Høringssvar fra Øyvind T. Eliassen

Dato: 28.02.2021

Forslaget «Forlengelse av midlertidig lov om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen og midlertidige bestemmelser i utlendingsloven» må avvisast. Det er ingen gode årsaker til at det skal vedtakast.

Det er eit sentralt punkt at norske styresmakter har bevisbyrden når dei stengjer ned landet, og på dette viktige området har styresmaktene feila. Styresmaktene har ikkje underbygd eller sannsynleggjort behovet for nedstenginga av samfunnet eller for innreiserestriksjonane. Det har i staden kome mykje ugrunna skremsel gjennom sentrale media i samband med Covid-19, og mange har vorte redde og bekymra som følgje av dette.

Med manglande bevisføring frå styresmaktene kan vi i staden velje å drøfte oss gjennom restriksjonane som er innførte gjennom dei siste 11+ månadane, drøfte oss gjennom medisinske realitetar og anna, men vi må ikkje la oss forlede til å tru at det er folket som har byrden med å bevise at tiltak og restriksjonar er lite haldbare og uforholdsmessige, eller ikkje. For å gjenta: bevisbyrden vedkomande gyldig grunnlag for restriksjonar ligg på styresmaktene, og her har styresmaktene feila. Det er heller ikkje tilfredsstillande når det frå styresmaktene sin side vert «argumentert» for inngripande restriksjonar med «vi vet ikke» eller at restriksjonar vert innførte «for sikkerhets skyld». Dette er ikkje gyldig grunn til å rasere livsverk, næringsliv, oppvekstvilkår, helse og viktige samfunnsfunksjonar. Med dette i minne vil det likevel vere nyttig å sjå nærare på nokre sentrale moment ved saka. No i februar 2021 veit vi mykje meir vedkomande Covid-19 enn i mars 2020.

Overlevingsraten for Covid-19, for befolkninga sett under eitt, er på omlag 99,9%. Det er ikkje presentert prov eller nokon god forklaring for kvifor dette på nokon måte skulle vere dramatisk alvorleg eller truande. Dette er tvert om tal for ein lite unormal, årleg virussesong, der vi normalt har eit årleg snitt på omlag 900 avlidne personar i Noreg. For virussesongen 2017-2018 vart det til dømes estimert rundt 1400 influensa-relaterte dødsfall, og for influensasesongen 2016-2017 ca 1700 døde i Noreg.

Aldersfordelinga for registrerte avlidne med Covid-19 er nær identisk med aldersfordelinga for avlidne registrerte med andre dødsårsaker i samfunnet. Ingenting synleg dramatisk heller her, anna enn at dette faktum kanskje vert underkommunisert. Gjennomsnittsalder for avlidne med Covid-19 som registrert dødsårsak er på 82+ år, mao omlag samanliknbart med forventa levealder i landet.

Eit sentralt punkt er testregimet som vert brukt. Dette er særskilt viktig sidan det er fundamentalt i forteljinga om Covid-19-«pandemien». Det vert dagleg meldt om såkalte «smitta», men der det ikkje vert rapportert det faktum at få og ingen faktisk vert sjuke eller døyr. Antal avlidne med Covid-19 som registrert årsak vart i første periode av nedstengingane rapportert i detalj av massemedia, men då tala svann, snudde rapporteringa over til heller å fokusere på «smitta» personar, eller «smittetilfeller». Dei fleste såkalte «smitta» er ikkje smitta slik ein lege definerar ein smitta, sjuk eller smittsam person, men snarare ein person som har avgitt ein positiv koronatest, der dei fleste er asymptomatiske, friske og intetanande om «smitten».

Den såkalla PCR-testen (Polymerase Chain Reaction) er den som har vorte brukt verda over for å teste for «SARS-CoV-2»-viruset. PCR-testen sjekkar for eit lite fragment av eit mykje større virus, aktivt eller ikkje, og dette vesle fragmentet er ikkje unikt for SARS-CoV-2. Dr Jesus Garcia Blanca har rapportert at meir enn hundre kjende bakteriar inneheld det angivelege fragmentet av SARS-CoV-2 som PCR-koronatesten «sjekkar» for. Også 74 sekvensar av det menneskelege genomet er identisk med SARS-CoV-2-fragmentet som PCR-testen «sjekkar» for!

Av dei meir enn 100 ulike bakteriane som har genom-sekvensar identisk med fragmentet som PCR-testen «sjekkar» for, finn vi mellom andre: Shwanella marina JCM, Dialister succinatiphilus, Lactobacillus porcine, Lactobacillus manihotivorans, Leptospira sarikeiensis, Bizionia echini, Sanguibacteroides justesenil, Bacteroides massiliensis, Lacinutrix venerupis, Moraxella bovis, Leptospira saintgironsiae, Winogradskyella undariae, Acetobacterium puteale, Chryseobacterium hispanicum, Paenibacillius koleovorans, Tamiana fuccidanivorans, Fontibacillua panacisegetis, Ru bacter ruber , Skemania piniformis, Chryseobacterium shigense, Caloramator peoteoclasticus, Cellulosilyticum ruminicola, Nitrosopumilius evryensis, og altså ein lang liste andre.

Kary B. Mullis, Ph.D, som i 1993 fekk Nobelprisen i Kjemi for oppfinninga av PCR-teknikken, var heilt frå starten av tydeleg på at PCR-metoden er ueigna og verdilaus for klinisk testing og diagnostisering. Stephen Bustin, ein av verdas leiande ekspertar på PCR-teknikken, påpeikar at under gitte tilhøve kan kven som helst teste positivt med den. Vidare, PCR-testen er ifølgje Dr. Anthony Fauci og andre fagpersonar heilt upåliteleg ved meir enn 35 doblings-syklusar (RT), og likevel vert det anbefalt at testlaboratoriane køyrer 40 eller fleire syklusar. I Noreg brukar ein 40+ syklusar (jfr FHI). Ved testing av folket vil 94%-97% av eventuelle positive testsvar vere feilaktige, falske positive. Brorparten av menneske som testar positivt på PCR-testen er friske menneske, men vert rapportert som Covid-19-«tilfeller», gjerne med daglege, skræmande meldingar i media.

PCR-testen vart den 23. januar 2020 lansert av Eurosurveillance (eurosurveillance.org) som metoden for testing vedkomande forekomst av 2019-nCoV/SARS-CoV-2. Bakgrunnen var den såkalte Corman-Drosten-rapporten som vart sendt til Eurosurveillance to dagar tidlegare, den 21. januar 2020, og som vart godkjent for publikasjon der dagen etterpå, den 22. januar 2020. To av forfattarane til Corman-Drosten-rapporten, Christian Drosten and Chantal Reusken, sat i redaksjonen til Eurosurveillance; eit forhold som inneber ein alvorleg interessekonflikt i forskingsverda, kjend under omgrepet kompromittert vitenskapeleg integritet. Det kan nemnast at Verdas Helseorganisasjon (WHO) publiserte versjon 1-0 av protokollen på who.int den 13. januar 2020, og med ein oppdatert versjon (dokumentversjon 2-1) den 17. januar 2020, altså før den vart publisert av Eurosurveillance.

Corman-Drosten-rapporten vart publisert utan å vere fagfellevurdert. Den har imidlertid vorte eksternt fagfellevurdert seinare, og fagfellevurderinga vart publisert den 27. november 2020. Den viser til 10 alvorlege feil med Corman-Drosten-rapporten, vitskapelege og tekniske feil, og med ein slik alvorsgrad at det vert kravd av Eurosurveillance at Corman-Drosten-rapporten vert trekt tilbake. Fagfellevurderinga kan lesast på https://www.cormandrostenreview.com/report/ .

Forfattarar for fagfellevurderinga av Corman-Drosten-rapporten er Pieter Borger, Bobby Rajesh Malhotra , Michael Yeadon (tidlegare Chief Scientist i Pfizer), Clare Craig, Kevin McKernan, Klaus Steger, Paul McSheehy, Lidiya Angelova, Fabio Franchi, Thomas Binder, Henrik Ullrich, Makoto Ohashi, Stefano Scoglio, Marjolein Doesburg-van Kleffens, Dorothea Gilbert, Rainer Klement, Ruth Schruefer, Berber W. Pieksma, Jan Bonte, Bruno H. Dalle Carbonare, Kevin P. Corbett og Ulrike Kämmerer.

Vidare, den portugisiske ankedomstolen Acórdão do Tribunal da Relação de Lisboa avsa den 11. november 2020 dom på at PCR-testen er upåliteleg og gjev 97% falske positive resultat (ved 35 syklusar), og at det å pålegge ein person karantene/isolasjon med bakgrunn i resultat frå ein slik positiv PCR-test er ulovleg. Liknande dom er avsagt i Belgia den 28. oktober 2020 (ankedomstol i Brussel).

Så, saka for dagens PCR-testregime ligg i grus, og dette vert også påpeika av fagpersonar verda over. Bløffen er avslørt og dokumentert. Keisaren er utan klær. Er ikkje norske styresmakter klar over dette? Veit ikkje Bjørn Guldvog dette? Veit ikkje Camilla Stoltenberg dette? Veit ikkje Bent Høie dette? Veit ikkje Erna Solberg dette?

Og utan bruk av den feilaktige PCR-testen, kor mykje er att av Covid-19-«pandemien» i dag, når ingen uvanleg høge tal av sjukdom eller død for Covid-19 vert registrert, og influensasjukdom offisielt ikkje er registrert for sesongen, men berre angiveleg «alarmerande» smittetal for Covid-19, inkl med «muterte» viri, for friske menneske etter testing med PCR-metoden? Vel, der influensa no ikkje lenger har registrert nokon tilfeller i Noreg vert det i staden registrert såkalte «tilfeller» av Covid-19, og berre i mindre grad enn for vanleg sesonginfluensa. Og, offisielt grunngjeve med Covid-19 ved hjelp av ein avskilta PCR-test raserer styresmaktene no næringsliv, helse og samfunn. Skandalen er eit faktum.

Pandemi-beskrivelsen hjå WHO vart endra i mai 2009 til å ikkje lenger innehalde noko krav til antal/grad av døde for WHO å kunne erklære pandemi. Teksten «enorme antall dødsfall og sykdom» vart fjerna frå pandemi-definisjonen. Det er såleis ikkje noko i vegen for WHO til å erklære pandemi sjølv ved eit mildt virusutbrot. «Covid-19-pandemien» var i hovudsak over i Noreg i mai-juni 2020, med få eller ingen sjuke eller døde etter dette.

Det kan nemnast at det er avsagt dom også i fleire andre europeiske land som kjenner innførte restriksjonar og påbod ulovlege, til dømes ved:

- Tribunal i Toulouse, Frankrike, 24. desember 2020: maskepåbod er ulovleg.

- Høgsterett i Bosnia-Hercegovina avsa dom 20. desember 2020 på at munnbindpåbod og bevegelsesrestriksjonar er ukonstitusjonelt.

- Høgsterett i Austerrike, 23.desember 2020: maskepåbod mot born er ulovleg.

- Domstol i Berlin, Tyskland 16. oktober 2020: stenging av restaurantar og barar er uproporsjonale tiltak.

- Madrid, Spania 8. oktober 2020: delvis Lockdown for Madrid avvist av retten.

Lockdown, eller Lock Step som det heiter i Rockefeller Foundation sin rapport «Scenarios for the Future of Technology and International Development» som kom ut i 2010, er falsifisert som eit smittereduserande tiltak. Ein oversikt over studiar for dette kan finnast t.d. på https://planetlockdownfilm.com/2021/01/studies-showing-lockdowns-do-not-work/ . Det synest populært å samanlikne særskilt Noreg (Lockdown) og Sverige (ikkje Lockdown) isolert, men når ein analyserer data for verda dei siste 11+ månader så er det ingen korrelasjon. Om ein skal samanlikne to elles samanliknbare områder, så kan ein sjå på likskapar og ulikskapar mellom til dømes Nord-Dakota og Sør-Dakota i USA. Nord-Dakota har hatt Lockdown, medan Sør-Dakota ikkje har hatt Lockdown. Utviklinga av sjukdom og avlidne med Covid-19 som registrert årsak har vore samanliknbare i desse to statane, med unntak av at dødstala steig tydeleg i Nord-Dakota etter at dei innførte påbod om bruk av munnbind. Vidare, å samanlikne t.d. Storbritannia (Lockdown) med Sverige (ingen Lockdown) er også oppklarande. Her ser vi at utviklinga for sjukdom og død for desse to nasjonane er like, men med litt høgre tal for sjukdom/død pr 100 000 pers i Storbritannia (som altså har Lockdown).

For Sverige, så var virusdød pr million i 2020 mindre enn for virussesongane 1993, 1988, 1976, 1931 og ikkje minst 1918. Og Sverige hadde elles ein markant underdødelighet i virussesongen før Covid-19, som gjer seg utslag motsatt veg året etter under Covid-19. Så kvifor rasere samfunnet med uproporsjonale restriksjonar og Lockdown i 2020? Eller i 2021?

Restriksjonane som styresmaktene har pålagt samfunnet vårt tek mange liv og ruinerer og øydeleggjer for mange, og det å halde fram med slike vil ikkje ta færre liv eller gjere anna godt for oss. Tvert om. Og det rettslege grunnlaget for restriksjonane kan verte prøvd for domstolane også i Noreg. Prof. Jur. Hans Petter Graver vurderer at restriksjonane i Noreg ikkje står seg mot lovverket som gjeld. Og det «å berre følgje ordre» vart av Nurnberg-domstolen etter andre verdskrigen kjend ugyldig som forsvar, så utfallet av komande rettssaker vil kunne verte overraskande for dei som held fram med ulovlege tiltak i Noreg.

Fjern dei øydeleggjande, urimeleg inngripande og uproporsjonale restriksjonane i samfunnet straks. Ignorer Klaus Schwab i World Economic Forum (WEF) sin innstendige oppfordring om å køyre Lockdown til økonomien ligg heilt i ruinar slik at den skal kunne byggjast opp att i hans, WEFs og likesinna sitt ønskjebilete, der privat- og offentleg sektor er smelta saman (korporatisme/fascisme), og sjølvstendige nasjonalstatar er historie. Ignorer WEF sin oppfordring om å bruke alt av nasjonale finansielle ressursar på å halde oss i karantene, isolasjon, Lockdown og portforbod til det uttalte målet er nådd. Ignorer Schwab sin sterke oppfordring om at vi aldri skal tilbake til fridomen og normalen som vi kjenner frå før Covid-19. Stå opp mot Klaus Schwab og Thierry Malleret sin Great Reset slik dei skildrar det m.a. i boka som dei publiserte i 2020, COVID-19: The Great Reset.

Påstanden i høyringsnotatet pkt 2.1, sitat «Koronaviruset er fremdeles en trussel mot folkehelsen [...]» er ikkje underbygd, men samsvarar godt med politiske linjer a la Klaus Schwab, WEF og likesinna, og samsvarar lite og inkje med røynda slik drøftinga i tilsvaret mitt syner. Mi kjæraste på niande året er ikkje norsk, og ho bur og har sitt arbeid utanlands. Pga dei grunnlause innreiserestriksjonane som ligg Guldvog, Stoltenberg, Høie og Solberg med likesinna sine hjarter så nær og som er utan underbygnad, kan mi kjære ikkje lenger gjeste meg i Noreg, og eg/vi er såleis direkte berørte også på dette viset. Så igjen, «Forlengelse av midlertidig lov om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen og midlertidige bestemmelser i utlendingsloven» må avvisast. Det er ingen gode årsaker til at forslaget om forlengjing skal vedtakast. Stans denne skandalen no.