Høringssvar fra Liv Oma

Dato: 04.03.2022

Eg er sterkt kritisk til etablering av eit A-lag og eit B-lag i det norske folk ved hjelp av eit såkalla vaksinesertifikat.

For oss som har levd ei god stund, har vi i alle år vore stolte over å leva og bu i eit fritt og demokratisk styrt land der menneskerettar, menneskeverd og etikk har vore halde høgt i samfunnet, og djupt respektert i heile vårt styresett og lovverk. Norge har også prøvt å framstå som eit føregangsland som ein demokratisk rettsstat for andre på dette området.

Eg nøyer meg her med å nemna artikkel 1 i FN sin menneskerettserklæring: «Alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar»

Vi har fritt vaksinevalg i Norge. Det inneber mellom anna at vi har eit personleg ansvar for eiga helse, og for kva helsehjelp vi vel å ta i mot. Vaksine er eit medikament, og vaksinering er ei medisinsk behandling som krev informert samtykke. Dette vart internasjonalt anerkjent som en menneskerett som følgje av rettssakene som blei ført i Nürnberg etter andre verdskrigen.

Det er mange ulike personlege grunnar til at folk gjer valet om å takka nei til, eller utsetja litt inn i framtida, å la seg injisera med denne vaksinen, eller evt andre framtidige medikament. Dette er ein rett vi har.

Eg kan ikkje finna dokumentert vitskapeleg at framvising av eit vaksinesertifikat kan hindra smittespreiing. Dette seier også våre helsemyndigheiter.

Folkehelseinstituttet anbefaler ikkje koronasertifikat, og seier at det er problematisk at dette i si tenkte utforming ikkje harmonerer med dei vaksinasjonsråd som er gitt i Norge, slik at ei stor gruppe menneske vil kunna komma til å vaksinera seg av andre enn medisinske årsaker.

Å ha mulegheit for innføring av koronapass som eit beredskapstiltak i smittevernloven verkar inngrpande. Det må vera mykje viktigare å sikra beredskap ut frå erfaringane om kva som mangla då det vart erklært pandemi og samfunnet stengt ned i Norge 12.3.2020

Det er ikkje greitt at det no blir planlagt av regjeringa og helsemyndigheitene våre at vi alle, uansett vaksinestatus, skal kunna avkrevjast/måtta visa fram private person- og helseopplysningar til ulike samfunnsinstitusjonar, både med og utan autorisasjon og/eller teieplikt, for å ha rett til å delta i samfunnets normale aktivitetar, arbeid og samkvem. Rettar som før 12.3.2020 var ein sjølvfylgje for alle busette i Norge. Regjering, storting og helsemyndigheiter bør ha respekt for - og tillit til - eige folk, og vera seg bevisst eige ansvar andsynes den tilliten dei er gjevne.

Segregering, frykt, tvang og kontroll av eige folk er ikkje løysinga hverken på kort eller lang sikt. Det verkar svært underleg, ja beint fram skammeleg, at dette er løysingar som våre leiarar og myndigheiter meiner er nødvendige å implementera i lovs form i 2022.

NEI til vaksineplikt og koronasertifikat!