Høringssvar fra Surnadal kommune

Dato: 03.11.2021

Høyringssvar frå Surnadal kommune:

Formannskapet har behandlet saken i møte 26.10.2021 sak 80/21

Formannskapet sitt vedtak

Surnadal kommune sitt høringssvar på «forskrift for tilskudd til frivilligsentraler, blir sendt til kulturdepartementet

Høyringssvar:

Surnadal kommune meiner at modell 4 er den mest berekraftige modellen, der sjølvråderetten til kommunen blir respektert og det er muleg å utvikle den frivilligsentralen som allereie eksisterer i kommunen.

Vidare er forskrifta for det meste heit grei. Men ein kan sjå at det er visse utfordringar til å skrive ei felles forskrift for det som er summert opp i §7b:

- være organisert under og driftes av en kommune,

- en eller flere virksomheter registrert i frivillighetsregisteret og/eller

- et samvirkeforetak der samtlige medlemmer er kommuner og/eller

- virksomheter registrert i frivillighetsregisteret

Disse «organisasjonane» har forskjellig driftsform, difor vil nokre av dei vidare punkta i §7 bli litt utfordrande, slik som til dømes punktet om eige styre. Styret i ein frivillig organisasjon har eit mandat og kan styre til det beste for frivilligsentralen, altså stor grad av sjølvstyrerett for styret i Frivilligsentralen. Når frivilligsentralen er organisert under og drifta av ein kommune, vil styret til frivilligsentralen vere mindre autonom, men kan ha ein funksjon som forankrar samarbeidet mellom kommune og frivilligheita, noko som er viktig. Så vil det bli opp til den enkelte organisasjon å bestemme mandatet til styret.

Andre ting som å kan ha ein tolkingsvariant er dette med at det er eit krav at frivilligsentralen står i frivilligregisteret, ein kommune kan per. definisjon ikkje stå i det registeret.

Surnadal kommune meiner det er viktig med «Klart Språk», når forvaltninga lager forskrifter, slik at det blir lagt til rette for eit godt samarbeid mellom det offentlege og frivilligheita.

Vedlegg