Høringssvar fra Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Dato: 01.12.2021

Forslag om endringer i forskrift 27. april 1998 nr. 455 - høyringssvar frå Helse Bergen

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er samd i at det gjeld å ha tilstrekkeleg kapasitet i helsetenesta til å vaksinere befolkninga mot covid-19 så snart som mogleg, og at fleire typar helsepersonell må kunne bidra med å rekvirere og setje vaksiner, og registrere i pasientjournal og i SYSVAK.

Helse Bergen har støtta å gi sjukepleiarar midlertidig rekvireringsrett for vaksiner mot covid-19, og har støtta å gje farmasøytar i kommunar og apotek midlertidig rett til å rekvirere vaksiner mot covid-19 som ledd i vaksinasjonsprogrammet mot covid-19.

Helse Bergen meiner ordninga med midlertidig rekvireringsrett for sjukepleiarar og farmasøytar bør forlengast inntil vidare, og i alle høve til heile befolkninga har fått tilbod om alle dosar i fyrste runde av vaksinasjonsprogrammet mot covid-19.

Marta Ebbing, fagdirektør

Forskings- og utviklingsavdelinga

Marion Neteland, rådgjevar

Forskings- og uviklingsavdelinga