Høringssvar fra Høgskulen i Volda
Innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
Høgskulen i Volda vil med dette kome med innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
1. Hvilke endringer i samfunnet (eller i bestemte sektorer) gir behov for endringer eller forsterket innsats innenfor forskning og høyere utdanning i årene som kommer?
Omstillingar i samband med det grøne skiftet, meir berekraftig velferd, klimaendringar og andre store samfunnsendringar ser vi som svært viktig i tida framover. Dette gir behov for styrking av både forsking og høgare utdanning i åra som kjem.
Koronapandemien har utfordra samfunnet på svært mange vis og på tvers av mange sektorar. Vi må diverre rekne med at det vil kunne kome nye pandemiar i framtida, og det er difor viktig å dra lærdom på tvers av ei rekke fagområde. Ikkje berre på helseområdet, men også på fagområde som samfunnsplanlegging, folkehelse, kommunikasjon og alt som kan bidra til sterkare lokalsamfunn og dermed sosial berekraft.
2. Er det konkrete hindringer i det norske kunnskapssystemet som svekker måloppnåelsen for langtidsplanen, og hva kan i så fall gjøres?
Vi er samde at hovudretninga i norsk UH-politikk bør gå i retning av mindre detaljregulering og meir overordna styring, men også meir lokalt sjølvstende for institusjonane. Vi har dei siste åra tydeleg sett at for mykje forskingstid i Noreg går med til å søkje om eksterne forskingsmidlar som svært få får gjennomslag for. Hard konkurranse om slike midlar svekkar også institusjonanes kapasitet til kontakt med regionalt og lokalt næringsliv og offentleg sektor. Også her er det eit stor behov for forsking og utvikling som UH-institusjonar bør og kan bidra med i større grad.
Om forskingstema og -prosjekt skjer langt frå kvardagen til folk og organisasjonar og også neglisjerer deira behov, vil det kunne skje ei framandgjering mellom innbyggarar og forsking. Dette kan svekke tillita til forsking.
Større grunnløyvingar og færre konkurransebaserte ordningar kan i sum føre til betre måloppnåing. Her kan ulike ordningar for ulike institusjonar prøvast ut. På sikt kan dette også styrke konkurranseevna i Horisont Europa ved at fagmiljøa får forske framfor for stort fokus på å skrive søknader.
3. Hva bør videreføres og hva bør endres ved målene i gjeldende langtidsplan?
Det bør verte endå tydelegare at forsking og utdanning innan humaniora og samfunnsfag er naudsynt i møtet med dei store samfunnsutfordringane. Vi kan ikkje berre stole på at teknologisk utvikling skal løyse problema for oss, men må også sjå på andre måtar å innrette liva våre på. Kreativitet og praktisk kunnskap er sentralt for å vere innovativ.
Forskingsrådets program kan virke breie, men i utlysings prosessen skjer det ei spissing som kan gjere det uråd eller svært vanskeleg å nå fram med viktige, meir overordna problemstillingar. Det er ikkje alltid klart korleis og kvifor ei slik spissing skjer. Slik spissing avgrensar også institusjonane og forskarane sitt høve til å velje tema. Eitt døme på tema som blir definert bort gjennom slike prosessar kan vere det breie arbeidslivet som til dømes profesjonanes vilkår. Konsekvensar av dei store endringane i arbeidslivet til dømes for den norske modellen ikkje blir forska på.
4. Hva bør videreføres og hva bør endres ved prioriteringene i gjeldende langtidsplan?
Det er uvisst kva framtida bringer og kva kunnskap som trengst. HVO ønsker at grunnforsking kjem inn som ein av prioriteringane. Grunnforsking kan også i større grad finansierast gjennom grunnløyvinga.
5. Hva slags opptrappingsplaner bør den nye langtidsplanen ha, og hvordan og på hvilke områder bør de innrettes?
I Horisont Europa viser EU forståing for at for å få eit konkurransedyktig næringsliv så må ein også legge vekt på kultur, kreativitet og inkluderande samfunn. Det vil vere naturleg å tenke seg at dette også blir gjenspeila i Langtidsplanen, både fordi dette er viktige og rette perspektiv, men også fordi det vil kunne styrke sjansane til å få gjennomslag for midlar frå EU. Institusjonane bør få større fridom til å utvikle framifrå fagmiljø der dei allereie har internasjonalt anerkjente fagmiljø, der det er viktig for samfunnsutfordringar og utdanningsporteføljen.
6. Er det områder som kan prioriteres ned eller mulige effektiviseringstiltak som kan iverksettes for å sikre handlingsrom til prioriterte opptrappinger?
Mindre rapportering kan sikre meir handlingsrom. Det trengst ei gjennomgang av rapporteringane slik at det sikrast at dei er på eit fornuftig nivå.
7. Hvis det skal utvikles virkemidler for samfunnsoppdrag/"missions" i Norge, hvordan bør de være innrettet, og på hvilke områder er samfunnsoppdrag særlig aktuelt?
Om det skal opprettast samfunnsoppdrag bør dei i størst muleg grad vere langsiktige og overordna i retning, og det bør overlatast til forskingsmiljøa å faktisk gjennomføre dei. Det krevst altså grunnleggande tillit og tolmod til forskarsamfunnet. Det er risikabelt både i eit fagleg og investeringsperspektiv om innretninga på fleirårige samfunnsoppdrag blir detaljstyrte ut frå aktuelle politiske kastevindar, kortsiktige økonomiske perspektiv eller sensasjonelle idear eller einskildresultat.
8. Hva er det viktigste som kan gjøres for å sikre høy tillit til forskningsbasert kunnskap i befolkningen?
Det er viktig å syte for at forskingsbasert kunnskap blir formidla på forståelege måtar til folk flest. Det betyr blant anna at ny forsking både må publiserast og kommuniserast på norsk slik at folk flest, profesjonsutøvarar, politikarar og andre som er interesserte i forsking kan forstå kva det handlar om. I jakta på internasjonal eksellens så kan det vere lett å gløyme at det er på heimebana grunnlaget blir lagt og i hovudsak både finansierer og er avtakar av ny kunnskap.
Eit tiltak som kan bøte på dette kan vere å forvente at forskingsresultat blir formidla på norsk ved at hovudresultat i det minste skal ha eit samandrag på norsk, og helst at både publisering og formidling på norsk både blir forventa og premiert.
Vidare utbygging av open tilgang til forskingsresultat kan vere eit viktig bidrag til det same.
9. Andre innspill.
Det er vanskeleg å sjå at planen har tydelege regionale perspektiv. Som kjent foregår ein stor del av verdiskapinga i regionane, medan dei statlege investeringane i forsking stort sett er konsentrert til nokre få sentrale strøk. Dette kan verke som eit hinder for innovasjon og utvikling ved at det kan bli for lang avstand mellom dei regionale, innovative bedriftene og dei sentraliserte laboratoria der ny kunnskap blir produsert. Regionale forskings og innovasjonssystem bør difor styrkast, og for å få til det må dei også aktivt omtalast i planen.