Høringssvar fra Fagforbundet

Dato: 04.06.2021

Fagforbundet sitt svar til høyringa om endringar i helsepersonellova: autorisasjon av naprapatar, osteopatar, logopedar og paramedisinarar

I dag er 29 personellgrupper autorisert i henhold til helsepersonellova § 48 første ledd. Hovudformålet med autorisasjonsordninga er å ivareta tryggleiken til pasientane. Autorisasjonsordninga skal sikre at helsepersonell har naudsynte kvalifikasjonar og utdanning til å utøve eit bestemt yrke. Med autorisasjonsordninga kjem retten til å nytte beskytta titlar, men også plikt til å oppfylle dei krav som finst. Formålet med tittelbeskytting er at publikum ikkje skal villeiast ved at personar nyttar titlar dei ikkje er kvalifisert til å ha. Ved pliktbrot kan ein bli underlagt tilsyn og miste autorisasjonen. Det er gitte kriterium som blir vurdert når autorisasjon skal tildelast bestemte yrkesgrupper, herunder utdanning, innhaldet i yrkesrolla, pasienttryggleik og kvalitet.

Helsedirektoratet har tilrådd at kun paramedisinarar blir innlemma i autorisasjonsordninga, då vilkåra for autorisasjon ikkje er oppnådd i tilstrekkeleg grad for gruppene naprapat, logoped og osteopat. Helse- og omsorgsdepartementet tilrår autorisasjon til alle fire yrkesgrupper.

Fagforbundet er opptatt av kvalitet i utdanningane, som igjen gir kvalitet i tenestene. Vi støttar Helsedirektoratet si bekymring knytt til å kvalitetssikre at utdanningane til naprapatar, osteopatar og logopedar er i tråd med autorisasjonsordninga si målsetting, samt at kriteria og faglege krav som ligg til grunn for at autorisasjon blir tildelt, er ivaretatt. Det er også viktig å sikre det helsefaglege aspektet i utdanningane, særskild utdanninga til logoped/ helselogoped, då autorisasjonen er forankra i helsepersonellova. Dette er viktige moment som må utgreiast.

Det vil vere eit omfattande arbeid å sikre kvalitative retningslinjer for krav til utdanning for gruppene osteopat, logoped og naprapat. Paramedisin er allereie innlemma i RETHOS, Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane. For alle yrkesgruppene vil det krevje store ressursar i Helsedirektoratet for å kvalitetssikre og utarbeide godkjennings- og tilsynsordningar for desse yrka, samt ei auke i oppdragsmengda til Statens helsetilsyn og Statsforvaltaren. Det er difor viktig at Helse- og omsorgsdepartementet løyver tilstrekkeleg økonomiske midlar til arbeidet med å sikre kvalitative retningslinjer for krav til utdanning, samt utarbeide godkjennings- og tilsynsordningar.

Det er fleire prinsipielle utfordringar ved høyringa. Det er til dømes uheldig at departementet legg «større valgfrihet» og «internasjonal mobilitet» til grunn for tilrådinga si, framfor faglege kriterium og krav om kunnskapsbaserte tenester.

Fagforbundet vil også peike på at det er svært uheldig at Stortinget skal fungere som «autorisasjonskontor», og vedta autorisasjonar av helsepersonell utan ei helsefagleg konsekvensutgreiing i forkant. Vi er bekymra for at denne praksisen medfører at grunnleggjande vilkår for autorisasjon vil bli satt til side, medan autorisasjonsinstituttet vil stå i fare for å bli undergrave.

Særskild om autorisasjon for paramedisinarar

Fagforbundet støttar autorisasjon til paramedisinarar. Det må i tillegg sikrast at ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning som nasjonal paramedic, kan søke om, og få innvilga autorisasjon som paramedisinar, etter gitte føringar. Dette av fleire grunnar; nivået på ein ambulansearbeidar eller sjukepleiar med lang erfaring og vidareutdanning som nasjonal paramedic er kvalitativt på høgde med ein person med bachelor i paramedisin. Dei som har fordjupa seg og tatt den vidareutdanninga som var tilgjengeleg før bachelor i paramedisin vart oppretta, bør få mogleik til å bli autoriserte paramedisinarar. Ved å utelate denne gruppa vil ein ved eit potensielt masterløp gå glipp av ei svært kunnskapsrik gruppe, som ikkje får mogleik til å bidra i utviklinga av faget. Ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning i nasjonal paramedic har vore pådrivarar for faget, og er rettleiarar i tenesta, og lærarar for paramedisinstudentane på utdanningane, og bør sidestillast når det gjeld autorisasjon.

Eit anna viktig moment er at den operative yrkesutøvinga i norsk ambulanseteneste per i dag ikkje er differensiert utifrå formalkompetansen, når det kjem til kva medisinske fullmakter og pasientbehandlingsansvar personellet kan inneha. Med mindre ein endrar karakter og innhald på arbeidet vesentleg, vil det framstå lite hensiktsmessig å innføre ein ny autorisasjon utan at tilsette i eksisterande paramedic-stillingar med same ansvar, arbeidsoppgåver, og funksjon, også kan tileigne seg denne. I fleire helseføretak har ein allereie sidestilt nasjonal paramedic med paramedisinarar organisatorisk og kompetansemessig. I enkelte helseføretak har arbeidsgjevar anerkjent kompetansen til tilsette med nasjonal paramedic som treårig høgskole eller tilsvarande, og løfta gruppa opp i same lønnsgruppe. Å opne for ein ny autorisasjon i tenesta utan å at det blir mogleg for tilsette i eksisterande paramedic-stillingar med same ansvar, arbeidsoppgåver og funksjon å tileigne seg denne, vil kunne føre til stor uro i tenesta og bli ei utfordring for arbeidsgjevar.

Det vil vere svært viktig å involvere partane i arbeidslivet i å utarbeide føringane for autorisasjon som paramedisinar til ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med nasjonal paramedic-utdanning. Fagforbundet vil, som den største medlemsorganisasjonen innan dei prehospitale tenestene, stille våre ressursar og kompetanse til rådigheit i dette arbeidet.

Konklusjon

Fagforbundet støttar Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag om å innvilge autorisasjon til gruppene: paramedisinar, osteopat, naprapat og logoped/helselogoped, men med desse merknadane:

1) Det må tilretteleggjast for at ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning som nasjonal paramedic kan søke om autorisasjon som paramedisinar etter nærare definerte kriterium.

2) Det må etablerast naprapatiutdanning i Noreg som godkjennast av NOKUT og blir innlemma i RETHOS.

3) Det må løyvast tilrekkjeleg med midlar for å kvalitetssikre faglege krav og utarbeide godkjennings- og tilsynsordningar for desse yrka.

Vedlegg