Høringssvar fra Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Dato: 19.03.2022

Høyringssvar frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus oppfattar at høyringa om forlenging av midlertidig forskriftsheimel for handtering av koronapandemien i smittevernlova og helseberedskapslova (isolering, smittekarantene, innreisekarantene, tilgang til medisinsk utstyr og personleg verneutstyr) ikkje inneheld vesentleg ny tekst og at tidlegare innsendt høyringssvar frå Helse Bergen framleis står seg.

Helse Bergen meinar det verkar rimeleg å behalde dei midlertidige forskriftsheimlane i ein utvida men likevel avgrensa periode dersom pandemisituasjonen på nytt skulle forverra seg. Terskelen for å innføra nye forskriftsfesta smitteverntiltak bør vera høg. Isolering og karantene er inngripande tiltak og smittevernlova § 1-5 stiller strenge krav til at smitteverntiltak heimla i forskrift skal ha ei klar medisinskfagleg grunngjeving, vera nødvendig av omsyn til smittevernet og stå fram som tenleg ut frå ei heilskapsvurdering. Erfaring frå covid-19-pandemien er at smitteverntiltak iverksett av kommunar og statlege helsestyremakter må vera samordna og det må stillast strenge krav til oppretting av lokale forskrifter. Tilgjengeleg smittevernfagleg kunnskap må ligga til grunn for tiltak i opne og grundige vurderingar, og smittefrykt må ikkje påføra samfunnet eller enkeltpersonar meir ulempe enn nytte.

Dersom Helse- og omsorgsdepartementet ser for seg ein varig heimel for isolering og smittekarantene i smittevernlova (§ 4-3) uavhengig av covid-19-pandemien må dette handsamast spesielt. Det er stor skilnad på dei ulike sjukdomane i kategorien allmennfarleg smittsam sjukdom, og alle sjukdomar i kategorien allmennfarleg smittsam tilstand kan ikkje handterast likt. Rettar, plikter og tiltak kan ikkje knytast likt og overordna opp til den einskilde sjukdomen utan grundig gjennomgang. Dette gjeld også for covid-19, uavhengig av om sjukdomen er kategorisert som allmennfarleg smittsam eller ikkje.

Marta Ebbing, fagdirektør, Forskings- og utviklingsavdelinga

Dorthea Hagen Oma, smittevernoverlege, Seksjon for pasienttryggleik