Høringssvar fra Maritime CleanTech

Dato: 27.09.2021

Til: Klima- og miljødepartmentet

Stord, 27. september 2021

Høyringsinnspel FuelEUMaritime frå Maritime CleanTech

Maritime CleanTech ønsker å presentera våre synspunkt på EU-kommisjonens forslag til regelverk for fremme av alternative drivstoff i maritim sektor (FuelEUMaritime).

Me representerer ei komplett næringsklynge med over 150 verksemder som er verdsleiande i å utvikla og ta i bruk nye energiberarar i skipsfarten. Maritime CleanTech støttar difor utviklinga av felleseuropeiske reglar som fremjar etterspørselen etter grøne drivstoff i maritim sektor. Å stimulera til auke i bruken av nye drivstoff er også ein fordel for norsk maritim industri og våre stadig fleire leverandørar av maritim miljøteknologi.

Maritime CleanTech har likevel nokre innspel til forbetringar som ytterlegare kan styrka den europeiske utviklinga av grøn skipsfart:

  • Forslaget bør også kunna gjerast gjeldande for alle fartøy, ikkje berre skip over 5000 bruttotonn.
  • Trass i det teknologinøytrale forslagets gode intensjonar, vil det framleis vera billegare å bruka fossilt brensel i skip i ganske mange år framover. Dette vil fremja bruken av fossilt LNG, som dermed vil forsinka innfasinga av produksjon, distribusjon og bruk av klimanøytrale drivstoff. Det bør difor vurderast korleis supplerande verkemiddel kan gi fornybare drivstoff ein fordel. For eksempel kan det utviklast ein fordelsfaktor i utrekninga av utslepp, der det løner seg å «overlevera» og ikkje berre oppfylla minimumskrav. I tillegg kan differansekontraktar brukast for å dekka meirkostnader i overgangen til bruk av fornybare drivstoff.
  • Grensa for maksimal klimagassintensitet i drivstoff om bord i skip bør justerast, for eksempel bør 26 % frå 2040 kunna framskyndast til 2030. Særleg sidan forslaget er del av EUs pakke for å nå forsterka klimamål om å redusera utslepp med 55 prosent innan 2030. Det er svært viktig at forslaget reelt sikrar etterspørselen etter drivstoff som har lågare drivhusgassintensitet enn fossil LNG. Eit meir ambisiøst forslag kan eventuelt koplast til mekanismar som sikrar finansiering av meirkostnader i overgangen til bruk av fornybare drivstoff.
  • Forslaget om å fremja karbonfri energibruk i hamner (for eksempel landstrøm) bør gjelda alle segment, ikkje berre containerskip og passasjerskip. Elektrifisering av skip som ligg til kai representerer teknologi som er tilgjengeleg, og som vil sikra ein rask og kostnadseffektiv reduksjon av fossil energiforbruk. Dette vil også vera med å styrka skipsfartens omdøme som ein viktig og sentral bidragsytar til meir miljø- og klimavenlege løysingar i hamne- og byområde.

Maritime CleanTech støttar forslaget om at inntekter frå manglande etterleving av nye reglar skal brukast til grøne tildelingar via EUs innovasjonsfond, og dermed brukast til forsking, utvikling og skalering av ny klimavenleg maritim teknologi. Me vil særleg peika på at det er viktig at Noreg sikrar at norske maritime aktørar får moglegheita til delta i konkurransen om slike innovasjonsmidlar.

Noreg bør også arbeida for at internasjonale reglar for dekarbonisering av skipsfarten blir gjort mest mogleg like.

Med venleg helsing

Hege Økland

CEO

Telefon: 957 53 695

E-post: hege@maritimecleantech.no

Håvard Tvedte

Direktør for samfunnskontakt

Telefon: 926 30 119

E-post: haavard@maritimecleantech.no