Høringssvar fra Jo Tore Berg

Dato: 25.10.2021

I Svalbardloven § 29 står det at «Formålet med dette kapitlet er å legge forholdene til rette for et funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen, og for en rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innenfor rammen av norsk svalbardpolitikk, og med sikte på en miljøforsvarlig og bærekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Bestemmelsene i dette kapitlet skal også legge til rette for en tillitskapende forvaltning som bygger på en høy etisk standard.» Forslaget frå Justis- og beredskapsdepartementet om krav om tre års butid i ein norsk kommune for andre enn norske statsborgarar for å kunna ha stemmerett og vera valgbar til Longyearbyen lokalstyre vil vera ei kraftig innskjerping og reduksjon i andelen av befolkninga i Longyearbyen som kan delta i lokaldemokratiet. Forslaget til forskriftsendring vil i så måte gå mot formålet i denne delen av Svalbardlova om eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen.

Det ser ut til at hovudargumentet for endringa av forskrifta er vektlegginga av tilknytning til fastlandet. Ein les i høyringsnotatet at «Når befolkningssammensetningen nå er i endring, må det sikres at det fortsatt er tilknytning mellom Longyearbyen og fastlandet for dem som forvalter lokalsamfunnet, og derved også bidrar i gjennomføringen av norsk svalbardpolitikk. I praksis vil dette si at det kun bør være personer som har tilknytning til fastlandet som kan velges til lokalstyret og/eller kan stemme ved lokalstyrevalg i Longyearbyen.» Dette er eit interessant, men problematisk argument når dette fører til eit slikt forslag om innskrenking av stemmerett og valgbarhet. Det ser ut til at Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at for at lokaldemokratiet skal forvalta lokalsamfunnet og bidra i gjennomføringa av norsk svalbardpolitikk er det naudsynt med tilknytning til fastlandet. I tillegg er det lagt til grunn at denne tilknytninga bare kjem gjennom å ha budd minst tre år på fastlandet før ein registrerar seg i Longyearbyen. Begge premissa i denne grunngjevinga er høgst tvilsame. Gjennom aktiv deltaking i lokaldemokratiet både som veljar og aktiv i lokalpolitikken vil utanlandske statsborgarar i Longyearbyen opparbeida seg ei forståing for norsk svalbardpolitikk, ikkje gjennom å bli utestengt frå å delta i lokaldemokratiet. Det finns andre og jamvel meir effektive måtar å forstå og opparbeida seg tilknyting til Norge (inkludert fastlandet) på enn butid på fastlandet. I dag er det fleire unge med utanlandsk statsborgarskap som har budd i Longyearbyen heile livet og gått på den offentlege, norske skula. Dette er ein ypparleg måte å læra om heile Noreg og forstå norsk svalbardpolitikk. Demokrati og medborgarskap er med fagfornyinga eit av tre tverrfaglege tema som er prioritert. I Melding til Stortinget 28 (2015–2016) om Fag – Fordypning – Forståelse vert dette forklart: «Demokrati og medborgerskap som tema i skolen skal legge til rette for læring som styrker elevenes demokratiforståelse og evne til å delta i demokratiske prosesser og fellesskap.» Kven kjenner eigentleg Longyearbyen og norsk svalbardpolitikk best av nokon som har vakse opp i Longyearbyen og gått her på skule eller nokon som har budd tre år på fastlandet?

I høyringsnotatet skriv Justis- og beredskapsdepartementet om statsborgarar frå andre nordiske land at «Departementet ser ikke grunn til at nordiske borgere skal komme i en særstilling ved valg til lokalstyret. Gjennomføringen av likeartet lovgivning om stemmerett og valgbarhet ved lokalvalg i Norden har vært rettet mot kommunene. Svalbard er heller ikke gjenstand for samarbeid mellom de nordiske landene, og det er ikke et svalbardpolitisk mål å gi nordiske borgere en særstilling på Svalbard.» Helsingforsavtalen handlar ikkje om å setja nordiske statsborgarar i ei særstilling overfor andre utanlandske borgarar, men avtalen handlar om likebehandling av nordiske statsborgarar med norske borgarar. Artikkel to i Helsingforsavtalen frå 1962 les ein at «Ved utformingen av lover og andre rettsregler i de nordiske land skal statsborgere i de øvrige nordiske land behandles likt med landets egne statsborgere. Dette gjelder innenfor samarbeidsoverenskomstens virkeområde.» Norge har ikkje krevd unntak for Svalbard i denne avtalen og er difor gjeldande for heile kongeriket inkludert Svalbard. Vidare står det i same artikkel at «Det kan likevel gjøres unntak fra første avsnitt dersom krav til statsborgerskap er grunnlovsfestet, nødvendig på grunn av andre internasjonale forpliktelser eller det ellers av særlige grunner anses som nødvendig.» Å ta bort likebehandlinga av nordiske statsborgarar med norske statsborgarar må difor grunngjevast som «særleg grunn» ut frå denne artikkelen. Dette kan eg ikkje sjå har blitt gjort ut frå dette høyringsnotatet, der det feilaktig vert hevda at Svalbard “ikke er gjenstand for samarbeid mellom de nordiske landene”.

Ut frå ovannemnde argument, meiner eg at endringsforslaget til forskrifta bør bli trekt tilbaka og at den noverande forskrifta om stemmerett og valgbarhet ikkje vert endra.