Høringssvar fra Anne-Karin Eiken

Dato: 10.04.2023

Dei siste tre åra er me er blitt utsette for tiltak som vart påstått å skulle verne oss. Det meste av det me blei fortalt viste seg å ikkje stemme. Trass i at tiltaka etter alt å dømme ikkje har fungert, så ynskjer regjeringa no likevel å gjere dei midlertidige endringane i smittevernlova og helseberedskapslova permanente. Har me nokon grunn til å tru at dette er føremålstenleg?

I høyringsnotatet står det at «Kravet om at smitteverntiltaket skal ha en klar medisinskfaglig begrunnelse innebærer at tiltaket må være basert på en faglig vurdering av smittemåte, forebygging og som et minimum må tiltaket være relevant for den aktuelle smittsomme sykdommen. Kravet skal imidlertid ikke tolkes for strengt, og det er ikke krav om vitenskapelig bevist effekt av tiltaket. Begrunnelsen må også sees i forhold til både grad av smittetrussel og hvor inngripende tiltaket er.» Når vurderte myndigheitene nytten av covid-tiltaka opp imot belastninga? Og kva kan me i det heile forvente av myndigheitene i denne samanhengen ved eit neste utbrot når kravet om medisinskfagleg grunngjeving ikkje skal tolkast strengt, og når nytten av tiltaka ikkje treng kunne bevisast vitskapleg?

Gjennom pandemien vart naturleg immunitet nedtona, og vaksinene vart oppskrytte. Når biverknadene begynte å tikke inn, så vart dei dyssa ned. Me opplevde sensur av motstemmer og mangel på debatt. Folk vart isolerte frå kvarandre og fylte av frykt basert på feilinformasjon gjennom media - ja, til og med frå dei som skulle passe på oss. Koronasertifikatet kom som eit ekstra pressande, splittande og totalt uforståeleg tiltak.

Dette har gjort at eg har mista trua på at helsefaglege spørsmål vert handterte på ein fornuftig måte ovanfrå, og eg ynskjer at det vert slutt på å bruke og redigere lovverket på ein måte som berre gagnar dei som tener pengar på smittevernutstyr, medisinar og vaksinar. I staden for å innskrenke fridomen og rettane til befolkninga, så kan regjeringa heller fremje lovforslag som stille strenge krav til eksterne aktørar og profittørar.

Eg bed difor om at forslaga i høyringa vert kasta.

Anne-Karin Eiken