Høringssvar fra NIKU - Norsk institutt for kulturminneforskning

Dato: 07.09.2021

Høyringsinnspel til Langtidsplan for forsking og høgare utdanning

NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning), 7.9.2021

1. Hvilke endringer i samfunnet (eller i bestemte sektorer) gir behov for endringer eller forsterket innsats innenfor forskning og høyere utdanning i årene som kommer?

I de siste årene er miljøtruslane stadig blitt erkjente som meir akutte, IPCC sin sjette evalueringsrapport teiknar eit trusselbilete som er mangslungent, og både i Noreg og elles i verda er dette biletet i stadig større grad akseptert. Dermed er sjølvsagt fokuset på løysingar i forskingsprogramma stadig høgaktuelt. Men i dei siste åra har vi opplevd fleire og fleire ekstremhendingar som no blir relaterte til klimaendringane, og difor meiner vi at utfordringar som har med tilpasningar og beredskap å gjere er meir aktuelle enn dei var i 2017. Både i Noreg og elles i verda ser ein at i tillegg til å forske på løysingane, treng vi forsking som gjer samfunna betre rusta til å møte effekten av endringane.

Dei siste åra ser vi også at det teiknar seg eit stadig tydelegare bilete av politisk polariserte samfunn. Dette gjeld i land som har svake demokratitradisjonar, men urovekkjande nok ser det ut som også gamle og robuste demokrati no blir kraftig utfordra av politisk polarisering, ekstremisme, tillitskriser og kulturkampar. Noreg har tradisjonelt vore eit robust demokrati med høg grad av tillit, men også i det norske samfunnet kjenner ein i stadig større grad på desse tendensane. Tillitskriser er kanskje eit stikkord her, og det kjem til uttrykk på mange felt i samfunnet, kanskje aller tydelegast tematisert i det siste ved å samanlikne korleis dei ulike nasjonane har handtert og fått – eller ikkje fått – aksept for si handtering av koronapandemien. Vi ser at tillit er ein svært viktig premiss for ei positiv samfunnsutvikling, det gjeld tillit til myndigheiter, til helsevesen, til media og til forskingsresultat og forskarar, men vi ser også at denne tilliten er utfordra på alle desse omkverva. Før ein kan aktivt gå inn med tiltak for å snu uheldig samfunnsutvikling, bør ein etablere forskingsbasert kunnskap om denne utviklinga.

2. Er det konkrete hindringer i det norske kunnskapssystemet som svekker måloppnåelse i langtidsplanen, og hva kan i tilfelle gjøres?

Det har lenge vore eit mantra at det vil gagne forskinga at forskingsmidlane blir sett ut til opne konkurransearenaer. Føresetnaden har då heile tida vore at konkurransevilkåra er like. NIKU meiner det no er grunn til å hevde at konkurransesystemet ikkje er likeverdig, og at dette får konsekvensar som hindrar måloppnåinga.

Dei negative ressursmessige konsekvensane av søknadsregimet er påpeikt av fleire; dette er altså ei velkjend nedside av systemet med stor grad av konkurranseutsetting av forskingsmidlar. I pressemeldinga etter sommarens tildelingar i Forskingsrådet går det fram at 260 forskarar (prosjekt) fekk støtte, medan over 2000 forskarar søkte om midlar på dei ulike programma. Kva slags bruk av forskarårsverk representerer eigenleg denne søknadsaktiviteten? Bak kvar av dei ca. 1800 prosjektsøkjarane som ikkje fekk støtte, står det forskargrupper som har lagt ned betydeleg tid og innsats på å utforme prosjekt som dei trur på, og som skal svare på alle Forskingsrådets føringar. Desse årsverka har ein pris, og for den prisen kunne ein faktisk ha fått forsking, og ikkje berre skisser til forsking som mest truleg aldri blir realisert. I eit kost-nytte-perspektiv burde ein rekne på kva denne kostnaden er – opp mot den nytten ein får av konkurransesystemet.

Kven er det som betaler for kostnaden dette utgjer? Normalsituasjonen er at det er forskingsinstitusjonane som betaler for søknadsskrivinga, og vi meiner at institusjonane ikkje stiller likt.

Forskingsinstituttsektoren har eksterne bidragsinntekter som del av sin forretningsmodell, og er heilt avhengige av å få tilslag på søknader for å sikre budsjetta frå år til år. Grunnfinansieringa vår er dessutan bunde opp mot eit krav om å skaffe eksterne forskingsinntekter. Søknadsskriving er slik ei kritisk viktig, men òg stor utgift til ganske usikker «inntekts ervervelse». Investeringane vi i NIKU gjer i søknadsarbeid og utteljinga vi får, står ikkje i forhold til kvarandre. Vi trur ubeskjedent nok at dette ikkje berre har med kvalitet å gjere, men også med kvar vårt institutts samfunnsoppdrag og kompetanse ligg. Vi skal levere på samfunnsfagleg og humanistisk forsking knytt til kulturminne og kulturmiljø. Søknadsskriving må finansierast med oppdragsinntekter, for grunnfinansieringa kan ikkje brukast til dette, og forskingsinntektene skal berre gje sjølvkost, ikkje generere overskot. Vi blir difor på den eine sida dytta hardt over mot oppdragsmarknaden for å skaffe midlar til å skrive forskingssøknader, på den andre sida implisitt bedne om å prioritere eiga eksellent forsking for å nå opp om forskingsmidlane.

Universiteta har betre vilkår, for dei får i utgangspunktet fullfinansiert sine stillingar gjennom offentlege løyvingar, og søknadsskriving er slik sett finansiert. Når det no i UH-sektoren er stadig større krav og forventningar om å skaffe eksterne forskingsinntekter, er følgen at stadig fleire søkjer om dei same midlane. Og tendensen er at UH-sektoren får ein større og større del av tildelte prosjekt (Sjå fasiten over årets tildelingar fordelte på institusjon: UiB håver inn kroner og OsloMet går kraftig tilbake (khrono.no). Grunnane kan vere mange, men det er klart at i UH-sektoren er forskingsadministrasjonane større, det same er budsjetta til søknadskonsulentar, og dessutan er vilkåra for å merittere seg som eksellent grunnforskar truleg betre i universitetssektoren enn i instituttsektoren, der fokus som nemnt liggje tungt på oppdragsforsking og andre oppdrag – som altså skal sikre overskotet som tillet søknadsskriving.

Når ein i tillegg veit at sjølve søknadsarbeidet alt er betalt av offentlege kroner i UH-sektoren, er det klart for oss at den likeverdige konkurransesituasjonen ikkje er reell.

Dette pregar mange forskarar i kvardagen, og systemet har grunnleggjande følger for dei. Det handlar om levebrød, arbeidsvilkår og i siste instans livsvilkår. I Khrono 3. juli kunne vi lese om en svensk rapport som har kartlagt forskarkvardagen (Advarer mot en forskerhverdag med stadig mer jakt på eksterne midler (khrono.no). Den skildrar primært arbeidsforholda ved universiteta, men dette er forhold som det er lett å kjenne seg igjen i Noreg, ikkje minst i instituttsektoren. Forskarstillingane her er «faste», men berre så lenge faggruppene får tilslag på eksterne forskingssøknader. Situasjonen fører til høg grad av stress og utryggheit slik den svenske rapporten dokumenterer. Resultatet er arbeidsvilkår som får ungdomar til å vende seg vekk frå forskarkarrieren. Dette kan fort bli eit strukturelt problem: er dei beste studentane som vel forskarkarriere i framtida?

Når no forskingsinstitutta i FFA med tyngd over år har argumentert for høgare grunnfinansiering, er det eit viktig verkemiddel for å bøte med nokre av dei nedsidene konkurransesystemet har. Det ville innebere at forskarane kunne bruke noko meir av tida si til å forske enn til å søkje om forskingsmidlar, det ville også innebere at instituttsektoren fekk betre vilkår for å konkurrere med UH-sektoren. Sidan instituttsektoren alltid må tenkje anvendt, ville det innebere at institutta hadde fått større rom for å vere lydhøre for dei kortsiktige forskingsbehova myndigheitene fortløpande formidlar. Der konkurranseutsette forskingsmidlar har ganske lang tidshorisont frå prosjektet blir designa til det eventuelt blir fullført, ville større grunnfinansiering opne for mykje raskare leveransar på forskingsutfordringar. Koronavaksinane hadde ikkje kome så raskt om forskingsmiljøa først måtte ha konkurrert om midlane, og det hadde både vore kritisk tidsspille og ressurssløseri om ei mengd forskarårsverk først skulle ha blitt brukt på å skrive søknader før sjølve forskinga hadde kome i gang.

Å øyremerke ein større del av forskingsmidlane til forskingsmiljø som er retta inn mot ulike aspekt av samfunnet sine forskingsbehov, er slik sett ein måte å sikre forskingsberedskapen frå fagfelt til fagfelt. Dette er eit legitimt omsyn, for det er vel enno ikkje kartlagt korleis porteføljestyringa i Forskingsrådet faktisk har bidradd til å byggje resultat og beredskap for dei prioriterte samfunnsbehova i og med dei tildelingane desse styra gjer. Samanhengen mellom prioriterte forskingsbehov og realisert forsking er vanskelegare å sikre når ein kanaliserer forskingsmidlane ut i konkurransearenaene.

Forskingsinstitutta rettar seg ofte inn mot noverande og framtidige utfordringar og behov i offentleg forvaltning, vi har slik sett ei potensiell rolle til å framtidsrette forvaltninga. Vi ser likevel ofte at forvaltninga nyttar seg av allereie eksisterande kunnskap, heller enn å engasjere seg i forsking. Dette gjer seg utslag i låg interesse for å inngå i samarbeidsprosjekt, liten vilje til å bruke forskingsunntaket i offentleg anskaffing og manglande erkjenning av ansvaret for at det offentlege bør drive kunnskapsutvikling, ikkje berre kunnskapsoverføring. Frå vår side meiner vi det trengst ei satsing på tvers av offentlege sektorar for faktisk å ta eit større ansvar for forskingsbasert kunnskapsutvikling. Det ville sikre framtidsretting og innovasjon i forvaltninga. Samstundes vil det bidra til å byggje den samfunnskritisk viktige tilliten til forskingsfeltet som vi er avhengige av.

3. Hva bør videreføres og hva bør endres ved målene i gjeldende langtidsplan?

Det har ein verdi i seg sjølv å oppretthalde overordna mål over langt tid, slik at retningane ligg fast og ein kan få tid til å realisere dei. Ingen av desse overordna måla kan tenkjast nådd på eit gitt tidspunkt, dei er i essens grovt sett retningsgjevande. Vi meiner at dei alle tre bør vidareførast. Når det er sagt, kan spesifiseringane av dei vere interessante å seie meir om. På kva for felt ønskjer ein innovasjon og styrkt konkurranseevne, kva for samfunnsutfordringar er dei viktigaste, og skal alle fagmiljø utviklast til å bli framifrå? Dette blir kommentert i eksisterande langtidsplan (s. 17 32), og vi meiner dette kapitlet står seg godt. Om mogleg kunne det vere ei enda tydelegare kopling til berekraftsmåla her, og at berekraftsomgrepet hadde blitt spesifisert til ikkje berre å handle om økonomisk og miljømessig berekraft, men også om sosial og kulturell berekraft, jf. kommentaren under spørsmål 1, 4 og 9.

4. Hva bør videreføres og hva bør endres ved prioriteringene i gjeldende langtidsplan?

Også prioriteringane i gjeldande langtidsplan står seg. Men det er viktig å ajourføre dei i forhold til eksisterande kunnskapsstatus og utfordringsbilete. Frå NIKU si side saknar vi ein tydelegare uttrykt ambisjon på vegner av samfunnsfag og humaniora, gjerne kopla eksplisitt til berekraftsdimensjonane sosial og kulturell berekraft, og sjølvsagt under tilvising til Humaniorameldinga (2017).

I eksisterande plan er rolla til instituttsektoren (miljøinstitutta) nemnd eksplisitt under prioriteringa Klima, miljø og miljøvennleg energi (s. 43). Under dei andre prioriteringane er det litt ulikt korleis dei ulike forskingsaktørane er omtalte. Vi meiner at det ville vere opplysande om dei ulike forskingsaktørane sine roller og potensielle bidrag i forhold til dei ulike prioriteringane hadde vore litt meir systematisk kommenterte. Dette er aktualisert no etter at Regjeringa har lansert sin strategi for heilskapleg instituttpolitikk (2020).

Når det gjeld prioriteringa Samfunnssikkerhet og samhørighet i en globalisert verden, meiner vi at kapitlet om dette i planen (s. 71–77) må oppdaterast for å løfte utfordringane knytte til politisk polarisering og ekstremisme, til demokratikrise, til migrasjon og ikkje minst til tillitskrisene – tillit til myndigheiter, media, helsevesen og forskinga. Kapitlet er underspesifisert for fleire av desse samfunnsutfordringane. Kanskje kunne det vere på sin plass å leggje til ei sjette prioritering som handlar om sikring av demokratiske og robuste samfunn?

5. Hva slags opptrappingsplaner bør den nye langtidsplanen ha, og hvordan og på hvilke områder bør de innrettes?

Vi har alt argumentert for høgare grunnfinansiering til instituttsektoren som eit opplagt verkemiddel for å sikre likeverdig konkurranse mellom instituttsektoren og UH-sektoren på konkurransearenaene. Men vi har også argumentert for at dette ville vere eit godt verkemiddel for å sikre forskingsberedskap på gitte og ønskte felt. I forlenginga av dette argumentet vil auka grunnfinansiering indirekte vere med på å styrkje den utfordringsdrivne forskinga i Noreg, for i instituttsektoren blir forskingsmidlane disponerte for å møte uttalte behov i dei sektorane vi utfører oppdrag og oppdragsforsking for. Forskinga i instituttsektoren er slik sett pr. definisjon utfordringsdriven.

NIKU vil også peike på at det trengst opptrappingsplanar knytt til idealet om opne forskingsdata. Sidan sist LTP blei formulert, er Plan S lansert, og idealet om størst mogleg grad av open tilgjenge til forskingsdata og publikasjonar skal etterlevast av dei ulike forskingsmiljøa. Vi er sjølvsagt tilhengar av desse ideala. Som eit lite forskingsinstitutt med ganske variert fagportefølje opplever vi likevel at kostnadene ved å publisere opent blir lagde på oss, medan vi framleis har store utgifter på abonnementssida. Vi saknar også betre system for å forvalte og dele forskingsdata. Her treng vi drahjelp i form av opptrappingsplanar som kunne bidra til at ideala om opnast mogleg tilgang til forskinga og forskingsdata kan bli realisert så raskt som mogleg.

6. Er det områder som kan prioriteres ned eller mulig effektiviseringstiltak som kan iverksettes for å sikre handlingsrom til prioriterte oppgaver?

I tråd med argumentasjonen under punkt 2, meiner vi at det ville vere ei god investering å flytte delar av dei konkurranseutsette midlane over til auka grunnfinansiering til institutta. Denne “nedprioriteringa” føreset at budsjettet til forsking er finitt, men der vi sjølvsagt primært ønskjer ein reell auke. Elles har vi ikkje konkrete framlegg til nedprioriteringar, anna enn at vi vil peike på ei fare for at ein ikkje legg eit for trangt nytteomgrep til grunn når ein vurderer nedprioritering. Humanistisk og samfunnsfaglege forsking er nyttig inn mot heile breidda av prioriteringar, men kanskje særleg langs dimensjonar som har med sosial og kulturell berekraft å gjere.

7. Hvis det skal utvikles virkemidler for samfunnsoppdrag («missions» i Norge, hvordan bør de være innrettet, og på hvilke områder er samfunnsoppdrag særlig aktuelt?

Det viktigaste innspelet NIKU har her, er at det bør vere ein samanheng mellom dei samfunnsutfordringane som er formulerte i EU og som styrer dei europeiske forskingsprogramma, og dei som eventuelt blir formulerte i Noreg. Dette er naudsynt for å sikre at norske forskingsprosjekt er like aktuelle ute som heime. Når det er sagt, er det klart at nokre utfordringar er meir aktuelle i Noreg enn andre, og her peikar kanskje oljeavhengigheita og det grøne skiftet seg ut. Men i tråd med tidlegare innspel, meiner vi også at sikring av opne og tillitsfulle demokratiske samfunn, er eit samfunnsoppdrag som er svært viktig for Noreg.

8. Hva er det viktigste som kan gjøres for å sikre høyt tillit til forskningsbasert kunnskap i befolkningen?

Ansvaret for å sikre høg tillit til forskingsfeltet ligg på mange aktørar i samfunnet. Politikarar og byråkratar har ansvar for at forskingsresultat blir tatt omsyn til når politiske avgjerder blir tatt. Departement og forvaltninga på lågare nivå bør har eit medvite forhold til forskingsfeltet, og syte for at det er gode utvekslingskanalar mellom forvaltning og forsking.

Forskarar og forskingsinstitusjonane bør ta ansvar for å formilde resultata sine. I grunnfinansieringsmodellen til instituttsektoren får ein ikkje utteljing for å formidle, men vi er glade for at formidlings- og kommunikasjonsplanar no blir lagde inn som sjølvsagte arbeidspakker i forskingsprosjekt. Det er viktig for å knytte forskingsfeltet og samfunnet rundt tettare saman.

Media har ei sjølvstendig rolle for å ta forskingsresultat ut i publikumsvennlege format. Dette er potensielt etterspurt innhald, og ulike stimuleringsordningar kunne sikkert tenkjast for å få media til å fokusere på pågåande forsking i større grad.

9. Andre innspill?

NIKU er eit anvendt forskingsinstitutt som i all hovudsak forvaltar ein HUMSAM-portefølje. Vi ser at våre fag i UH-sektoren tradisjonelt ikkje har blitt vurderte etter nyttekriterium, men vi i NIKU tar denne utfordringa på største alvor og har eit reflektert forhold til korleis den fagkompetansen vi rår over (arkeologi, arkitektur, kunsthistorie, konserveringskunnskap, historie og fleire samfunnsfag), faktisk kan aktualiserast for å produsere forsking med høg grad av relevans og samfunnsnytte. Det er viktig for oss at også Kunnskapsdepartementet i sin nye langtidsplan for forsking og høgare utdanning, er nøye med å relatere HUMSAM-faga til samfunnsnyttedimensjonen på ein gjennomtenkt måte. Her meiner vi at eit mangslungent berekraftomgrep er til stor hjelp, og at når ein også let sosial og kulturell berekraft liggje til grunn for nyttekriteria, vil og kan HUMSAM-faga levere forsking som bidrar til å byggje gode samfunn.