Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 620016

Dato: 21.03.2022

Viss vi ikkje stemplar dei juridiske og etiske feilslutningane som vart brukte til å rettferdiggjere tvangstiltak som totalt uforsvarlege brot på grunnlovsrettane våre, så vil vi i vanvare normalisere den uliberale ideen om at så lenge nokon i lab-frakk seier det er greit, så kan det gjerast mot oss igjen når som helst, enten det er for å nedkjempe neste Covid-bølge eller å fjerne fridommar for å kjempe mot «klimaendring», kverrsette eigedom for å løyse ei statsgjeldskrise, eller berre manipulere utfall så dei passar til det leiarane våre definerer som ei «rettvisare verd med meir likeverd».

Korleis vi navigerer slutten på tvangstiltaka vil bestemme om vi vinn fridommen vår eller i staden lar leiarane våre normalisere ei "Vidunderleg ny verd" med vilkårsbundne rettar som kan skruast av att under neste «krisesituasjon».

Viss ikkje legitimiteten til tvangstiltaka blir vraka, vil vi aldri kome tilbake til våre normale liv. Vi vil ikkje lenger feire mangfaldet, kultivere individualiteten vår eller ta våre eigne frie val. Berre konformiteten vil la den einskilde eksistere. Eg vil ikkje leve under eit regime der ei ny «krise» kan tene som rettferdig-gjering for å påtvinge restriksjonar på dei som ikkje «følger programmet». Då vil vi ikkje lenger ha råderett over eigne liv, og politikarar har gjort seg sjølve til fiender av folket.