag mellom berørte kommunar, fylke og stat. Nye Veier bør også få kunne tildelt større fylkesvegprosjekt i si portefølje. Sauda har eit vegprosjekt som var del av Ryfylkepakken, vedtatt i Stortinget i 2001. Dette er eit prosjekt som vil kunne vere eit forsøksprosjekt, og vil i alle høve kunne vere eit godt grunnlag for utarbeiding av modellforslag.

Sauda fremjar eit konkret forslag om å utforme ei ordning som gjer det mulig for kommunar å be om at deler av skatteinntektene, t.d arbeidsgjevaravgift eller andre direkte skatter fra næringslivet, frå den kommunen det gjeld kan direkte tilbakeførast som delfinansiering av større fylkesvegprosjekt. Prinsipp og grunnlag føreslår ein skal følgje «Tilskuddssordning for fylkesveier som er viktige for næringstransport.

Kompetansebygging i samspel mellom næringsliv og utdanningsinstitusjonar – MOR

Ein føresetnad for å behalde og tiltrekke seg verksemder i distrikta er at lokalsamfunnet er velfungerande. Dette har smelteverket i Sauda, Eramet, høgt på sin agenda. Det er stadig dialog mellom Eramet, kommunen, Sauda Vidaregåande skule og næringslivet for øvrig med mål om å skape eit robust og utviklingsorientert industrisamfunn både lokalt og i regionen. I Eramet sin siste bærekraftsrapport er dette synleggjort. Blant anna vert det sagt at ein robust region er kjenneteikna av:

  • Eit likeverdig og stabilt velferdstilbod
  • Konkurransedyktig, lønnsamt og omstillingsdyktig næringsliv
  • Varierte arbeidsmarknads-, bu- og servicetilbod
  • God tilgong på kompetanse

Demografiutvalet påpeikar at utdanningssystemet må ha en tydelig distriktspolitisk oppgave med å bidra til god tilgang på nødvendig kompetanse. Utvalget konstaterer at distriktskommuner har vedvarende utfordringer med å rekruttere arbeidskraft med høyere utdanning. Dette er ein situasjon Sauda kjenner seg godt igjen i. Utvalet peikar også på at eit desentralisert utdanningsløp er viktig både for å auke rekrutteringa og for å sikre tilførsel av kompetent arbeidskraft til privat og offentlig sektor i dei områda kor utdanninga kan gjennomførast. Demografiutvalet påpeikar også at erfaringer med på vere i arbeid under opplæringa har vist seg viktig for å sikre rekrutteringen og behalde arbeidskraft.

Eit godt samspel gjennom «trekantmodellen», Industri – FoU – Verkemiddelapparatet, kan utgjere eit viktig fortrinn for ytterlegare framgang for næringslivet i distrikta. Rogaland Fylkeskommune har gjennom Sauda og Strand vidaregåande skular som regionale kompetansesentra, i lag med arbeidslivet, NAV, ryfylkekommunane og Høgskolen i Innlandet løfta fram pilotprosjektet MOR (Motivasjon, Opplæring, Rettleiing).

MOR har som siktemål å prøva ut nye modellar for samarbeid om kompetanseheving for ulike målgrupper, slik at ein står betre rusta for å møta utfordringar kring å Lære heile livet lokalt og regionalt. For næringslivet er det særs viktig å kunne tilby arbeidstakarane ei utdanning som er tilpassa arbeidsoppgåver og dei naturlege endringane som skjer i arbeidslivet. Med ein folketalsreduksjon som har vore kontinuerleg sidan 1962 er det veldig viktig at dei som er i arbeidsfør alder har rett kompetanse gjennom heile arbeidslivsperioden.

Målsettingane i MOR arbeidet er følgjande:

· Kvalifisera fleire for arbeidsliv og/eller tilgang til utdanningssystemet.

· Møta kompetansebehov i regionalt arbeidsliv.

· Få til samskaping og samhandling mellom institusjonar og aktørar i utviklinga av tiltak og organisasjonsformer som motiverer den enkelte innbyggjar og bedrifter til kompetanseheving i åra som kjem.

· Auka utdanningsnivået i Ryfylke gjennom lokal tilrettelegging.

· Utvikla og implementera ordningar som bidreg til utdanning for ei ny tid – integrert læring som kombinerer læring på arbeidsplass og læring ved bruk av digitale hjelpemiddel.

MOR vart forankra i Rogaland Fylkesting i 2018, og Utdannings- og forskningskomiteen har ved samrøystes vedtak tilført merknader om MOR-piloten i tre statsbudsjett, den seinaste i Innst. 12 S (2019–2020).

«Komiteen ser med interesse på pilotprosjektet Motivasjon, opplæring og rettleiing (MOR), som er et kompetanseprosjekt i Ryfylke ledet av Høgskolen i Innlandet ved institutt for sosialfag. Høgskolen skal forske på effekter av prosjektet som går over fire år.

Komiteen mener det er viktig å høste praktiske erfaringer raskt som et ledd i implementeringen av bl.a. Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017-2021. Komiteen mener erfaringene fra MOR-prosjektet vil være verdifullt utover Ryfylke og kan stimulere andre regioner til tilsvarende kompetansesatsinger.»

Me håpar at KMD kan forsterke og forankre MOR som ei varig nasjonal ordning. Me ser gjerne at MOR-prosjektet i Ryfylke vert vidareført som ei pilotsatsing i den samanheng.

Mange distriktssamfunn er prega av hjørnesteinsverksemder, ofte energi- og metallindustri, som har vore der lenge og no er verdsleiande i sine bransjar. Etter mange tiår med effektivisering og nedbemanning er det no mange stadar potensial for ny vekst og auka verdiskaping knytt til det grøne skiftet, enten i verksemdene sjølve, eller i form av nyskaping og/eller knoppskyting basert på eksisterande fortrinn. «Prosess21» peiker på tilrådingar for å realisera dette potensialet (ny fornybar energi, klimasatsing, virkemiddelapparatet si rolle etc).

Vi savner at NOU2020:15 «Det handler om Norge» setter mer søkelys på helseulikhet knytta til geografi. Uansett er en god ordning med finansiering av ressurskrevende brukere, viktig for å kompensere for helseulikhet i distriktskommuner. Men for Sauda som har en høyere andel eldre med ekstra helseutfordringer slår det svært uheldig ut at ordningen pr. i dag ikke gjelder innbyggere over 67 år. Vi er glade for at utvalget setter fokus på dette og ønsker at denne begrensningen skal oppheves.

Med tanke på hyttebeboere som ønsker å tilbringe større deler av alderdommen på hyttene sine, er vi selvfølgelig veldig positive. Økende grad av omsorgstjenester utført i tilknytning til hytter, bidrar til økt utgiftsbehov for hyttekommuner. Samtidig er det også rimelig å anta at dette kan bidra til redusert utgiftsbehov i bostedskommuner, spesielt for de største kommunene. Men i mange tilfeller vil økt bruk av omsorgstjenester på hytter, føre til dobbelt opp med utgifter for det offentlige. Hverken hjemkommune eller hyttekommune kan nødvendigvis bemanne ned selv om brukere drar til eller fra hytta for kortere eller lengre perioder.

Vi ønsker at Telemarksforskning sitt forslag om betaling fra hyttebrukere eller eventuelt hjemstedskommune (s. 112), undersøkes nærmere i arbeidet for å se på hvordan utgifter til omsorgstjenester knyttet til hyttebruk kan kompenseres. Kanskje det er lurt å diskutere om dagens rett til omsorgstjenester ut fra oppholdssted er en god løsning for å sikre best mulig tjenester for flest mulig i åra som kommer.