Forsiden

Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 09.09.2021

Høyringsuttalen frå Vestland fylkeskommune blir gitt med atterhald om politisk handsaming, slik at ho blir gitt innan høyringsfristen. Vestland fylkesutval skal handsame uttalen i møte 21. september 2021. Ved endring i gitt uttale blir dette ettersendt, som avtalt.

Hvilke endringer i samfunnet (eller i bestemte sektorer) gir behov for endringer eller forsterket innsats innenfor forskning og høyere utdanning i årene som kommer?

Klimakrisa og behovet for grøn omstilling reiser nye og store utfordringar innanfor forsking og høgare utdanning i åra som kjem.

I Utviklingsplanen for Vestland 2020-2024 er det vedteke at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. «Berekraftig verdiskaping» - vår regionale plan for innovasjon og næringsutvikling set retning for næringslivet i Vestland dei neste tolv åra.

Ambisjonane i planen er store. Planen har som hovudmål at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Planen har fire satsingsområde:

  • Grøn næringsutvikling
  • Innovative og inkluderande samfunn
  • Areal til næringsutvikling
  • Kompetanseutvikling i arbeidslivet

Det er spesielt innan grøn næringsutvikling og innovative og inkluderande samfunn at det trengst meir forsking og utdanningstilbod.

Vestlandet har naturgjevne føresetnader og relevant kompetanse til å ta ein leiande posisjon i det grøne skiftet. Noreg må bruke regionane sine erfaringar, teknologi og kunnskap – særleg innan havnæringane – til å utvikle nye og meir berekraftige produkt og tenester med verdi i marknaden. Slike regionale ressursar og føremon er nedfelt i fylkesvise smart spesialiseringsstrategiar (S3), men må også i sterkare grad bli reflektert i LTP. I Vestland er det spesielt berekraftig havbruk og fiskeri, grøn skipsfart inkl. verft og utstyrsproduksjon, havvind, karbonfangst, -lagring og -utnytting, hydrogen, batteriteknologi og berekraftig reiseliv som peikar seg ut som næringar med høgt vekstpotensiale gjennom det grøne skiftet. Felles for desse er at dei byggjer på erfaring og kunnskap frå ein lang industrihistorie knytt til kraftkrevjande industri, maritim teknologiutvikling og som leverandørar til olje- og gassindustrien. Arbeidet med å avdekke nye verdikjeder og forretningsmoglegheiter er ein kontinuerleg prosess, som gjer at vi må kunne omprioritere dei regionale satsingane. FoU-institusjonane må vere aktive deltakarar i slike prosessar.

Er det konkrete hindringer i det norske kunnskapssystemet som svekker måloppnåelsen for langtidsplanen, og hva kan i så fall gjøres?

utdanning og livslang læring i sitt geografiske område. Fylkeskommunane er ikkje nemnt i gjeldande langtidsplan. Fylkeskommunen si samordningsrolle er ei vesentleg brikke i det store maskineriet, og ei økt satsing her bør komme tydelegare fram i den reviderte planen. I Vestland har vi etablert både Næringsforum, FoU-forum og Kompetanseforum kor både universitet og høgskulane deltek, for å få til meir samordna og slagkraftige satsingar.

Det er behov for å orientere langtidsplanen sterkare mot moglegheitene som ligg i regionane, i næringslivet og arbeidslivet, og gjennom innsats som koordinerast på regionalt nivå. Revidert langtidsplan bør spegle at fylkeskommunane er regionale utviklingsaktørar med ansvar for å samordne politikk innan forsking- og høgare utdanning og kompetanse i sitt geografiske område.

Dette ansvaret er nedfelt i fylkestinga sine ambisjonar for samfunnsutviklinga i kvar region, kunnskapsgrunnlaget om fylka, og dei overordna fylkesstrategiane for kompetanseutvikling, næringsutvikling og FOU. Regionane har ulike næringsstrukturar og dermed ulike kompetansebehov. Arbeidet med forsking, utdanning og kompetanse må treffe dei ulike regionane sine behov og moglegheiter. FoU-institusjonane må få i oppdrag å støtte opp under dei prioriterte satsingane (S3) i den eller dei regionane dei er lokalisert både gjennom forsking og utdanning.

Fylkeskommunane har i rolla som regional utviklingsaktør lang erfaring med å legge til rette for samarbeid innan økosystemet for innovasjon. I Vestland har det til dømes vore stor aktivitet for å få fram regionalt viktige næringsklynger, forskingssenter, katapultar og kapasitetsløft. Denne koordinerings- og samordningsrolla er vesentleg for å involvere og utvikle viktige næringsmiljø i heile landet til å dra nytte av forskings- og innovasjonsverkemiddel både nasjonalt og innan EU. Slik mobilisering krev breitt nettverk, god forståing av regionale samanhengar og ei legitim rolle til å organisere samarbeide. Fylkeskommunane sin aktivitet på dette området møter regionale behov, men er i sum også av stor betydning for å realisere nasjonale målsetnader innan innovasjons- og forskingspolitikken. Det er derfor ønskjeleg med fleire regionale verkemidlar innan forskings- og høgare utdanningsområde.

Det er behov for ein meir heilskapleg tilnærming og betre koordinering av politikk for forsking og høgare utdanning og kompetanse.

God utdanning og livslang læring er ei viktig brikke både for å nå måla i LTP og FN sine berekraftmål. Vi skal arbeide for å fremje berekraftig og inkluderande økonomisk vekst, full sysselsetting og arbeid for alle. Då er vi avhengig av at arbeidslivet får kompetent arbeidskraft.

Forsking har vore grunnlaget for innovasjonar, og for å iverksette innovasjon er det behov for ny og ofte annleis kompetanse. Mange viktige norske innovasjonar har vært suksessfulle fordi dei både er utvikla og tatt ut i marknaden steg for steg av kompetente medarbeidarar i bedrifter som samarbeider med forskingsmiljøa. Kompetansen utviklar seg i ein større samanheng, frå grunnskule, via vidaregåande skule til høgare studiar og arbeidsliv. LTP bør i sterkare grad rette søkjeljos på «heilskaplege utdanningsløp» og ordningar som gjer overgangane mellom ulike steg i kompetanseutviklinga betre.

Samspelet mellom forsking, innovasjon og kompetanse er grunnlag for innovasjonar som har gjort Norge til eit av verdas rikaste land. Med det tempo som no er i den globale og digitale utviklinga er det eit sterkt behov for meir heilskapleg tilnærming og enda sterkare koplingar mellom forsking, innovasjon og utdanning/kompetanse.

Vi treng ei betydeleg satsing på forsking og utdanning, men også på livslang læring for å lukkast.

Kapasitetsløft er eit program i Forskingsrådet der prosjekta skal gi næringslivet tilgang til relevant forsking og kompetanse og styrke samarbeidet mellom forskings- og utdanningsmiljøa og næringslivet regionalt. Vi må legge til rette for slike kapasitetsløft i heile landet for å nå måla i det grøne skiftet.

Hva bør videreføres og hva bør endres ved prioriteringene i gjeldende langtidsplan?

Fylkeskommunen har ei viktig rolle i å mobilisere regionale aktørar til å ta i bruk forsking i sitt innovasjons- og utviklingsarbeid. Dette vert i dag mellom anna gjort gjennom dei fylkesvise Forregionprosjekta retta mot næringslivet og gjennom Regionale forskingsfond. Ordningane er populære og fylkeskommunane evner å nå ut – og mobilisere nye delar av offentleg sektor og næringslivet som ikkje har erfaring med forskingsbasert innovasjon.

Ved å vere til stade og tett på bidreg fylkeskommunane til å nå nasjonale kunnskapsmål på ein måte som supplerer – ikkje konkurrerer med dei nasjonale ordningane.

Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett varsla at mobiliseringsaktiviteten i FORREGION programmet skal overførast frå Forskingsrådet til fylkeskommunane, med ønske om å sjå dette arbeidet i samanheng med regionale forskingsfond. Dette legger grunnlag for auka satsing og ei sterkare kopling mellom mobilisering til forsking og finansiering av forsking på regionale utfordringar.

For å få til fornying og omstilling i offentleg sektor, ser vi et særleg behov for å styrke arbeidet med å mobilisere kommunar og kommunale etatar til å delta i kunnskapsutvikling gjennom forsking. Det er behov for å styrke Forregion ordninga slik at den også kan omfatte kommunal sektor.

Regionale Forskingsfond og FORREGION-programmet har tross gode resultat og

mange lovnader, ikkje fått påplussing i sine budsjett. Ved å styrke dei regionale verkemidlane for FoU vil ein og styrke forskingsevna i heile landet og bidra til meir langsiktig kompetansebygging innanfor regionalt prioriterte område. Samstundes blir det mobilisert fleire aktørar og verksemder til økt FoU-innsats.

I samband med langtidsplanen er det viktig å avklare kva arbeidslivet (inklusiv offentleg sektor) treng av forskingsinfrastruktur. Fylkeskommunane kan bidra til å leggje til rette for og vidare utvikle dette i dialog med utdannings- og forskingsorganisasjonane.

Vestland fylkeskommune ønsker derfor ei sterkare vektlegging i LTP av fylkeskommunen sin rolle i den nasjonale forskingspolitikken.

Både Distriktsnæringsutvalget (NOU 2020:12) og Demografiutvalget (NOU 2020:15) slår fast at det desentraliserte utdanningstilbodet må styrkast. Dette gjeld både grunnutdanningar og etter- og vidareutdanning. Demografiutvalget skriv at utdanningssystemet må ha ei tydeleg distriktspolitisk oppgåve med å bidra til god tilgang på nødvendig kompetanse. Særleg viktig er det å sikre god tilgang på kompetanseheving i arbeidslivet i distriktsområder som i mindre grad kan basere seg på å rekruttere ny arbeidskraft for å få tilgang på rett kompetanse.

Insentivsystemet og finansieringa av universiteta, høgskolane og høgare yrkesfagleg utdanning bør utformast slik at det stimulerer til desentraliserte studietilbod. Fylkeskommunen med sin regionale kjennskap og kunnskap bør ha ei sentral rolle i utviklinga av desentraliserte studietilbod.

Fylkeskommunane skal sørge for at det vert gitt tilbod om høgare yrkesfagleg utdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Grunngjevinga for at dette ansvaret er lagt til fylkeskommunane er forankra i det koordineringsansvaret som forvaltningsnivået har på kompetansefeltet, noko som også Stortinget la vekt på ved behandling av fagskolemeldinga:

«Stortingets flertall mener at fagskolene er et viktig redskap for å utvikle kompetanse som regionene har behov for, og at det er regionene som best kjenner utfordringene og behovene i næringslivet.»

Nasjonale myndigheiter har satt som mål at høgare yrkesfagleg utdanning skal bli ein større og viktigare del av det norske utdanningssystemet. Årsaka er at det er et aukande behov for personar med praksisbasert yrkesfagleg kompetanse i det norske arbeidslivet. Høgare yrkesfagleg utdanning ved fagskolane gir kompetanse i praksisbaserte utdanningar. Dette er eit viktig alternativ til universiteta og høgskulene sine forskingsbaserte akademiske utdanningar. Samstundes vil det sjølvsagt også framover vere behov for å sikre rekruttering av kandidatar til arbeidslivet frå universitets- og høgskolesektoren.

Langtidsplan for forsking og høgare utdanning viser til ambisjonar om å mellom anna legge til rette for vekst i samla verdiskaping og nye lønsame arbeidsplassar, omstille norsk økonomi og gjennomføre det grøne skiftet. Vidare er ambisjonen å oppfylle Noreg sine klimaforpliktingar og delta i den globale dugnaden for ei meir berekraftig verd.

LPU peiker med det på viktige samfunnsutfordringar som Noreg vil møte i framtida og legg vekt på forsking, høgskule og universitet for å løyse desse utfordringane. Vestland fylkeskommune saknar eit heilskapleg blikk på utdanningssystemet. Mellom anna blir det ikkje peika på forholdet mellom universitet, høgskule og fagskule. Dei ulike utdanningsinstitusjonane speler sine roller sett opp mot samfunnsutfordringane beskrive i planen. Då er det naudsynt og naturleg at også høgare yrkesfagleg utdanning gjennom fagskulane blir tematisert og plassert i langtidsplanen.

Fagskulelutdanninga gir etterspurt kompetanse som kan takast i bruk direkte i arbeidslivet. For å sikre tilstrekkeleg og riktig kompetanse i arbeidslivet er det naudsynt med tett samarbeid mellom alle utdanningsnivåa, inkludert fagskulenivået. Det er i dette samarbeidet aktørane kan fange opp kva behov som finst og adressere dei. Då må også fagskulen ha ein plass i langtidsplanen.

Eitt av kjenneteikna på dagens arbeidsliv er eit aukande behov for livslang læring. Fagskulane må vere sentrale i ei kompetansereform der menneske skal lære heile livet for å styrke omstillingsevne, innovasjon og kompetanse i verksemdene. Det er naudsynt at fagskulen er tematisert i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning der det blir lagt til grunn ein politikk som tydeleggjer forholdet mellom vidaregåande opplæring, fagskule og universitets- og høgskulesektoren. Fagskulen speler ei sentral rolle i å legge til rette for verdiskaping og nye lønsame arbeidsplassar, omstilling av norsk økonomi og å gjennomføre det grøne skiftet, slik ambisjonsnivået kjem til uttrykk i Meld. St. 4.

På denne bakgrunn er det viktig å gjere gode avklaringar knytt til arbeidsdelinga og dimensjoneringa mellom høgare yrkesfagleg utdanning og høgare akademisk utdanning. Slike avklaringar krev eit tett samarbeid mellom de utdanningsnivåa. Dette samarbeidet må bli omtala i langtidsplanen.

Det er forventa at det i løpet av 2021 blir gjort endringar i lov- og regelverket for høgare yrkesfagleg utdanning. Endringane er venta å legge til rette for at fagskolane kan tilby utdanningar som er enda betre tilpassa arbeidslivet sine kompetansebehov, bl.a. ved at grensa på 30 studiepoeng for akkrediterte utdanningar vert fjerna. Ei slik endring vil forsterke ei av fagskolane sine store føremoner: at dei raskt kan tilby utdanning tilpassa konkrete kompetansebehov, og som «gir kompetanse som kan tas i bruk i arbeidslivet uten ytterligere opplæringstiltak.»

Hvis det skal utvikles virkemidler for samfunnsoppdrag/"missions" i Norge, hvordan bør de være innrettet, og på hvilke områder er samfunnsoppdrag særlig aktuelt?

Samfunnsoppdrag/«missions» er særleg aktuelt for å løyse store, tverrsektorielle utfordringar og for å gjere store teknologiske løft. Slike utfordringar er samansett og krev ein ny type samarbeid og «governance». Samstundes krev dei at verkemiddel og støttefunksjonar spissar sin aktivitet inn mot konkrete oppgåver med ei tydeleg prioritering av ressursbruken som er målretta og tidsavgrensa. Dette føresett ein offentleg sektor som er villig til å gjere tydelege faktabaserte prioriteringar som iverksett og støtter opp under dei tiltaka som har høgst potensiale for å bidrege til å løyse samfunnsoppdraget.

Eventuelle verkemiddel bør derfor gi høve til å bygge økosystem og nye modellar for samarbeid. Verkemiddel kan også førebu aktørar til ein mogleg deltaking i samarbeidsprosjekt under Horisont Europa Missions. Eventuelle regionale verkemiddel for slike prosjekt må setjast i samanheng med resten av verkemiddelapparatet. Desse er store krevjande prosjekt som også krev støtte i planleggingsfasen.